Sniktitt

Prince of Persia: The Forgotten Sands

Lovande akrobatikk

Wii-prinsen likar ikkje brørne sine og går sine eigen veg.

At «Jøss, dette var eit pent Wii-spel» var noko av det første eg tenkte då eg spelte det nye Prince of Persia-spelet på Wii, er eigentleg eit ganske deprimerande faktum. Wii skal etter det eg har høyrt vere omlag like kraftig som to GameCube-maskiner surra saman med konstruksjonstape, og vil i så måte vere mykje kraftigare enn ein god gammal PlayStation 2. Difor burde Prince of Persia: The Forgotten Sands som eit pent Wii-spel vere pent i forhold til dei pene PlayStation 2-spela, men det er det eigentleg ikkje.

Sjølv om spelet er nokre hakk over det generelle Wii-spelet, ser det ut som eit ganske typisk PlayStation 2-spel. Prince of Persia: The Forgotten Sands er pent, men det er ikkje «Å Gud betre meg, Irisen min har «epileptisk anfall»-pent (du veit kva eg meiner). Det er heilt andre kvalitetar som gjer Wii-versjonen av Prince of Percia verdt å halde eit auge med.

Klar-ferdig-prins

I motsetning til sin storebror som brer flesket over mange plattformer, er ikkje Wii-prinsen eit problembarn. Der eg gjennom mine innblikk i Xbox 360-versjonen av det komande prinsespelet hadde mykje kritikk å kome med, har eg i denne omgang mykje ros på lager.

Wii-versjonen er ikkje det same spelet som du finn på Xbox 360, PlayStation 3 og PC. Historia ser ikkje ut til å vere den same, og så langt har eg ikkje møtt på noko eg har sett i Xbox 360-kopien. Spelet er kjapt, responsivt og oversiktleg. Der eg i den andre versjonen ofte hadde store problem med å sjå kvar eg skulle hoppe, sidan kameraet var min fiende, er Wii-versjonen praktisk talt desperat etter å vise meg vegen. Dette er kanskje eit forsøk på å appellere til dei som ikkje spelar veldig mange spel, og i så fall vil eg seie det er ein veldig vellukka vri.

Den først detaljen er ganske bagatellmessig, men kjem likevel godt med. Når du klatrar mellom søyler og kastar deg frå den eine stanga til den andre, kan du skifte til det utviklarane kallar gudesyn. På godt norsk snakkar vi om å sjå ting frå Gud sin vinkel, noko som betyr at kameraet trekk seg tilbake ganske mange hakk. Dette kan gi deg betre oversikt om du skulle trenge det.

Ubisoft sin beste idé er derimot korleis ei blå linje strekker seg frå prinsen og fram til det platået, eller den avsatsen han vil hoppe til. Du kan altså sjå kvar prinsen vil ende opp før du tar hoppet, og dette får verkeleg fart på ting sidan det skal godt gjerast å ta eit svalestup ned i avgrunnen. Om du er ein elitist kan du kanskje hevde at dette øydelegg utfordringa, men i motsetning til den versjonen av Forgotten Sands som ikkje har denne strålen, er Wii-versjonen den klare vinnar i rein underhaldningsverdi.

Prinsen hoppar og spring med eleganse, og tempoet er veldig behageleg. Du kjem deg raskt frå ein stad til ein annan, og det spelar inga rolle kva hinder du måtte gjennom for å kome dit.

Fysiske kampar

Som alle Prince of Persia-spel dukkar det opp ein og annan kamp. I Wii-versjonen av Forgotten Sands er dette ut av kva eg har fått testa ei veldig fysisk affære, og dette er det punktet eg stiller meg mest skeptisk til. For å angripe ein fiende må du svinge Wiimoten i alle retningar, og sjølv om du drep fienden ganske raskt, er det slitsamt i lengda. Å bli stiv og øm i armen fordi du berre ville slappe av i nokre timar er ikkje det eg ser på som ein god strategi.

Det er heller ikkje veldig moro. Som med den eminente Xbox 360-versjonen eg nyleg testa, er ikkje kampane spelets beste side. Dei er der, dei byr på ei utfordring, men det er i akrobatikken all moroa ligg.

Les også
Anmeldelse: Prince of Persia: The Forgotten Sands

Ut av det eg kunne sjå var det veldig lite variasjon i kampsystemet. Du kan bruke knappar og analogstikka til å dukke unna fienden, men for å angripe er det eit repeterande mønster der du berre kastar på Wiimoten i ein eller anna retning, fullstendig blotta for sans og samling. Kampsystemet er ikkje meir kreativt enn eit kvart system som utelukkande baserer seg på at du skall trykkje på ein knapp gjennom fleire timar. Den einaste forskjellen her er at der du i andre spel skal trykkje inn ein og same knapp over lengre tid, skal du her gjere det same med handa di.

Det er sjølvsagt mykje rom for utvikling, og sidan eg berre har sett på ein liten bit av spelet, er det godt mogleg at ting endrar seg, og blir meir interessante undervegs.

Konklusjon

Wii-versjonen av Prince of Persia: The Forgotten Sands ser faktisk ut til å lett kunne bli eit mykje meir underhaldande spel enn det spelet som dukkar opp på Xbox 360, PlayStation 3 og PC neste månad. Utviklarane har tatt svært solide grep for at du har full oversikt over kva du kan gjer til ei kvar tid, og sjølv om dette kanskje tek vekk ein del av utfordringa, aukar det underhaldningsverdien mange hakk. Eg har sjølvsagt ikkje sett mykje, men av det eg har sett skal det godt gjerast om kameraet øydelegg moroa, i motsetning til Xbox 360-versjonen som torturerte meg utan stans.

Eg stiller meg skeptisk til kor godt kampane vil fungere i lengda, sidan dei ikkje underheldt noko særleg i den vesle tida eg brukte på dei, men det er godt mogleg dei blir betre med tid. Det som er sikkert er i alle fall at om du er ein stor fan av prinsen sine tidlegare eventyr, bør du halde eit vakent auge med The Forgotten Sands på Wii.

Prince of Persia: The Forgotten Sands er i sal for Wii 20.mai.

Klarer ikke laste video

Siste fra forsiden