Anmeldelse

Soulcalibur IV

Fekting for vidarekomne

Å ha ein kraftig knyttneve er ikkje nok når du skal i kamp med krigarane i Soulcalibur IV.

1: First page
2: New page

Din eigen krigar

Som i Soulcalibur III kan du snekre saman dine eigne krigarar. Denne modusen har blitt sterkt forbetra, og du kan faktisk skape krigarar som er like effektive som dei du får tilgang på umiddelbart. Mykje av grunnen til dette ligg i at kvar krigar du lagar, vil vere basert på kampstilen til ein av dei unike Soulcalibur IV-krigarane. Forskjellen er at der til dømes Nightmare er ein mann, vil du kunne lage ei dame med nøyaktig same kampstil.

Når du skal lage ein karakter kan du velje mellom å lage ein variasjon av ein eksisterande ein, eller å lage ein heilt ny. Når du modifiserar ein eksisterande karakter, trer du inn i rolla som stylist, og fiksar på hår og klede. Det einaste du ikkje kan gjere noko med, er kroppsform, ansikt og kampstil. Du kan i tillegg velje forskjellege eigenskapar, noko vi kjem tilbake til.

Når du lagar ein heilt ny karakter, vel du kjønn og kampstil først, før du står heilt fritt til å kle opp personen som du vil. I motsetning til når du lagar ein variasjon av ein eksisterande karakter, kan du sjølv bestemme kroppsform og ansikt. Etter kvart som du spelar gjennom einspelar-modusane vil du få tilgang på nye klede og våpen, og du vil få deg ei solid samling med ting å kle krigarane opp i. Du finn alt frå enorme rustningar til bortimot perverse klede for lettkledde damer. Noko for ein kvar smak altså. I motsetning til når du bygde ein karakter i Soulcalibur III, er det nå mulig å forme ein karakterar verkeleg ser bra ut. Noko du har laga sjølv kan lett bli favorittkrigaren.

Alt utstyret du vel å setje på krigaren din vil tilføre eller trekkje frå poeng. Desse poenga bestemmer kor mykje plass du har til å gi krigarane spesielle eigenskapar. Desse eigenskapane er alt frå meir helse, til rå styrke i dei første sekunda av ein kamp, og det å skru saman ein krigar som verkeleg slår frå seg er noko av ein kunst. Diverre har det seg slik at det du kanskje ser på som den optimale krigarane, er noko du berre kan oppnå om du kler han opp i dei teitaste og mest latterlege kleskombinasjonane du kan tenkje deg. Eg har for all tid øydelagt Astaroth ved å gi han briller, skulderputer og silkeskjorte. Prikken over i-en er ei slegge av plast som lagar lydar når den treff.

Akkurat dette er litt skuffande, men korleis tala har innverknad på krigarane har bakgrunn i å halde spelet balansert. Om ein hjelm gir deg store plussar på eitt felt, vil den sannsynlegvis trekkje deg ned på andre. Med andre ord må du kanskje finne deg i å ha låg helse om du vil bli enda raskare. Det gjer det kanskje litt meir vrient å få den krigaren du vil ha, men det sørgjer samtidig for at du ikkje møter overdimensjonerte krigarar når du går på nett. Sjølv om du likevel kan ende opp med ein svak person som ser bra ut, kan du sjølv velje om du vil at alle eigenskapane kleda gir krigaren skal bety noko. Før du går i kamp, enten lokalt eller over nett, vel du sjølv om du vil spele eit ordinært spel utan bonusar, eller eit spel med bonusar frå utstyr.

Det viktige valet

Om du skal velje å spele Soulcalibur IV på Xbox 360 eller Playstation 3 kjem heilt opp til deg. Spelet er slåande vakkert på begge maskinene. Krigarane er svært detaljerte, og dei forskjellege områda gir flotte bakgrunnar å kjempe på. Nokre av dei har i tillegg veggar som kan slåast ned, utan at dette tilfører spelet veldig mykje.

Det heile kjem ned til to ting om du må velje versjon. Eitt val er kva Star Wars-figur du likar best, sidan du i Xbox 360-versjonen får spele som Yoda, medan du på Playstation 3 får ta i bruk Darth Vader sin raude lyssabel. Desse to krigarane er eigentleg veldig skuffande. Darth Vader er treg, medan Yoda hopper for mykje. Er du uheldig hoppar du ut av ringen og gir motspelaren din ein enkel siger.

Star Wars til side, det verkeleg valet står eigentleg mellom kva kontrollar du likar best. Det du bør vere obs på er at D-paden på Xbox 360-kontrollaren generelt sett er dårleg og upresis, noko den ikkje er på Playstation 3. Om du ikkje likar D-paden, men heller vil bruke analogstikka, er Xbox 360 det beste valet.

Konklusjon

Soulcalibur IV er absolutt verdt å få med seg om du likar slåssespel. Det er i tillegg eit spel som godt kan få folk som eigentleg ikkje bryr seg om sjangeren, til å skifte meining. Det er tilgjengeleg, men vanskeleg å meistre, og byr på nok av utfordringar til å halde deg gåande i lang tid. Som dei fleste slåssespel er den store underhaldninga å kjempe mot andre spelarar, og kor vidt du har nokon å spele mot, er ganske viktig for kor mykje du vil kose deg. Ein velfungerande fleirspelar-modus over nett gjer sitt til å gi alle den gleda, men det er likevel ingenting som slår to stykk i ein sofa som simultant bryt ut i brøl av glede eller desperasjon i det kampen er over.

1: First page
2: New page

Siste fra forsiden