Sniktitt

Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 2

Ein moden ninja

Det nyaste leddet i sagaen om Naruto kan raskt bli det beste.

Det er ikkje alltid ein verkeleg sperrar auga opp, men det gjorde eg altså raskt i løpet av dei første minutta med det nye Naruto-spelet som har eit så langt namn at eg vel å berre kalle det Naruto 2. Det er ikkje dei ekstremt lekre filmsekvensane eg tenkjer på no. Vi har sett flotta filmsekvensar før, og sjølv om desse er baserte på grafikkmotoren veit vi alle at slike ting kan fiksast på. Nei, det er noko heilt anna som fekk meg til å sperre auga opp. Grafikken i Naruto 2 er rett og slett nydeleg. Eg har aldri før sett eit spel som er så vanvittig nær ein teikneserie før, og det ironiske er at grepa som er tekne for å få dette til er av ein svært gammal sort.

Kampane i Naruto er noko litt utanom det vanlege.
Bandai Namco

I staden for å slavisk arbeide for å få 3D-områder til å sjå ut som om dei er i 2D, har CyberConnect2 valt å la 2D vere 2D. Når du spring rundt i Leaf Village blir du møtt av nydelege handteikna bakgrunnar som får fram landsbyen på ein måte ingen av dei mange spela om Naruto har fått til før. Det er direkte nydeleg, og det er så nær animeserien spelet er basert på som det er mogleg å kome.

Samtidig kastar det ei heilt unik stemning over spelet. Du er naturleg nok ikkje like fri til å gå kvar du vil, men kvart område har ein heilt spesiell sjarm som er vanskeleg å få til når kvart enkelt objekt skal modellerast for hand. Naruto si verd bognar over av detaljar, og dei flotte maleria som presenterer kvart områda byr på mange ting du kan feste auga dine på. Samtidig nyttar spelet svært god bruk av lagvis panorering som sørgjer for at det heile likevel framstår som noko tredimensjonalt.

Det einaste som ikkje dreg nytte av desse nydelege bakgrunnane er kamparenaene og personane sjølv. Dei tredimensjonale områda er likevel bygd opp på ein så truverdig måte at du aldri får kjensla av å gå frå det eine til det andre. Alt glir over i kvarandre, og det er berre ein liten ting som hindrar spelet i å verkeleg vere den ultimate teikneseriespelet reint visuelt sett. På verken Xbox 360 eller PlayStation 3 har figurane – eller diverse objekt som skulle vere laga i 3D – merkbar kantutjamning. Dette er eigentleg ganske synd sidan alle dei reine linjene på 3D-modellane blir svært synlege.

Vask deg, sa eg!

Nokre år har gått

Naruto 2 har gått bort frå den originale sagaen om spirrevippen Naruto, og tek i staden føre seg Naruto Shippuden-serien som let oss møte Naruto og kompani etter at nokre år har gått. Historia ser ut til å ha fått mykje større fokus i Naruto 2 enn kva den fekk i det første Naruto-spelet til PlayStation 3. I staden for å plukke opp eitt og anna oppdrag frå ei liste og få små sekvensar som fortel historia på ein veldig overflatisk og stykkevis måte, er Naruto 2 bygd opp som ei blanding mellom eit rollespel og eit eventyrspel.

Du vandrar gjennom områda, undersøkjer ting du finn her og der, snakkar med ein og annan person i folkehavet, og tek ein tur innom dei forskjellige butikkane. Kort fortalt minner alt veldig mykje om korleis dei japanske rollespela var bygd opp under PlayStation-æraen. Framdrifta i historia ser òg ut til å skje på gamlemåten. Anten ved å snakke med folk eller ved å gå til bestemte område skjer forskjellige hendingar, og dette ser ut til å sørgje for at vi får eit spel med ei historie som faktisk engasjerer, noko det første Naruto-spelet aldri makta.

Sjølv om det er mykje som minnar om japanske rollespel i spelet, er kampane noko heilt anna. Her finn du ingen turbaserte kampar, og det ser heller ikkje ut til at du spring rundt og møter på fiendar sånn heilt utan vidare heller. Alle kampane eg har vore i så langt har vore dikterte av historia, og dette har gjeve kvar kampe ei god kjensle av å bety noko.

Døy på deg! Døy på deg, sa eg!

Slagkraftige duellar

Sjølve kampsystemet ser ikkje ut til å ha utvikla seg stort sidan sist, men det gjer eigentleg ingenting. Dette er eit lettare tilgjengeleg kampsystem enn kva du finn i dediserte slåssespel, men enkle kommandoar og kombinasjonar. Det som verkeleg set spelet ut frå andre spel om kamp – i tillegg til det førre spelet i serien – er vanvittige høgdepunkt der du må trykkje inn knappar på riktig tidspunkt for å vinne. Slike kampar er sjølvsagt ikkje noko nytt, men måten dei er regisserte på er definitivt ny. Dei er ekstremt intense og går unna i eit dramatisk tempo som engasjerer noko heilt enormt. I tillegg blir du gradert i forhold til kor rask du er i reaksjonen, og om du er veldig flink vil du kunne få sjå små tilbakeblikk midt i ein kamp.

Det høyrest kanskje rart ut å stoppe midtvegs i ein kamp for å vise eit filmklipp, men det fungerer faktisk veldig godt. I ein kamp der Sakura og Naruto skal vise trenaren deira Kakashi kva dei er laga av, vil Kakashi byrje å tenkje over kor mykje betre du har blitt, og kor langt Naruto har kome sidan dei to først møttest.

Les også
Anmeldelse: Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 2

Konklusjon

Sjølv om Naruto: Ultimate Ninja Storm for PlayStation 3 var eit godt spel, var det ikkje godt nok til å gå ned i historiebøkene. Som ein konsekvens av dette stilte eg meg ganske likegyldig til oppfølgjaren, og forventa ikkje stort i det eg putta disken i maskina. Min skepsis var derimot fullstendig ugrunna, og eg har blitt mektig imponert over det eg har prøvd så langt.

Det er enklare enn det ser ut til.

Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 2 ligg an til å bli eit flott spel som verkeleg bør gå rett heim hos alle som likar Naruto (meg inkludert). Historia har ein god driv, å springe rundt i landsbyen og dei nærliggjande områda er ei sann glede, og eit større fokus på å verkeleg fortelje ei historie sørgjer for at kvar kamp får større meining. Dette er eit spel alle som er glade i japansk animasjon bør sjå fram til, for det legg opp til å bli noko heilt spesielt.

Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 2 kjem i sal 15. oktober, for Xbox 360 og PlayStation 3.

Siste fra forsiden