Sniktitt

Thief

Garrett er tilbake, og han meiner alvor.

LOS ANGELES (Gamer.no): Thief er eit spel der motsetningane raskt gjer seg synlege. Tempoet her er ikkje det du er vand med. I mange spel er framgangen konstant, sjølv om ein skal halde seg i det skjulte. Farten på generell gange, kor fort du ser vegen ut, og ikkje minst korleis du handterer potensielt valdelege episodar er alle med på å forme eit spelunivers der tempoet ofte er høgt i staden for lågt.

Når Deus Ex: Human Revolution-studioet no taklar Thief-serien er det eit heilt anna beist vi har i vente. Her er det umiddelbare tempoet noko som best kan skildrast som avventande. Du skjønar at du ikkje er uovervinneleg før du i det heile har gått dine første steg. Ein liten juvel nedst på skjermen viser kor godt synleg du er, og dette runde symbolet er ei konstant påminning på at du kan bli sett når som helst.

Følgjeleg held du deg i skuggane der du finn dei. Du luskar deg frå den eine mørke kroken til den andre, og når eit lite lys kjem i vegen for deg legg du deg inntil ein vegg og kikar forsiktig forbi hjørnet. Kanskje er det nokon der. Kanskje vil dei sjå deg, og kanskje blir dette dine siste steg. Du endar opp med å bruke mykje tid på å berre stå i ro og sjå rundt deg, fordi du må.

Oooh, shiny!

Ein farleg ballett

For å kome deg forbi opplyste flekkar kan du skli framover. Du glir lynraskt gjennom lyset og inn i ein ny skugge. Det heile sørgjer for ein kombinasjon av fart og langsam listing som er høgst engasjerande. Det skapar konstant driv i eit nesten stilleståande spel, og samtidig får du ei markant kjensle av at du risikerer noko kvar gong du tek dette spranget. Å ikkje bli sett er løna. Og det er ei svært velkomen ei.

Skulle du bli sett brukar du same framgangsmåte, men då kan det òg vere lurt å ta beina fart og springe. Kom deg rundt eit hjørne, skli inn i ein skugge. Finn ein vegg, klatre opp, og finn deg eit trygt platå du kan gøyme deg på til soldatane har roa seg ned. Skulle du vere heldig å finne ei dør i ein mørk avkrok kan du dirke deg gjennom den via eit lettfatteleg system for å kome deg ut av området. Eit anna viktig knep for å kome deg ut av kinkige situasjonar – eller unngå at dei oppstår – er å sløkkje stearinlys som står rundt omkring for å leggje eit områda i mørke.

For å gjere framgangen enklare har du i tillegg fleire knep. Du kan slå på ein sjette sans som let seg sjå lyd, og med dette finne ut kor nær vakter og anna avskum skulle vere. I tillegg kan du sjå ulike opplyste punkt som indikerer at her kan du gjere noko. Nøyaktig kva får du ikkje beskjed om, men det er her ditt eige intellekt og eit komprimert, men solid utval utstyr kjem til nytte.

Utstyret ditt er basert rundt Garrets boge. Du kan skyte vasspiler på faklar, skarpe piler på tau slik at ei lysekrune fell ned på ein uvitande soldat, eller du kan sende ei butt pil inn i ein vegg or å lokke vakter i den retninga. Eit enkelt hjul viser deg alt du kan velje mellom, og kor mange piler du har, og dette kan gjerast via tradisjonell rotering av ei analogstikke, eller ved hjelp av trykkflata på PS4-kontrollaren, noko som faktisk er hakket kjappare.

Av og til må du, men det er best å la vere.

Ingen leik

Om du ikkje vil, ser det ut til at du kan kome deg gjennom heile Thief utan å drepe nokon som helst. Dette er derimot lettare sagt enn gjort, og å få til slikt krev sin mann. Nøye planlegging, studering av kva mønster vaktene ruslar rundt i, og solid utnytting av skuggar og eventuelle hjelpsame objekt i nærområdet blir på alle måtar essensielle.

Dei fleste vil nok likevel ty til eit drap eller to. Den aller beste måten å gjer dette på er stille, og bakfrå. Snik deg på, slå persone ned, og dra han inn i skuggane. Skulle dette vise seg å vere umogleg får du ta del i nokre kampar som stort sett vil ende opp med at du døyr.

Kampsystemet i Thief er basert på taktikk, og ikkje aggressiv hamring på knappar. Når du får inn eit solid slag vil tre sirklar dukke opp på fienden din, ein på kneet, ei i magen, og ein på hovudet. Treff du ein av desse før det korte tidsrommet sirklane viser seg på er over, vil du slå fienden tilbake slik at du kan gjennomføre prosessen ein gong til for eit avsluttande angrep. Dette er eit veldig effektivt system. Du merkar uhyre kjapt at Garret ikkje er ein krigar, og kvar einaste kamp kjennest verkeleg som ein kamp for livet. Du kan døy raskt, og du veit det veldig godt.

Les også
Anmeldelse: Thief

Risikoen er høg, spesielt sidan utviklarane har styrt unna alle tankar om regenererande helse. Du må plukke opp gjenstandar for å få opp helsa, og desse er ikkje alltid lette å finne. Er du ein omstendeleg person som undersøker kvar krik og krok vil du ved sidan av ei tjukkare lommebok stå sterkare i møte med ulike farar.

Eit tau kan ofte kome godt med.

Det er ikkje berre fiendar som byr på farar. I ein lengre avsluttande sekvens i demoen eg fekk bryne meg på måtte eg flykte frå eit brennande slott. Denne turen sende meg springande gjennom eit flammehav medan stein og digre trebjelkar datt ned rundt meg. Her skifta spelet tempo fullstendig og blei ein intens kamp mot tida der eg følte me like sårbar som elles i spelet.

Konklusjon

Om det er eit stemningsfullt spel med mange solide utfordringar du er på jakt etter ser det absolutt ut til at Thief kjem til å innfri. Her nyttar det ikkje å ture på i den tru at du er ein uovervineleg helt, og det er akkurat slik det skal vere. Garret er ein tjuv, og det han gjer best er å halde seg i skuggane.

Dei ulike knepa du har til disposisjon for å handtere dette livet er i skrivande stund ikkje uhorveleg mange, men dei er effektive og gjev deg eit solid og konkret bilete av kva du faktisk kan gjere, noko som gjer det mykje lettare å bruke hovudet klokt når du skal finne vegen vidare.

Ikkje at dette på nokon måte gjer spelet lett, men du veit kva du har å forholde deg til, og dette plasserer deg i ein utmerka posisjon der du kan finne opp dine eigne måtar å løyse problem på. Ikkje på noko punkt i demoen følte eg meg fastlåst til gitte vegar, og eg kunne tydeleg sjå at noko kunne gjerast både her og der. Å finne alternative metodar for å kome seg gjennom dei ulike nivåa i spelet ser eg føre meg kan bli stor moro når Thief lanserast for PC, Xbox One og PlayStation 4 til neste år.

Les også: Les også: Garrett blir meir mainstream
Les også: Anmeldelse av Thief: Deadly Shadows

Siste fra forsiden