Anmeldelse

SSX On Tour

Fart er ein fin ting. Kjensla av å suse nedover ei fjellside med eit dybdesyn som ikkje liknar grisen, blir kun overgått av smerta i det du treff fjellveggen.

Side 1
Side 2

SSX-serien har på mange måtar gått i ei ganske stødig kurve. Tanken har stort sett alltid vore "større er betre". Med SSX Tricky gikk det kanskje litt vel langt med eit spel som på ein måte minna meir om eit omreisande tivoli, enn det snowboard-spelet det faktisk gav seg ut for å vere. SSX 3 tok i midlertid serien eit stort steg framover. Løypene var på ein måte borte, og alt hang saman i det som var eit enormt fjell. Du kunne køyre frå toppen til bunnen i eit eventyr som kunne ta ein god halvtime. Kvar går du frå noko sånt? Kva meir kan du gjere med ein tittel som tilsynelatande har alt? Kva meir kan du presse ut av denne generasjonen eigentleg? Svaret er ganske enkelt: Ny design.

SSX On Tour er ei ganske radikal visuell forandring frå dei tidlegare spela. Tyggegummi-faktene er borte, og den behagelege stemninga av ein tur på fjellet er definitivt kasta ut vindauget. Tilbake står eit spel som gjerne vil køyre snøbrettet gjennom tanngarden din. Berre for å statuere eit eksempel. Det er rock ’n roll for alle penga, med litt R’n’B og hip hop kasta inn i miksen for å ikkje skremme vekk nokon. Heile greia ser eigentleg ut som skribleblokka til Patrick Bateman sin ukjende bror. Det er krusedullar, sære skapningar, og skrikande strekar som også gjerne vil sparke ut tanngarden din. Det er vel dette ein på godt norsk kallar attitude. In your face attitude.

Greit, det ser nytt ut, i menyane vel og merke, men kva har dette eigentleg med spelet å gjere? Ganske lite eigentleg. Spelet er framleis SSX. Det er framleis vintersport litt på kanten av normalen, men det er moro, frykteleg moro. Det er strengt tatt ikkje mykje som slår det suget som tvingar seg gjennnom kroppen i det du skyt fart nedover fjellsida, som skoten ut av ein kanon. Du tar sats, hoppar frå ein kant, satsar på at alt går bra, og landar med trynet først i ei snøgrøft du ikkje trudde var der. Slikt skjer, meir enn ein gong, men du lærer deg kjapt kva dei forskjellige løypene i fjellet har å by på. Ja, det er framleis eit fjell, men det er ikkje like tydeleg som før. Du har eit fint kart å velje utfordringar frå. Du kan plukke det som passar deg best, og når du har bevist deg får du vere med i konkurransar.

I dag vil eg kun køyre fort Det er eigentleg eit mykje mindre lineært spel enn før. Klart, det er snøbrett, det først og fremst handlar om, men progresjonen har forandra seg. På kartet dukkar det opp nye utfordringar etter kvart som du har gjort noko. Det same gjer konkurransar. Alt du deltar i, vil få utslag på rankinga di, og din veg mot verdsherredøme. Du treng heller ikkje vere med på alt. Du kan velje små utfordringar, og hoppe over dei du ikkje finn interessante, så vil dei forsvinne av seg sjølv. Det er i det heile tatt vanskeleg å få med seg alt. Noko som er ganske greit sidan det aukar verdien av å spele om igjen med andre karakterar.

Denne gong vel du deg ikkje ein av dei forskjellige superstjernene i serien. No er det på tide å lage eit ikon sjølv, og dette gjer du ved å velge ein avatar, eit ansikt, kroppsbygning og høgde. Det er eigentleg ganske banale val du har når du skal bygge deg ein person, og det erstattar vel eigentleg ikkje dei mykje tøffare karakterane serien er kjend for. Det er også litt suspekt forskjell på kva du kan gjere med kjønna. Eg kunne fint lage ein stor trailersjåfør med sideflesk, men om eg prøvde det same med ei dame, fekk ho berre større puppar og breiare hofter. Verda generelt sett har vel kome seg lengre enn dette, har den ikkje?

I staden for å bygge opp karakteren din med forskjellige ferdigheitspoeng, kjøper du heller nytt utstyr. Du har tre typar ski og snøbrett; freestyle, race og combo. For å bli betre, må du ha betre ski eller snøbrett, og desse kostar etter kvart uhorvelege mengder med pengar. Pengar tener du ved å køyre i løp og ta utfordringar i bakken, og inntektene dine blir etter kvart så store at du ikkje burde lide nokon nød. Om du vil bruke pengane dine på noko anna enn ski og snøbrett, kan du kjøpe nye klede til karakteren din, eller anna unødvendig dill som gjer dagen din så mykje betre.

Dei gamle karakterane frå serien er tilbake, men du får ikkje brukt dei i like stor grad som før. Sidan du no lagar dine eigne karakterar, blir det desse du brukar når du går gjennom ”the tour” som er spelets historie-modus, om du vil kalle den det. Dei gamle ansikta får du tilgong på i andre modusar. Som til dømes fleirspelar-modus som framleis slår det meste. Banene i SSX On Tour er litt meir venlege mot to spelarar enn kva banene i SSX 3 var, så det er eigentleg ingen grunn til å spele aleine. Om du vurderar å ta deg ein fest, kan du heller invitere venene dine over til litt turnering i SSX On Tour.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden