Anmeldelse

Still Life

Ein bestialsk mordar lemlestar unge kvinner, og den aspirerande etterforskaren Victoria McPherson blir dratt inn i eit mysterium større enn kva nokon kunne ha forutsett.

Side 1
Side 2

Brutal historie
Still Life har uansett eit formål. Poenget med spelet er å gi deg anledning til å delta i ei svært spanande krimhistorie. Det er bestialske mord ikkje ein gong Jack the Ripper kunne hamle opp med, og det er satt til ei verd like svart og guffen som lommene dine etter ei veke på Roskilde. Spørsmålet eg stiller meg er om Microids i sin iver etter å fotrelje ei god historie, har gløymt at dette faktisk skal vere eit spel. Det er eit solid og underhaldande spel, og dialogen er meir engasjerande enn det meste eg har sett for tida. Likevel er det ei kjensle av at eg gjerne vil få lov til å gjere meir.

I byrjinga er det veldig tøft. Du får springe rundt på ein drapsstad med teknisk utstyr for å finne spor etter mordaren. Dette gir også eit litt feil inntrykk av spelet. Du trur nesten at det skal fortsette slik. Du trur du skal leite etter ting for å fylle opp den vesle kofferten din, men dette er eigentleg ganske feil. I Still Life brukar du mesteparten av tida di på å snakke med folk. Du går frå ein stad til ein anna for å snakke med både vener, mistenkte, og dei som kanskje hamnar litt i mellom. Får du ei tankegåte, går den gjerne ut på å setje saman noko av det du har på skjermen. Det er ikkje snakk om å finne absurb objekt nummer ein i usannsynlege område A, for å kombinere det med absurd objekt nummer to i usannsynlege område B.

Nei, på ingen måte. Spelet handlar i staden om å finne absurb objekt A til Z på ein stad. Ta til dømes den "hyggelege" delen av spelet der du skal bake kaker til faren din. I oppskrifta står det at du blant anna skal bruke glede og generøsitet, medan ingrediensane er normale varer som mjøl og sukker. Deretter må du finne ut kva vare som tilsvarar generøsitet, osv. Kva som er meininga med eit slikt meinigslaust irritasjonsmoment er utanfor mi fatteevne. Det er så og seie ingen fornuft i det, det er vill gjetning, og du blir fullstendig nødt til leite etter løsyninga på nettet. For mange er akkurat dette humbug, men eg må dessverre informere at du er enten uanstendig intelligent om du får dette til, eller du er psykotisk og bør leggast inn på eit mentalt sjukehus snarast.

Stort sett logisk
Bortsett frå eit par slike uforståelege gåter, er Still Life basert på det som har blitt varemerket til Microids. Logiske gåter med logiske svar. Du må til dømes hente kaffe til sjefen din. Dette sender deg til eit avhørsrom for å plukke kaffen, til kaffemaskina for å fylle på, og vidare til sjefen sitt kontor. Det høyrest kanskje meiningslaust ut, men det er ikkje slik ein oppfattar det når ein er i kontroll over Victoria McPherson. Karakterane i Still Life er sjeldant godt utvikla. Du trur på dei, bryr deg om dei, og skrekkeleg nok, blir litt glad i dei.

Still Life er eit pent spel. Det brukar prerendrerte bakgrunnar, noko som burde vere eit godt nok teikn på at det ikkje er ei grafisk bombe, men det er heller ikkje poenget. Det er nostalgisk og deilig for oss som har denne sjangeren varmt om hjarte, og det skadar heller ikkje med den enorme detaljrikdomen Still Life sine lokale inneheld. Områda i spelet er veldig godt framstilt, og osar av atmosfære. I tillegg er musikken til tider riktig uhyggeleg, noko som absolutt dreg det heile opp enda eit par hakk. Over noko anna er det eigentleg stemninga som definerar Still Life best. Frå frøste sekund du ser menyskjermen til spelet, og høyrer den ambiente musikken, veit du at dette er noko spesielt.

Konklusjon
Er du glad i dei gode gamle eventyrspela, er Still Life definitivt noko for deg. Det har ei svært god historie, truverdige karakterar, og det presterar å halde deg interessert nok til å fortsetje litt til. Det er på ingen måte eit spel som revolusjonerar sjangeren, men det var nok aldri hensikta heller. Still Life handlar om å gi deg ei god historie på dramatisk vis, og samtidig gi deg anledninga til å delta i den. Akkurat dette er noko Microids har bevist at dei kan., og dei beviser det på ny med Still Life. Det er få gode eventyrspel å finne for tida, og enda ferre gode eventyrspel, noko som gjer Still Life til eit gledeleg (men makabert) spel å kose seg med.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden