Sniktitt

Section 8

Luftboren død

Dei sjukaste og mest fryktlause soldatane i verda går til krig.

SAN FRANCISCO (Gamer.no): I Section 8 blir du kasta inn i rustningen til den nyaste rekrutten i den frykta og farlege Section 8-gruppa. Dette er soldatane som ikkje fryktar noko. Det er soldatane alle andre soldatar ser på som sjuke jævlar, og dei er der frivillig. Alle i Section 8 har valt det sjølv, noko som kanskje seier like mykje om deira mentale tilstand, som det seier om kor harde dei er i ein krigssituasjon.

Dette kan raskt opne for ei interessant historie som er litt mindre «helten reddar verda» enn mange spel har ein tendens til å vere. Om vi er heldige får vi møte ein gjeng med hardhausar som gir ein regelrett faen i det meste anna enn å drepe fiendar, men dette gjenstår å sjå. Historia fekk vi vite lite om, for det var fleirspelarmodusen som stod i fokus på Game Developers Conference.

Alltid i kamp

På same måte som Gears of War 2, vil Section 8 la deg spele mot kunstig intelligens, og om du startar eit spel, og ikkje har nok spelarar til å fylle kampen, kan spelet slenge inn nokre kunstige soldatar for å gjere utfordringa komplett. Utviklarane snakkar høgt og vakkert om kor mange spelarar som skal vere med, og lovar 32 spelarar for PC, og 16 spelarar for Xbox 360. Dette er ikkje akkurat nye tal, men etter kor mange gongar utviklarane gjentok at dei skal dytte dette talet til grensene for kva som er mogleg å få til, skal du ikkje sjå bort frå at det blir mykje høgre.

Den kunstige intelligensen i spelet vil som sagt la deg spele ein «deathmatch» heilt aleine om du skulle sjå på det som godt tidsfordriv, men skal dette blir meiningsfullt, har Timegate Studios mykje jobb å gjere. Dei forskjellige soldatane vi møtte på eit av spelets mange brett, hadde ein lei tendens til å gi blanke i kva som skjedde rundt dei. Enten stod dei med ryggen til og reagerte ikkje før dei fekk eit skot i nakken, eller så ignorerte dei alt som skjedde rundt dei.

Ein ting som raskt blir tydeleg når ein spelar Section 8, er at du toler mykje meir skade enn i andre spel. Soldatane traskar rundt i kraftige rustningar, og dette gjer det så godt som umogleg å drepe ein fiende med eitt skot. Sleng på både regenererande skjold og helse, og du har eit spel der nøkkelordet er massive mengder kuler og krut.

Den einaste måten du heilt sikkert kan drepe fienden på, kjem i form av Section 8s definitivt største nyvinning: Du kan hoppe inn i spelet kvar du måtte ynskje. Kvar gong du døyr, vil du umiddelbart kunne finne ein stad på kartet du vil starte frå. Du kan samtidig velje kva våpen du vil ha, og andre modifikasjonar, heilt uavhengig av kva du starta kampen med. Når du er ferdig med dette, hoppar du ut frå eit eller anna usynleg skip langt over planeten si overflate, og flyr mot bakken i eit ekstremt tempo. Om du landar i hovudet på ein fiende, er det over og ut for den karen.

Ein anna hyggeleg ting med å gjere respawning på denne måten, er at du ikkje må vente med å hoppe inn i spelet igjen. Utviklarane vil du skal ha det moro når du spelar, og respawn-tider på opp mot 30 sekund er ikkje noko dei ser på som velbrukt tid.

Stasjonær krigføring

Timegate har fleire nyvinningar på lager. I eit døme på «kongen på haugen» blir vi kasta ut i eit kart med to forskjellige basar, der målet sjølvsagt er å halde kontrollen over desse. Vrien Timegate har gjort her, er at ein «haug» ikkje berre er eit flagg som skiftar farge når det er ditt. Her tek du over heile basar, og når basen er din, tek du samtidig kontroll over mitraljøser, rakettkastarar og diverse forsvarsverk som gjer det heilt tydeleg at no har du makta.

Å ta over basar, eller drepe fiendar, gir deg heile tida poeng. Desse kan du bruke til å hente inn enda kraftigare skyts, i fall ein armert base ikkje skulle vere nok. Du kan hente inn stasjonære våpen du kan plassere akkurat der du vil, eller stridsvogner og robotdrakter du kan klatre inn i for litt ekstra slagkraft. Det heile blir etter kvart ganske massivt og lettare kaotisk, sjølv i eit spel der vi var berre tre levande menneske, og nokre få kunstige fiendar. Likevel er det litt vanskeleg å seie noko sikkert om korleis dette vil utarte seg med 16 eller 32 spelarar, men det er god grunn til å tru det kan bli temmeleg heftige greier.

Les også
Anmeldelse: Section 8

I det heile er det alle dei nye mekanikkane som gjer Section 8 til eit veldig interessant spel. Det er smarte detaljar å spore på så godt som alle plan. Du kan til dømes låse siktet fast til ein fiende for ein kort periode, noko som gjer det lettare å få inn nokre ekstra kuler. I tillegg kan du gå inn i «Overdrive»-modus når du spring, noko som let deg kome deg frå ein del av kartet til den andre på kort tid. Om det ikkje skulle vere nok, er alle soldatane utstyrt med jetmotorar som lar dei fly kortare distansar.

Konklusjon

Section 8 kjem med mange gode idear for å ta skytespelsjangeren eit steg vidare. Spelet byr på mange spanande nyvinningar, og der det ikkje byr på noko nytt, tek det idear frå mange andre spel, og slenger det saman til ei heilskapleg pakke som burde by på mykje moro for skytefantastar. Det er ikkje mykje vi har fått spele av Section 8, og det er heilt klart for tidleg å seie noko sikkert, men det vi har sett lovar veldig bra.

Det største problemet er eigentleg ein litt tørr grafisk stil som på ingen måte gir spelet særpreg. I tillegg er brukargrensesnittet litt uoversiktleg, og ganske stygt. Dette er det uansett fremdeles nok av tid til endre på, og vi får berre håpe at Section 8 endar opp med å leve opp til alle sine tankar og nyvinningar.

Section 8 kjem i salg for Xbox 360 og Playstation 3 i løpet av årets fjerde kvartal.

Diskuter artikkelen på forumet

Siste fra forsiden