Synest du Minecraft blir for firkanta?

Planets³ kastar deg ut i eit kreativt verdsrom der fantasien set grensene.

Kreative spel fekk seg ein solid oppsving då svenske Markus Persson lanserte Minecraft. Spelet der du kunne byggje så og seie kva du ville av firkanta klossar blei ein massiv suksess, og i ettertid har svært mange prøvd seg på liknande konsept.

Det ferskaste av desse er Planets³. Dette spelet byr på ei opa verd der du kan reise på utforsking i eit verdsrom fylt opp av kubeforma planetar. I motsetning til Minecraft er det derimot eit langt større detaljnivå i Planets³, og med brikker i ulike storleikar og fasongar kan du byggje alt frå hus til diverse farkostar.

Øving gjer meister

Verdsrommet sett frå det kubiske standpunkt.

Planets³ er ikkje berre eit spel der du kan byggje ting, sjølv om dette sjølvsagt er ein stor del av kaka. I tillegg kan du reise på eventyr, ta på deg ulike oppdrag, og få hjelp av lokalbefolkninga på planetane du vitjar. Desse folka vil be deg om ulike tenester, og når du har bygd opp tillit vil dei bli jobbmeistrar.

Meistrane vil ha mange ulike arbeidsområde, og du kan du dra nytte av sidan dei kan forske fram nye oppskrifter, hjelpe til med byggjeprosjekt, reparere gjenstandar, eller kanskje samle saman ressursar du treng. Etter kvart som du møter fleire meistrar vil du få eit større repertoar av eigenskapar du til ei kvar tid kan bruke. Den første du møter er til dømes ein smed som kan gi deg våpen.

Spelet byr i tillegg på eit rollespelsystem erfarne Morrowind-spelarar bør setje pris på. I staden for å sanke erfaringspoeng og gå opp i nivå vil du bli betre i ting etter kvart som du gjer dei. Spring og hopp mykje og du blir raskare og spenstigare. Løft tunge ting og du vil bli sterkare. Sistnemnde kan bli viktig sidan spelet let deg bruke alt av utstyr frå starten av, men om du er svak vil du slite med å bruke dei tyngste våpna.

Denne kan bli din.

Våpna kan du byggje sjølv frå mange ulike delar du finn rundt i verda, og kva type våpen du vil bruke skal òg vere opp til deg. Utviklarane hevdar at det er opp til deg om du vil ta opp kampen mot beista i villmarka som ein tungt armert soldat, eller som ein snikande ninja. Skulle du vere av den destruktive typen kan du øydeleggje heile område for å luke ut fienden.

Om Planets³ høyrest ut som noko for deg har utviklarane i Cubic Drift lansert ein Kickstarter-kampanje for spelet der dei håpar å samle inn 250 000 dollar. Så langt har dei så vidt bikka over 80 000, og med 22 dagar igjen av kampanjen er det godt mogleg dei når målet. Skulle du ikkje vere villig til å investere i prosjektet, men likevel finn det interessant, er Planets³ òg å finne på Steam Greenlight.

Alle er ikkje einige om folkefinansiering i form av til dømes Kickstarter er ein god ting. Vår eigen Jens Erik Valer var for nokre veker sidan kritisk til at spel seljast før dei er ferdige, medan Kristian Åsgard meiner Kickstarter og Early Access er det beste som har skjedd spelbransjen.

Siste fra forsiden