SOE samlar MMO-spel under eitt abonnement

Men stenger fleire gamle spel til sommaren.

SOE står bak fleire MMO-spel som EverQuest-serien, DC Universe Online og Planetside 2, for å nemne noko. No vil dei samle alle dei fleste spela sine under eitt abbonement. I starten av april vil alle eksisterande kontoar bil oppgraderte til All Access, og gje deg tilgang på eit mylder av nettbaserte spel frå SOE.

Inkludert i denne pakka finn vi EverQuest, EverQuest II, dei komande EverQuest Spela EverQuest Next og EverQuest Landmark, samt DC Universe Online, Planetside 2 og Vanguard: Saga of Heroes.

Ta inn utsikta. Snart er den borte.

I tillegg vil alle spelarar frå rabattar på kjøp i marknadsplassen, pluss 500 Station Cash månadleg. På toppen av dette vil abonnentar frå ekslusive tilbod i løpet av året, dette fortel SOE på forumet sitt.

Stenger eldre spel

Sjølv om Vanguard: Saga of Heroes er med i All Access abonnementet har du ikkje lang tid på deg til å spele. 31. juli er dette eitt av fleire spel som blir stengde permanent. I tillegg til Vanguard blir Free Realms, Wizardry Online og Clone Wars Adventures historie, får vi vite via VG247.

Grunnen til stenginga er økonomien til spela. SOE har helde spela gåande i fleire år som tapsprosjekt der spelarbasen har blitt mindre og mindre. SOE har likevel drifta spela for å la spelarane halde fram eventyra sine, men har ikkje lenger ressursane til å ivareta tryggleik og framtidig drift.

Nyleg starta den originale EverQuest-designeren Brad McQuaid ein Kickstarter-kampanje for sitt nye MMO Pantheon: Rise of the Fallen. Om du er på jakt etter eit MMO i hakket nærare framtid, ligg The Elder Scrolls Online og ventar i horisonten.

Siste fra forsiden