Anmeldelse

Syberia II

Etter to lange år får vi endeleg vite kva som skjer med Hans Voralberg og Kate Walker. Den kort og godt episke historia signert Benoît Sokal får endeleg si avslutning, og naturleg nok er forventningane skyhøge.

Side 1
Side 2

Fantastisk presentasjon Syberia I var (og er) på alle måtar eit nydeleg spel. Dei rendrerte bakgrunnane, kombinert med den kreative designen på både folk og omgivelsar skapte ei oppleving utanom det vanlege. Det same gjeld for Syberia II. Kreativiteten teamet hos Microïds har lagt inn i arbeidet sitt er imponerande. Du besøker mange merkelege stadar, og mange rare oppfinningar. Det beste med det heile er at all den bisarre teknologien vi finn i spelet er truverdig. Det tenker aldri at "det der går ikkje an". Det blir så ein får lyst til å bygge nokre Syberia-inspirerte gjenstandar for å sjå om det går.

I Syberia I var visse karakterar lettare uproposjonerte. Dette karikaturiske preget er enda sterkare i Syberia II, men det er ikkje nødvendigvis ein positiv ting. På den eine sida har du fotorealistiske Kate Walker, på den andre, små gretne menn som tatt ut frå eit dokketeater på 60-talet. Det blir dessverre litt usamanheng i heilheita, noko som er frykteleg synd sidan resten av spelet er eit imponerande skue. Noko problem blir det uansett ikkje, dei fleste karakterane du møter på er godt proporsjonerte, og glir godt inn i Syberia-universet.

Det er framleis rendrerte bakgrunnar av høg kvalitet, og figurane glir betre inn. Den mest merkbare forandringa med grafikken er at det er meir liv i områda. Fuglar flyr forbi, og snø dett frå tak. Små detaljar som bringer mykje liv med seg. I tillegg fell snø frå himmelen, og det er refleksjonar i vatnet. Sjølv om det er meir liv i områda du besøker får du av og til følelsen av å vere fanga. Det er mange statistar i Syberia II. Folk som gjer sitt daglege arbeid. Problemet er at du ikkje kan snakke med dei. Du kan ikkje ein gong sjå på dei. Dei er berre ein del av bakgrunnane og det bryt ein ellers god illusjon.

God dialog og musikk Dialogen i Syberia II er av like høg kvalitet som forrige gong. Den merkelege tendensen folk har til å alltid bruke begge namn når dei snakkar til Kate er også med. Kvifor er eit godt spørsmål, og det blir litt for mykje av det gode til tider. Du kan jo tenke deg sjølv korleis det blir når små setningar høyrest slik ut: "Sure, Kate Walker". "What can I do for you, Kate Walker?". Det høyrest mekanisk og stivt ut, og det er kun ein person i dette spelet som faktisk er mekanisk. Trass i at dialogen er velskriven og godt utført er det av og til merkbart at feil folk leverer stemmene. Ta to skurkar i spelet som eit eksempel: Vi er i Russland, men likevel snakkar dei ekte britisk. Ikkje eit hint av russisk dialekt.

Musikken er også svært bra. Anarkjende Inon Zur leverer varene denne gong, og gjer ein utmerka jobb. Musikken kler kvart område perfekt. Frå vakre melodiar ute i naturen til barbariske trommer langt inne i russlands gløymde grotter. Det er berre ein ting som plagar meg, det er for lite av den. Ofte høyrer du berre fotstega til Kate, der ho vandrar gjennom vind og is. Positivt er det at sjølv om musikken ofte er fråverande, er det mange og gode lydeffekter som skapar liv og stemning i lydbiletet uansett. Dyr lagar lydar i det fjerne, og vinden susar forbi deg. Litt merkeleg er det likevel at sjølv om vinden ofte høyrest intens ut, fell snøen fortsatt som i eit roleg vinterlandskap.

Konklusjon Det har tatt tid å få ei avslutning på eventyret til Kate Walker. Det har vore store forventningar i lufta, men dessverre sit eg igjen med ein litt tom følelse inni meg. Er dette verdt eit og eit halvt års ventetid? For ikkje å snakke om prisen det kostar. Spel i peik og klikk-sjangeren har ikkje rykte på seg for å eigne seg til å bli spelt om igjen mange gongar. Syberia II følest meir som ei tilleggspakke enn ein full oppfølgjer. Det er avslutninga på ei historie, ei vakker historie, og ei du bør få med deg. Dessverre kan ikkje ei avslutning stå aleine på eigne bein. For å verkeleg få noko ut av dette spelet er det ei forutsetning at du har spelt Syberia I. Spelar du begge spela tett etter kvarandre fungerar det svært bra, men på eigne bein er ikkje Syberia II i stand til å stå oppreist. Synd og skam, men slik er det.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden