Sniktitt

Tales of Symphonia

Som ein reddande engel kjem Namco på tampen av året for å sørge for at GameCube ikkje skal vere heilt utan eit stort eventyr i år. Med sjarmerande design og eit spesielt kampsystem er dette noko litt utanom det vanlege.

Det er vakkert, veldig vakkert. Akkurat dette var tanken som først slo meg når eg endeleg fekk anledning til å teste Namco sitt siste ledd i Tales-serien. Det er ingen grafisk revolusjon ute og går, men Namco har laga eit spel som utnyttar Cel-shading for alt den er verd. Sjå for deg eit typisk sprite-basert eventyrspel frå gamle dagar, men der alt eigentleg er i 3D. Det følest som om du går rundt i ein teiknefilm. Ein sikkeleg søt og koseleg teiknefilm.

På tide å redde verda for ente gong Protagonisten i Tales of Symphonia heiter Lloyd Irving, og er som forventa noko litt utanom det vanlege. Mora er død, og faren er ein dverg. Lloyd er ingen dverg sjølv, men denne dvergen fann Lloyd og mora stygt skada. Mora overlevde ikkje, og dvergen tok på seg oppgåva å oppdra guten. Han bur i ein liten by i lag med venene sine som også er noko utanom det vanlege. Ta Colette som eit eksempel, ho endar opp som den utvalgte, og må reise ut på ei lang reise for å regenerere verda. Dette kan sjølvsagt ikkje Lloyd la ho gjere utan han, og han følgjer etter. Gjer deg klar for enda eit eventyr der du skal redde verda frå dommedag.

Det er ikkje småtteri heller. Tales of Symphonia kjem på to diskar, og lovar heile 80 timar med underhaldning. Det skal ei temmeleg god historie til for å halde på interessa i så lang tid, og det vi har sett til no lovar faktisk veldig bra. Historia er kanskje ikkje original, men den er interessant og den kan å underhalde. Blanda med den smaklaust søte grafikken lovar det godt for eit skikkeleg hyggeleg eventyr.

Eit svært fascinerande kampsystem Det som skiljer Tales of Symphonia frå resten av eventyrbataljonen er eit svært spesielt kampsystem. Sjå for deg eit sideskrollande kampspel ala Street Fighter II, men legg til magi, fjern litt komboar, og du byrjar å nærme deg. Du gjer det meste med styrespaken, og A og B. Etter kvart får du nye ferdigheiter i form av kraftige spesialangrep, og desse kan du flette inn i komboar ved å trykk på styrespaken og A før du utløyser spesialangrepet. Dette vil gi deg større bonusar på skade, og litt meir erfaring må du også kunne rekne med. Ein veldig fin ting er at alle i gruppa di får erfaring uavhengig om dei er med i kampar eller ikkje. Har du til dømes fem karakterar, men kun plass til fire i ein kamp, vil den femte uansett få like mykje erfaring som resten.

Av og til dukkar det opp hendelsar som gjer spelet veldig mykje vanskelegare. Ikkje så mange timar frå starten sprang eg brått rundt med kun to karakterar. Å brått bruke halvparten så mange folk mot akkurat same fiendane du har vore i kamp mot tidlegare, kan blir ei ganske stor utfordring. I visse område gjeld det å tenke smart før ein brukar det ein har av helbredande gjenstandar. Du kjem forbi desse områda, men litt prøving og feiling må nok til. Ein veg ut av dette kan sjølvsagt vere å berre springe forbi fiendar for å unngå å miste helse. Det du bør vere obs på i så fall, er at visse fiendar legg frå seg kuler du kan bruke til å gjenåpne øydelagde lagringspunkt.

Tales of Symphonia introduserar eit verdskart i same stil som Final Fantasy-serien hadde på PSOne. Ein stor forskjell er at du kan sjå fiendane på avstand. Desse er representert som store svarte boblelignande vesen. Det er to typar av desse, små og store, der det seier seg sjølv at dei store byr på ei større utfordring. Om du derimot spring rundt i ei grotte vil du få sjå forskjellige typar monster, sjølv om du ikkje alltid endar opp med å slåst mot det du såg på førehand. Det er eit ganske stort hopp mellom grafikken på verdskartet, og korleis det er i forskjellige område. Å springe rundt på verdskartet følest som om du er tilbake i ei svunnen tid. Ein blir ikkje imponert over grafikken, men stygt er det absolutt ikkje.

Vi har etter kvart blitt vande med heller middelmådig skodespel i slike spel, rett og slett fordi det har blitt gjort ein skikkeleg dårleg jobb på dette feltet alt for ofte. Derfor er det riktig hyggeleg at Tales of Symphonia lovar svært bra på dette området. Stemma til Lloyd er gitt av same person som gav liv til Maximillian i Dark Chronicle, og mange av dei resterande skodespelarane har gjort gode jobbar tidlegare. Det ser altså ikkje ut til å vere noko å frykte på denne fronten. Både lydeffekter og musikk låner desperat frå 16-bit-eraen, og det gir unekteleg ein viss sjarm. Det varierar litt i kvalitet, men det er visse melodiar her det absolutt står respekt av. Sjølvsagt er det uunngåeleg med syretrippar av ei anna verd, berre for å sette det svært spesielle japanske preget på det heile.

Konklusjon Det er kanskje ingen revolusjon som ventar oss nittande november, men heller eit hærleg nostalgisk eventyr. Historia er underhaldande nok, allereie nokre få timar inn i spelet byrjar det å skje uventa ting. Om det vil fortsett slik er vanskeleg å seie, men det er lov å håpe. Det kanskje mest interessante er likevel kampsystemet. Turbaserte kampar har etter kvart fått eit dårleg rykte, og det er tydeleg at fleire og fleire prøvar å finne på nye ting. Namco er absolutt på sporet av noko, og det faktum at du kan plugge inn to handkontrollar for å spele gjennom kampane i lag med ein ven, er eit stort pluss. Det er smertelig få eventyrspel til GameCube, og dette kan nok bli ei fin julegåve for mange. Vi kjem tilbake med full omtale nærmare lanseringsdato.

Siste fra forsiden