Tales of Symphonia-samling har fått dato

Gamle kjenningar vil hjelpe deg med å halde vinteren varm.

Heilt tilbake i 2004 sjarmerte det flotte rollespelet Tales of Symphonia oss i senk. Spelet blei blandt dei største suksessane i Namcos Tales-serie, og fekk ein noko uventa oppfølgjar fem år seinare.

Namco har hatt for vane å sleppe Tales-spela på fleire forskjellige plattformer. Sidan Tales of Symphonia har både GameCube, PlayStation 2, 3DS, Xbox 360 og PlayStation 3 vore nødvendige innkjøp om du vil ha med deg alle spela i serien.

Fersk HD-versjon

Kampane i Tales-serien har frå starten vore eit solid fyrverkeri.

Kanskje er det nettopp for å gjere spela sine meir tilgjengelege at Namco no gjer seg klare til å lansere ein HD-versjon av begge spela i Tales of Symphonia-serien for PlayStation 3. Det første spelet dukka i si tid opp på GameCube før det seinare fekk ein PlayStation 2-versjon, medan oppfølgjaren var Wii-eksklusivt. Dei nye HD-versjonane blir samla i ei pakke som har fått namnet Tales of Symphonia Chronicles.

No har Namco i ei pressemelding kunngjort at Tales of Symphonia Chronicles vil bli lansert 28. februar neste år for PlayStation 3. Med det kan det sjå ut til at februar blir ein travel månad for fans av japanske rollespel, sidan Lightning Returns: Final Fantasy XIII blir lansert to veker tidlegare i månaden.

Meir rollespelmoro er på veg seinare i 2014. Oppfølgjaren til årets herlege Tales of Xillia blir lansert ein gong i løpet av det komande året, og det same vil det mørke actionrollespelet Drakengard 3.

Les også: Sniktitt: Lightning Returns: Final Fantasy XIII
Les også: Solid suksess for japansk rollespel på Kickstarter

Siste fra forsiden