Anmeldelse

Soul Nomad & The World Eaters

Strategi før dommedag

Om du får valet mellom å redde verda, eller fullstendig gruslegge den, vel du sjølvsagt det siste.

1: First page
2: New page

Kunsten å finne eit heim

For å kome seg heilskinna gjennom dei hundrevis av kampane spelet byr på, er det ikkje nok med berre eitt rom (eller hær om du vil). Etter kvart som du kjem deg lengre inn i spelet, og blir kraftigare, vil du få tilgang på fleire rom. Det er først no spelet verkeleg byrjar, for dette gir deg sjansen til å skru saman dei oppsetta som passar deg best. Skjønt, det er ikkje heilt lett. Du får opp ei visuell liste over dei forskjellege romma, og dette er greitt, men det er ikkje sikkert denne lista viser rom du ser på som levedyktige.

Difor kan du velje å få nye rom i staden. Då får du nokre nye og tilfeldig genererte rom. Her ligg problemet. Tilfeldige rom betyr at du har null kontroll over kva du får. Sjølv om kvart rom kan ha opp mot ni soldatar, får du ofte rom med berre plass til fire. For å gjere vondt verre har du kanskje fleire soldatar du gjerne vil plassere i fremste rekke, men endar opp med rom der det ikkje er ein einaste plass på fremste rekke. Dette fører kjapt til lange stunder der du berre trykkjer for å forandre romma, og igjen og om igjen, og om igjen. Får du endeleg eit rom du likar, kan du låse det, men det gjer ikkje denne keitete prosessen noko betre.

Når du først har dei romma du vil ha, kan du velje å utføre inspeksjonar på dei for å gjere dei betre. Dette kastar deg ut i tilfeldig genererte kampar, der målet ditt er enten å halde ut lenge nok, eller å drepe ein hovudfiende. Ved å utføre inspeksjonar vil krigarane dine få meir erfaring, samt at du vil få poeng du kan bruke på å oppgradere dei. Med desse poenga kan du til dømes auke rekkevidda på angrep, slik at der du før mått stå heilt inntil ein fiende for å angripe, kan du no stå to felt unna.

Så kva skal du med alle desse hærane? Når du først kastar deg ut i eit oppdrag på det store fine todimensjonale kartet, vil du alltid starte med hæren hovudpersonen er med i. Herfrå kan du sjølv velje om du vil kjempe aleine, eller å framkalle andre hærer. Det er her heile voodoo-opplegget («berre tull» Gig) kjem inn i biletet. Du brukar romma til å framkalle dei verkelege krigarane, og slik kan du hente fram ei etter kvart ganske stor og solid hær. Det er ikkje alltid du har bruk for mange krigarar, men om du er i ein utfordrande situasjon kjem det godt med.

Ein ting som kan bli litt frustrerande gjennom lange kamper, er ein tidvis motbydeleg kunstig intelligens. Etter kvart som du angrip ei hær, vil du gradvis plukke ned soldatane, rekke for rekke. Problemet som raskt oppstår her, er at om det er tre soldatar på bakarste rekke, og ein heilt framme, vil ofte alle soldatane i hæren di angripe den fremste fienden. Det er ganske irriterande sidan det lett kan gi fienden ein gyllen sjanse til å få eit ekstra angrep. Samtidig går dette begge vegar, og fienden er like dum som deg, så det går eigentleg opp i opp.

Vi vil ha meir, mykje meir

Grafikken i Soul Nomad er som sagt ikkje av den beste, men det er likevel ting ved den lydmessige og visuelle presentasjonen som verkeleg er fabelaktig.

Først og fremst kan ein ta dei forskjellege portretta som tidvis dukkar opp medan historia blir fortalt. Desse illustrerer forskjellege personar, og er rett og slett nydelege. Pussig nok er det svært sjeldan dei dukkar opp. Når historia blir fortalt, er det som regel på statiske bakgrunnar der snakkebobler nederst på skjermen viser all dialog. Samtidig har kvar person berre ein illustrasjon, og dei viser aldri endringar i til dømes humør. Sidan illustrasjonane i seg sjølv er så flotte, hadde det vore fantastisk å få lov til å sjå meir av dei. Mykje meir.

Den delen av den umiddelbare presentasjonen som verkeleg klaffar fullstendig, er lyden. Musikken er variert og flott, og vaierar mellom behagelege melodiar, til verkeleg pumpande og orkestrale verk som får opp engasjementet i kamp. Den beste biten er likevel skodespelet. Det er definitivt eit sterkt anime-preg over prestasjonane, med overspeling og stor ståhei, men det passar perfekt. Dei forskjellege skodespelarane får verkeleg fram kva person dei skal framstille, og det bidrar i stor grad til å få deg til å enten like, mislike eller stille deg likegyldig til forskjellege personar, berre basert på korleis stemmene får dei til å framstå. Det er eigentleg ganske godt gjort.

Konklusjon

Soul Nomad & The World Eaters er eit spel det er umogleg å verkeleg kunne gå i full detalj på utan å skrive ei avhandling på særs mange sider. Det er mange små og store detaljar i spelet som vitnar om at det heile er svært gjennomtenkt. Spelet lid likevel litt under at produksjonsmidlane ikkje har vore i verdseliten. Det er småting som skurrar og irriterer. Til dømes er det grafikken som verkeleg kunne ha vore betre på alle punkt, men den kunstige intelligensen er ikkje heilt bra heller. Forskjellege ting som å velje rom kunne i tillegg ha vore justert på for å gjere denne prosessen litt meir engasjerande.

Dette er likevel element som i det store og det heile ikkje hindrar Soul Nomad & The World Eaters frå å vere eit veldig underhaldande spel for alle som likar litt sær japansk strategi. Om du ikkje kan få nok av spel som til dømes Fire Emblem, bør du verkeleg sjekke ut Soul Nomad.

1: First page
2: New page

Siste fra forsiden