Sniktitt

Warriors: Legends of Troy

Blodig antikk

Den kollektive fascinasjonen for gresk mytologi og historie har ingen ende.

LOS ANGELES (Gamer.no): Å lage eit spel (eller noko som helst for den saks skuld) basert på gresk folketru kan lett framstå som eit lettvindt forsøk på å tene litt gryn.

Gjennom filmar, TV-seriar og ikkje minst klassiske spel som God of War-serien, har gresk kultur markert seg som ei kjempe innan underhaldningsindustrien. Eit kvart actionspel sett til denne sida av verda &ndas; under denne tidsepoken &ndas; har derimot ein ganske stor og sint elefant ved namn Kratos i rommet.

Warriors har eigentleg lite til felles med God of War, og ei direkte samanlikning blir difor ganske vanskeleg å forsvare. Dette er eit spel frå Tecmo Koeis kanadiske avdeling, og om Warriors kan samanliknast med noko som helst, er det ein serie som ganske bastant deler verda i dei to motståande kjenslene elsk eller hat; Koeis hjarteborn Dynasty Warriors.

Døy på deg ditt utyske!

Mitt rike for eit sverd

Warriors: Legends of Troy ser ut til å vere eit forsøk på å lage eit Dynasty Warriors-spel som kan lokke den vestlege verda inn i ein-mot-ekstremt-mange-sjangeren. Altså spel der du eine og aleine skal ta opp kampen mot hundrevis av fiendar, og svært lite anna.

Demoen på E3-messa sendte meg i rolla som Achilles ned ein tydeleg markert veg som ikkje gav mykje rom for fri tenking. Dette er det første teiknet på at Tecmo Koei Canada ikkje har planar om å følgje Dynasty Warriors-formelen etter punkt å prikke. Der du i DW-spela vel oppdrag frå ei liste før du kastar deg ut i slag som alltid utspelar seg på eit avgrensa områda, ser Warriors ut til å følgje i fotefara til tradisjonelle actioneventyr.

Som i Dynasty Warriors kjem fiendane alltid i større grupper, og aldri ein og ein. Dei omringar deg, og sjølv om ingen av dei har mykje å stille opp med kvar for seg, kan den totale mengda bli ei utfordring. Det sidan eit sverdslag kan kome frå alle vinklar. Kvar gruppe ser ut til å ha ein leiar, og om du tek deg av han først, vil moralen til resten søkkje ganske drastisk. Nokre fiendar vil til og med ta beina på nakken i panikk om dei ser det går riktig skeis. Det er irriterande sidan du gjerne vil drepe alle, men samtidig litt tilfredsstillande sidan det blir ganske tydeleg kven som er sjefen.

For å hamle opp med desse fiendane har du eit kampsystem som trass sitt rimeleg enkle opphav ser ut til å ha nokre smarte element som kan spytte inn nok variasjon og taktikk til å gjere kampane underhaldande over tid.

Fiendane kjem i store flokkar

Sterke tradisjonar

Dei grunnleggjande elementa i spelet er velkjende eit svakt og eit kraftig slag. Det svake slaget blir sjølvsagt din basis sidan det er raskt og effektivt. Det kraftige slaget er tregt, men det har ein viktig funksjon som kan by på litt moro. Ved å bruke det kraftige slaget kan du gjere ein fiende sårbar for eit avslutningsangrep som òg blir utført med det sterke slaget.

Desse avslutningsangrepa ser ut til å variere alt etter situasjonen. Vår helt serverer visuelle perler henta rett ut av filmar som Troy og 300, noko som betyr spenstige hopp med sverdet først, og eitt og anna spyd i nakken på ein flyktande fiende.

Felles for alle slike angrep er at dødsfalla som følgjer er av ein særs grafisk og blodig natur, som strengt tatt berre sørgjer for at du er inneforstått med at krig og sverdkamp kan vere brutale greier. Samtidig varierer avslutninga etter korleis du står i forhold til fienden, noko som tilfører kampane ein god dynamikk. Eit anna tilsynelatande viktig element er eit spesialangrep som let deg hogge ned fiendane i sakte kino. Det er ikkje spesielt nyskapande, men definitivt effektivt og moro.

Les også
Anmeldelse:

Skal du først lage eit spel om gresk mytologi kjem du ikkje utanom dei forskjellige gudane, og som alltid må dei blø for det dei har gjort. I Warriors: Legends of Troy fekk eg kaste meg ut i ein blodig dans med ein ganske mange meter høg versjon av Apollon. Sjefskampane ser ikkje ut til å by på så veldig mykje anna enn å slå mot bestemte punkt på fienden. Kombinasjonen av å låse seg fast til fienden og rulle unna kraftige angrep bydde likevel på ei utfordring som var både intens og underhaldande sjølv om den i utgangspunktet er enkel.

Smak stål!

Ved sidan av strukturen er det spesielt ein ting som skil Warriors: Legends of Troy frå andre spel i Dynasty Warriors-riket. Historia ser ut til å ha fått mykje større fokus enn kva dei japanske slektningane nokon gong har bydd på, og sjølv om eg ikkje har fått sett mykje av dette, er den visuelle stilen god nok til at eg er interessert. Spelet er ikkje ei grafisk bombe på nokon ende av skalaen, men den er gjennomført nok til at det antikke Hellas framstår som truverdig og innbydande ‐ sjølv om det kanskje er litt vel mykje brunt i terrenget.

Konklusjon

Warriors: Legends of Troy ligg i ei sidegate mellom Dynasty Warriors og God of War. Det er meir direkte enn Dynasty Warriors, sjølv om det ikkje ser ut til å bli like spinnvilt som God of War lett kan bli i sine mest intense høgdepunkt.

Du møter mellomstore flokkar med fiendar, og høgg dei ned for fote gjennom eit kampsystem som byr på mykje vi har sett før, men som likevel maktar å framstå som noko eige. Det stor spørsmålsteiknet som eigentleg blir alfa omega for slike spel, er korleis du utviklar karakteren din over tid.

Mykje av appellen ligg sjølvsagt i mytologien rundt spelet, og kor godt dei mytologiske skapningane og gudane blir implementert i spelet kan få mykje å seie for det endelege spelet. Med ei god historie på lasset skal du ikkje sjå bort ifrå at dette nye slaget mot gudane kan vere verdt å få med seg.

Siste fra forsiden