Anmeldelse

Star Ocean: First Departure

Nostalgisk eventyr

Ein gammal klassikar er tilbake i ny form, sjølv om namnet er litt misvisande.

Star Ocean har aldri vore blant dei største slagskipa til Square Enix, sjølv om serien har hatt sine lojale tilhengjarar. Kjennemerket for serien er at ei lita gruppe med heller naive eventyrarar endar opp med å reise til forskjellige planetar for å løyse ei rekke lokale dilemma. Star Ocean: First Departure var spelet som starta det heile på Super Nintendo, og er no tilbake med oppgradert grafikk, nokre flotte filmsekvensar frå animestudioet Production I.G., samt kurant stemmeskodespel som krem på toppen.

Helten i spelet er så typisk japansk som du får det. Ein ung mann med blått hår og spisse øyre. I tillegg har han hale. Saman med nokre vener styrer han ei lita forsvarsgruppe i den lokale byen, og når ein epidemi som gjer folk om til stein bryt ut, blir brått heile verda snudd på hovudet.

Frå fredeleg liv i ein liten landsby, reiser brått vår helt Roddick ut på eit eventyr som ikkje akkurat bryt grenser. Han og veninna Millie støyter på menneske frå det ytre rom, og innser at ganske mykje står på spel. Ein fiendtleg fraksjon, og tidsreiser blir kjapt dagens agenda. Det ironiske ved at spelet heiter Star Ocean, er at dette er fint lite stjerner å spore i spelet. Du får riktig nok ta deg ein tur på eit romskip, men dette fungerer mest som ein portal for å sende deg tilbake til middelalderen. Det vi får er difor enda eit eventyr der sverd og magi er hovudingrediensane.

Bryt ingen grenser

Det er ikkje stor magi skribentane av Star Ocean: First departure har kokt saman, men historia held likevel god kvalitet, og er engasjerande. Den kan likevel bli vanskeleg å følgje med på, sidan det ofte kan gå lang tid mellom kvar gong noko skjer som driv historia framover. Som eit bøtemiddel på dette har du «Private Actions». Ved å velje dette før du går inn i ein by, kan du stogge all framdrift av historia ei stund, medan du lærer dei forskjellige hovudpersonane å kjenne.

Kven du kan bli betre kjend med på denne måten er svært avhengig av korleis du spelar. Du kan gå gjennom spelet med nesten ingen personar om du vil, og det er dine val som gjer om du i det heile tatt møter dei folka som kan bli med i gruppa. Det er ikkje alltid du får vite om desse personane heller, så du kan lett gå glipp av interessante folk utan å vere klar over det. For det meste får du likevel valet, og kan be dei om å bli med deg, om du skulle ynskje det.

Utover dette har Star Ocean: First Departure tradisjonell rollespelmekanikk. Du spring rundt i små landsbyar og forskjellige grotter på jakt etter fiendar og skattar, og mellom kvart slikt område kan du vandre rundt på eit verdskart. Når du spring rundt på denne måten, ser du berre Roddick, og det er først når du er i kamp at dei andre karakterane viser seg.

Kampsystemet er det mest interessante ved Star Ocean: First Departure. Som vanleg i japanske rollespel kjem dei på tilfeldige tidspunkt, men i staden for typiske turbaserte kampar, skjer alt i sanntid. I utgangspunktet har du berre kontroll over Roddick, medan opp til tre andre krigarar angrip fienden ut frå kunstig intelligens du kan setje opp som du vil. Det er ikkje avanserte greier som Final Fantasy XII sitt gambit-system vi snakkar om, men heller enkle kommandoar for kvar person, som til dømes å forsvare vener, eller angripe alt du kan.

Kjapt og underhaldande

Resultatet av eit slikt kampsystem er at kampane går unna i eit høgt tempo, og at du ikkje har mykje tid til å tenkje. Den kunstige intelligensen er generelt sett god, og om du har ein prest eller liknande i gruppa, treng du aldri tenkje på om nokon er nær døden. Skulle du likevel få behov for å kontrollere ting på detaljnivå, er det ingenting i vegen for det. Du kan enkelt stoppe kampane for å bruke gjenstandar, eller skifte om på taktikkane den kunstige intelligensen skal handle frå. Du kan i tillegg skifte kva person du vil ha kontroll over når som helst.

Før ein går i kamp er det sjølvsagt viktig å førebu seg godt. I Star Ocean: First Departure gjer du det på fleire måtar. Ein av dei viktigaste er korleis du vel å fordele ferdigheitspoeng. Desse får du kvar gong du går opp i erfaringsnivå, og du kan bruke dei til svært mykje. Kvar person kan lære mange forskjellige eigenskapar, og dette kan vere alt frå å koke mat, lage våpen, til å bli meir effektiv i kamp.

Kvar eigenskap kan gjere meir enn ein ting. Du kan byggje opp di ferdigheit i å lage noko, samtidig som du byggjer opp til dømes styrke eller intelligens. Slik sett må du sjeldan velje mellom praktiske ferdigheiter, og ting som får direkte innverknad i kamp. Alt går under eitt, og dette gjer prosessen med å byggje opp karakterane svært brukarvenleg. Det einaste som kan bli frustrerande er å ha kontroll over kva dei forskjellige eigenskapane er gode for. Det må ein del prøving og feiling til, men du får så mange ferdigheitspoeng gjennom kampane at det aldri blir noko problem om du kastar bort nokre poeng.

Dei forskjellige eigenskapane har svært forskjellige bruksområde. Nokre vil til dømes gi deg tilfeldige bonusar i kamp. Du kan blant anna få auka fart, som let folka i gruppa di skyte som lyn mot fiendane, eller dei kan få større sjanse til å hoppe unna angrep. Andre område for å bruke eigenskapar er til dømes for å sjekke om du kan finne ressursar i det området du oppheld deg i. Nokre gongar kan du sjå gjenstandar på avstand gjennom små blink i terrenget, medan du elles må aktivt bruke ein eigenskap for å finne ut om området inneheld skjulte skattar. Ressursane du finn er gjerne råmateriale for å lage gjenstandar, og det kan difor bli ganske viktig å leite etter dei her og der.

Visuell identitetskrise

Star Ocean: First Departure er eit pent spel, men det manglar litt retningssans. På den eine sida har du flotte filmsekvensar frå Production I.G., og på den andre har du bakgrunnar rendra i 3D, slik det var vanleg å gjere det på Playstation. Problemet med dette er at det ikkje gir spelet nokon god heilskap. Alle bakgrunnane er flotte å sjå på, og er fulle av detaljar, men når alle personar på skjermen er todimensjonale spriter i animestil, krasjar det litt. Om bakgrunnane til dømes hadde vore handteikna, kunne det gitt mykje meir liv og sjarm til spelet.

Dette blir i tillegg framheva litt i dialogar, der store flotte portrettbilete dukkar opp. Desse er i same stil som filmsekvensane, og er såleis med på å framhalde den litt splitta personlegdomen. Uansett er det hyggeleg at mykje av dialogen i spelet har fått stemmer, og sjølv om kvaliteten ikkje alltid er på topp, held skodespelet jamt over god kvalitet. Musikken er på same måte, og held for det meste høg kvalitet, sjølv om det er ei og anna låt spelet godt kunne klart seg utan.

Konklusjon

Star Ocean: First Departure er nok ikkje det viktigaste rollespelet å skaffe seg i år, men det er eit triveleg lite spel du ikkje vil angre på å bruke tid på. Historia er god sjølv om den er litt treg, og det underhaldande kampsystemet sviktar aldri. Det er i tillegg svært engasjerande å byggje opp karakteranes eigenskapar. Systemet for å skreddarsy karakterane er ikkje direkte avansert, men det er djupt og lettvindt nok til at du ikkje vil ha problem med å få taket på det.

På omlag tretti timar er ikkje Star Ocean: First Departure eit enormt eventyr, men det er akkurat nok til at du kosar deg heile vegen gjennom. I og med at dette er ein ny versjon av eit gammalt spel, kan du ikkje forvente mykje nytt her, men det er likevel eit triveleg gjensyn medan vi ventar på Star Ocean: The Last Hope.

Siste fra forsiden