Sniktitt

StarCraft II (gameplayet)

Om Blizzard får bestemme vil du gløyme alle andre strategispel dei neste åra.

1: First page
2: New page

Ei strategisk sandkasse

For Terran-rasen er det ein ting som lyser opp som like genialt som det er enkelt. Du kan no gøyme Supply Depots (Terran-rasen sine hus) i bakken. Dette opnar for enorme moglegheiter for defensive strategiar. Det er mange som har brukt desse til dette formål før, men no låser du deg ikkje lenger inne samtidig som du låser fienden ute. Du kan senke dei ned i jorda når du skal ut på tokt, og hente dei fram igjen når hæra di er ute av basen. I tillegg kan det sjå ut til at bygningane til Terran lettar raskare, noko som bør gi deg litt betre odds om ulukka er ute.

Se trailer til spillet

Vis større

Trailer: Starcraft II

Stikkord:
  • spill
  • pc
  • strategi
  • starcraft
  • rts


Generelt sett ser det ut til at Terran har blitt ein mykje meir effektiv rase enn før. Til dømes kan eining-bygningane Factory og Barracks nytte dei same utvidingane. Ved å flytte på bygningane vil du raskt kunne byggje andre einingar utan å måtte bruke mange ressursar på å utforske ny teknologi. Barracks har i tillegg fått en praktisk funksjonen som gjer det mulig å byggje to soldatar samtidig, ved å kople den til riktig utviding.

Ei anna vesentleg utvikling er korleis hovudbasen til Terran no kan oppgraderast til å bli spesialisert i forsvar eller overvaking. Du kan som før utvikle teknologi som let deg sjå skjulte område. Skulle dette høyrest for pysete ut, kan du heller montere kraftige kanonar på bygningen, noko som gir deg eit ekstra løft mot inntrengjarar.

Om dette ikkje skulle vere nok, kan Terran-basen frakte med seg arbeidarane når den lettar. Kva dette betyr bør vere lett å gjette seg fram til. Sei at du til dømes blir angripen. Er du heldig er det ingen flygande skip blant fienden, og du kan raskt løfte opp dei fleste bygningane dine, plukke med deg arbeidarar for så å flytte deg raskt, og danne ein ny base.

Nye basar er faktisk noko som kan bli ein essensiell del av StarCraft II. Blizzard har introdusert ein ny «høgpotens»-krystall, som gir deg mykje større utbytte. Kvar gong ein arbeidar hentar ressursar frå ein av desse, får han mykje meir tilbake enn ved dei vanlege krystallane.

På dei fleste fleirspelar-karta tilgjengelege på BlizzCon, var slike krystallar plassert på viktige knutepunkt. Det vil sei område der ein rett og slett er dømt til å møtast. Dette skapte det som best kan samanliknast med modusar i skytespel der du skal forsvare forskjellege territorium. Resultatet er intense og svinaktig underhaldande kampar. Desse situasjonane beviste at StarCraft II verkeleg held seg tru mot kva StarCraft handlar om; raske og intense kampar med store hærar. Alle vil ha desse krystallane, og kampen om dei er hard.

Er du tidleg ute og får bygd deg ein base der du finn dei, har du ein stor fordel. Det einaste problemet med dei er at du raskt får manko på Vespene Gas, sidan noko tilsvarande ikkje er på plass for denne ressursen. I følgje StarCraft II-designer Dustin Browder er dette noko utviklarane er klar over, og dei vurderar å innføre ein liknande variant av den grøne gassen slik at ressurs-forholda blir balansert.

Dette er eit eksempel på ting Blizzard har lagt inn i spelet for å gi spelarane sjansen til å forme nye taktikkar. Ein anna ny ting er tårn som den mystiske Xel'Naga-rasen har etterlate seg. Ved å flytte ein enkel soldat nær eit slikt tårn, vil du aktivere tårnet slik at synsvidda blir auka akkurat der. Å halde desse kontrolla viser seg raskt å bli svært nyttig i for å ha god oversikt, og for å finne fienden før du blir angripen.

Macho-forsvar

Blir du først angripen, har Terran det meste som skal til for å beskytte seg. Bunkerane er sjølvsagt tilbake, og det same er stridsvognene. Gledeleg nytt er at den litt leiketysaktige utsjånaden stridsvogna hadde på Worldwide Invitational, no er skifta ut med noko som ser betrakteleg tøffare ut.

Les også
Anmeldelse: StarCraft II: Wings of Liberty

Dette er på ingen måte alt Terran har å stille opp med. Vikingen er ei av dei viktigaste nye einingane til Terran. Denne har to former, ei for bakkeangrep, og ei for lufta. Ved å skifte mellom desse kan du raskt flytte deg over vanskeleg terreng for å snik deg inn i ein fiendtleg base, eller du kan tilpasse deg krigssituasjonar alt etter kva du blir angripen av.

Om du er tilhengjar av å snike deg inn raskt og effektiv, kan Reaperen bli ein stor favoritt. Desse soldatane tåler praktisk talt ingenting, men dei kan hoppe over forskjellege platå i terrenget, og kan slenge frå seg miner før dei hoppar vidare. Dette vil sjølvsagt frustrere motspelaren din stort, sjølv om Ghost kanskje er eit enda større irritasjonsmoment. Som før kan han bli usynleg og kaste ned atombomber. Ei ny ferdigheit for Ghost, er at han kan påkalle forsterkingar. På same måte som med atombomba kan du velje eit område, og der vil tre kapslar lande og sleppe ut ein bøling med soldatar.

Terran har sjølvsagt maskineri for å hamle opp med større og farlegare fiendar. Akkurat no er det to maskiner hos Terran som byr på størst kraft. Ein av dei er Battlecruiseren, som er tilbake frå det originale StarCraft. I tillegg til det kraftige Yamato-våpenet, kan skipet no sende plasma-torpedoar mot bakken. Dette er uhyre effektivt mot store grupper med soldatar. Om du vil ha enda meir eldkraft kan du byggje ein Thor. Dette er ein vandrande koloss som er så stor at du må bruke ein SCV til å byggje den. Den er stor, tung og treg, men har til gjengjeld enorme kanonar på ryggen som kan kveste fienden temmeleg kjapt.

StarCraft II er eit spel som først og fremst baserar seg på ein engasjerande fleirspelar-modus som forhåpentlegvis vil bli like populær som det originale StarCraft. Blizzard har henta inn hjelp frå profesjonelle StarCraft-spelarar for å sørgje for at balansen er på plass, og at dei forskjellege soldattypane er effektive. Battle.net blir sjølvsagt svært viktig for akkurat dette, og Blizzard vil skape ei utvikling som er like stor mellom Warcraft III og StarCraft II, som den vi fann mellom StarCraft og Warcraft III. Om dette betyr tredimensjonale avatarar og ei StarCraft-YouTube-teneste gjenstår å sjå.

I tillegg lovar dei å gi oss enda meir robuste verkty for å byggje eigne kart og sære minispel. Warcraft III har blitt svært populært i mod-scena takka vere verktya som følgjer med, og Blizzard seier at du i StarCraft II vil ha enda større moglegheiter.

Konklusjon

Det er ingen tvil om at StarCraft II allereie er eit vanvittig underhaldande spel. Før BlizzCon mimra eg med å spele gjennom StarCraft igjen. Det er ei viktig kjensle det har gitt meg: Dei timane eg har fått kose meg med StarCraft II, var enda meir underhaldande enn den tida eg nyleg brukte på det originale StarCraft.

Sjølv om det etter alt å døme er ei god stund til vi får StarCraft II i hende, er det ingen tvil om at dette spelet allereie no er meir polert enn mange spel vi finn i butikkane. StarCraft II kjem til å bli stort, det er det ingen tvil om. Det er all grunn til å glede seg som små barn til det endeleg er ferdig. Eg vil spele meir, for pokker!

1: First page
2: New page

Siste fra forsiden