Sony saksøkt igjen

Det ser ut til å hagle med søksmål for tida, og no er Sony i rettsproblem atter ein gong.

I desse tider kan ein tilsynelatande ta patent for kva som helst berre ein er først ute. Etter alt å døme er det nøyaktig dette det amerikanske selskapet International Parallel Machines har gjort. Gamespot fortel at dei i 1991 skaffa seg eit patent på det som på fint heiter «synkronisert parallell prosessering med delt minne».

Problemet Sony no står ovanfor er at saksøkjaren hevdar Cell-prosessoren bryt dette patentet. Det er ikkje International Parallel Machines sjølv som tyr til søksmål, men heller selskapet Parallel Processing Corporation, som hevdar dei har eksklusive rettar til å bruke teknologien.

I følgje søksmålet har Sony sin bruk av teknologien i Cell-prosessoren påført selskapet «uoppretteleg skade og finansielle kostnader». Parallel Processing Corporation krev godtgjersle frå Sony, i tillegg til at alle produkt som har brukt teknologien blir destruert.

Forhåpentlegvis vil det bli eit positivt utfall av denne rettstvisten, slik at vi framleis kan finne PlayStation 3-maskiner i butikkane.

Siste fra forsiden