Table Tennis til Wii

Gjer deg klar for harde økter med bordtennis til hausten.

Rockstar Games er definitiv best kjent for kontroversielle spel som Grand Theft Auto-serien og Manhunt. Difor blei det forståeleg nok litt oppstuss då dei lanserte Table Tennis på Xbox 360 i fjor. Spelet viste seg å vere fyllt til randen av speleglede, og vi gav det åtte av ti i vår omtale.

No har Rockstar Games kunngjort at ein Wii-versjon er under utvikling, og spelet vil kome i sal til hausten.

– Heilt sidan vi lanserte Table Tennis for Xbox 360, har vi blitt bedne om å lage ein Wii-versjon, fortel Sam Houser, grunnleggjar og sjefsprodusent hos Rockstar Games.

Rockstar har lytta til spelarane, og snart kan du endeleg bruke Wii-kontrollaren til å sende av garde knallharde ballar mot hjelpeslause motspelarar. I følgje ei pressemelding frå Rockstar Games, vil spelet innehalde intuitivt gameplay som etterliknar verkeleg bordtennis, samt ein realistisk fysikkmotor.

Siste fra forsiden