Anmeldelse

SSX On Tour

Fart er ein fin ting. Kjensla av å suse nedover ei fjellside med eit dybdesyn som ikkje liknar grisen, blir kun overgått av smerta i det du treff fjellveggen.

Side 1
Side 2

Nintendo all-stars, her også
Om du kjøper GameCube-versjonen av SSX On Tour får du ein ekstra bonus du ikkje finn på di andre versjonane. I tillegg til alle dei andre karakterane, kan du spele som Mario, Luigi og Prinsesse Peach. Ikkje at dette tilfører spelet noko i det heile tatt, men det er moro likevel. Når du spelar som desse, forandrar alle lydeffektane i spelet seg til kjende Mario-lydar. Det er likevel litt rart å spele som til dømes Mario, og høyre på ei rockelåt. Det hadde ikkje skada om musikken blei Mario-musikk og, for å seie det sånn.

Men kva har eigentleg skjedd med spelet i seg sjølv? Er det noko som gjer dette spelet verdt å ha utover dei resterande spela i serien? Eg vil tørre å definitivt seie ja. Det er sjølvsagt heilt nye løyper, og desse er kanskje dei beste i serien så langt. Det er nye utfordringar, og farten er høgre enn nokon gong. Dragsuget er større, for å seie det sånn. Sjølve spelmekanikken har ikkje utvikla seg stort, og det er like moro på alle tre konsollane. På Xbox og GameCube var det tidlegare litt kronglete å spele i forhold til PlayStation 2, i og med at PlayStation 2 har fire ryggknappar. Dette problemet er der ikkje meir, og spelet er lagt opp til kvar konsoll slik at du aldri tenker over at du kanskje burde hatt fleire knappar.

Når du skal ut i fjellet for å rocke, har du i prinsippet to enkle val. Du kan velje mellom "shreds" og "events". Shreds er små utfordringar der du til dømes skal klare å raile ned ein heile løypa utan å vere i kontakt med bakken lengre enn ei bestemt tid. Eventuelt skal du få så og så mange poeng meir enn nestemann for å vinne. Shreds låser opp events, og desse minnar meir om dei tidlegare spela. Det er konkurransar i fart og triks, og det er eigentleg her størsteparten av både moroa og belønninga ligg. Om du vil ha pengar til nytt og betre utstyr, er det konkurransane du må fokusere på.

Nye monster til deg
Den største forandringa som har skjedd i spelet er vel dei nye monster-triksa. I staden for å bygge opp eit meter for så å kunne trykke inn dei sprøaste kombinasjonar, utfører du no monster-triks ved å halde inne høgre analogstikke. Er du i lufta, og meteret på bunnen av skjermen lyser gult, då er det på tide å håve inn litt ekstra poeng. Når du held inne analogstikka stoppar tida, og alt går i sakte kino. Du kan finjustere trikset ditt for meir poeng ved å rotere på analogstikka, og du endar opp med å ha meir kontroll over kva du gjer. Der du i tidlegare spel måtte trykke inn triks, og håpe det blei ferdig før du traff bakken, ser du no kor lang tid du har igjen, og berre slepp analogstikka når du er ferdig. I og med at alt går i sakte kino har du også mykje større kontroll over kor nær bakken du er.

Når du endeleg treff bakken igjen susar tida opp igjen, og du fyrer av som eit olja lyn. Det adrenalinkicket som kjem når du treff bakken igjen er noko av det hærlegaste i heile spelet, og illustrerar godt kor høgt tempoet er denne gong. Det er litt inspirert av Burnout-serien, med fartsstriper og skjelving på skjermen når farten aukar til det uavsindige. Ubetydeleg som eit slikt tillegg kanskje kan tenkast, så får det faktisk stor betydning for korleis ein oppfattar spelet. Du blir dratt inn i spelet i større grad, og det blir enda betre av det.

SSX On Tour ser flott ut på alle konsollar, men det er ikkje noko nytt å sjå i forhold til forrige versjon. Løypene ser flotte ut, animasjonane er bra, og alt går unna utan avbrytande lasteskjermar. Musikken har derimot fått eit par justeringar. Det er mykje meir rock enn før, og det er både nye og ukjende band, og gamle travarar frå åtti-talet, som til dømes Iron Maiden. Musikken er god og variert, og bygger opp om den nye "hei, eg er den avskylege snømann, og eg skal gi deg pryl"-looken til SSX ganske godt.

Konklusjon
SSX On Tour er enkelt og greit den ultimate finjusteringa av den ultimate underhaldning. Alt er hakket betre, hakket raskare, hakket sprøare, og mange hakk meir festeleg. Dei nye banene er fantastiske, og byr på så mange moglegheiter at du kan bruke år og dag på å bli lei. Sannsynlegvis blir du ikkje lei då heller, og det er eit godt eksempel på at SSX On Tour leverar det det skal. Endelaus moro. Det er godt å vite at når du kjem heim trøtt og sliten, kan du berre slenge deg tilbake, plukke opp kontrollaren, og snart vere i himmelen igjen. SSX On Tour skuffar ikkje på noko punkt (anna enn litt småtam karakter-kreasjon), og er ein soleklar vinnar denne høsten.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden