Tales of Symphonia

Ein gong i tida var Nintendo den regjerande mesteren når det kom til eventyr-spel. Super Nintendo var heimen til nokre av dei mest fantastiske eventyra i historia. Etter det gikk det berre nedover, og det er eit trist syn å sjå utvalet med gode eventyr-spel i katalogen til GameCube. Det er derimot ingen grunn til å fortvile, for det GameCube manglar i kvantitet, gjer Namco absolutt opp for i si siste perle: Tales of Symphonia. Det følest som å bli sendt tilbake i tid. Musikken er gode gammaldagse melodiar med fengande overtonar, og grafikken er fargerik og innbydande. Det er av og til nesten som å ta steget inn i ein teiknefilm. Bakgrunnane ser ut som om dei er i akvarell, sjølv om dei er i 3D, og det er noko av det søtaste og mest sjarmerande du kan vente deg å få sjå.

Ein ung mann og hans barndom
Historia i Tales of Symphonia involverar mange element, men i utgangspunktet er det manatreet som er i ferd med å visne, og ein utvalgt må setje ut på ei reise for å regenerer verda, og redde mange liv. Sjølvsagt er du ein del av følgjet til den utvalgte. Hovudpersonen heiter Lloyd Irving og har ikkje hatt ein enkel barndom. Han har aldri kjent foreldra sine, men har budd hos ein dverg som har tatt hand om Lloyd som sin eigen son. Problemet til Lloyd er at han er ein temmeleg naiv ung mann, som gjerne går rett på sak i staden for å tenke seg om først, noko som sender han ut i fleire problem enn han kanskje har godt av. Autoritetar er heller ikkje noko han har mykje til overs for.

Det heile byrjar i Iselia, byen der Lloyd og venene hans har tilsynelatande levd i fred så langt i livet, men akkurat kva du ser er ikkje nødvendigvis det du får. Utanfor byen ligg ein av mange menneske-gårdar der ein gjeng med kjeltringar med litt for mykje makt, sender ulukksalige sjeler til slavearbeid. Desse kjeltringane går under namnet Desians, er halv-alvar, og er rimeleg usympatiske. Lloyd ender opp i konflikt med desse, noko som set både ekspedisjonen til den utvalgte, og mange uskuldige liv i fare.

Akkurat dette blir etter kvart varemerket til Lloyd. Han handlar gjerne før han tenker, og i følgjet hans er det fleire på hans alder som gjerne er einige med han. I følgjet er det uansett nokre vaksne med, og dei benyttar alle anledningar dei har til å informere Lloyd om kor naiv og umoden han er. Det er eigentleg ein litt morosam vri. Det er mange heltar som Lloyd, men i staden for at du sit og tenker stygge tankar om hovudpersonen, er det andre karakterar i spelet som tar seg av den oppgåva for deg.

I utgangspunktet gir Tales of Symphonia seg ut for å vere som kva som helst anna eventyr. Ei gruppe legg ut på ei reise for å redde verda frå den visse undergang, og møter nye ansikt med jamne mellomrom, venn eller fiende. Det er sjølvsagt ein del av dette i Tales of Symphonia, men det er gjort på ein veldig engasjerande måte. Du får ikkje vite alt med ein gong, ting skjer med karakterane, dei har sine hemmelegheitar, og litt etter litt brettar historia seg ut. På reisa for å regenerer verda må den unge jenta Colette ut for mange prøvelsar, sidan ho er den utvalgde. Ein skulle tru dei fleste ville ha ei fin og fruktbar verd, men slik er det absolutt ikkje, og dei som etter kvart set seg opp mot følget til Colette og Lloyd viser seg å svært forskjellig motivasjon.

Sideskrollande action
I motsetning til andre eventyrspel frå Japan, er det verken turbaserte eller tilfeldige kampar i Tales of Symphonia. Du kan sjå alle fiendane på kartet, og kampane er noko utanom det vanlege. Namco er eit kjent ansikt innanfor kampsport-sjangeren, og det kan tyde på at det er herifrå inspirasjonen til kampsystemet i Tales of Symphonia er henta frå, riktignok i ei svært forenkla form. Kampane i Tales of Symponia kan best beskrivast som nesten sideskrollande. I utgangspunktet skrollar alt sidelengs, og fienden er på ei side, medan heltane er på den andre. Folk spring mot kvarandre, slår, sparkar og sender magi, i noko som minnar meir om kampsport-spel frå tidleg nitti-tal.

Grunnen til at det kun er nesten sideskrollande, er at karakterane til ei viss grad kan bevege seg tredimensjonalt. Det vil seie at om du kjempar mot ein fiende, kan ein anna flanke deg frå sida. Dette byr sjølvsagt på ein del ekstra utfordringar i kamp, sjølv om utgangspunktet er veldig enkelt. Du slår med A, og kan utføre komboar ved hjelp av denne knappen aleine, men du kan lagre forskjellige spesialangrep til B og kontrollstikka. Ved å trykke på B samtidig som du held kontrollstikka i forskjellige retningar kan du utføre forskjellige angrep. Du kan og legge angrep til C-stikka, og alle spesialangrep kan kombinerast med frenetisk trykking på A for å halde komboane gåande lengre, og for å gi enda meir skade. Etter kvart vil ein og kunne utføre samla angrep der alle karakterane går saman. Ved å setje saman gode kombinasjonar kan ein gjere stor skade på fienden.

Krig har ingenting med muskelkraft å gjere
Du lærer nye angrep enkelt og greit ved å gå i kamp. Etter kvart som du går opp i erfaringsnivå vil du få tilgang på nye angrep eller ferdigheiter. Akkurat kva du får avhenger av noko som heiter for Exsphere. Exsphere er kuler som gjer folk sterke i kamp, og du kan sei samtlige av karakterane i Tales of Symphonia hadde vore ganske håplause krigarar utan. Forskjellige exspheres har forskjellige eigenskapar, og nokon vil gjere deg raskare i kamp, medan andre vil fokusere på liv. Det er ein interessnat prosess det er lett å ta forgitt, men riktig bruk kan gi deg akkurat det overtaket du treng. Ein ting som er felles for slike angrep er at dei i klassisk eventyr-stil kostar mana. Forskjellige angrep har forskjellige prisar, alt etter omfang.

Du styrer kun ein karakter i kamp, men du kan konfigurere alle karakterane til å følgje visse mønster. Du kan så og sei stille inn på alt. Du kan blandt anna velje kva type angrep dei skal fokusere på, eller om dei skal spare på manapoeng. Du kan sei denne siste delen er det aller viktigaste. Om du lar alle karakterane bruke angrep som dei vil, kan du vere sikker på at alle er tomme for mana når du endeleg møter ein fiende som betyr noko. Har du lite mana når du møter ein boss, sliter du noko heilt frykteleg. Den tida du brukar på å fylle opp manabeholdninga til karakterane dine, brukar fienden på å sørge for at alle saman dør. Resultatet blir raskt at du må sjå lange sekvensar om igjen, noko som ikkje er spesielt moro. Namco kunne gjerne ha inkludert moglegheita for å hoppe over sekvensar.

Det er sjølvsagt mange butikkar i alle byar du besøker, og alle tilbyr forskjellige ting. Felles for alle er at du aldri har nok pengar. Du vil alltid sjå noko du gjerne vil ha, men sidan du nettopp brukte mykje pengar i feil butikk, må du vente til neste gong. Akkurat her kjem ein smart del av spelet inn. I staden for å nødvendigvis kjøpe nytt utstyr heile tida, kan du lage nye ting av det du allereie har, men ikkj elngre brukar. I mange butikkar kan du velje å ”Customize” i staden for å kjøpe, og du vil då få ei liste over kva du kan lage. Kvar nye gjenstand krev bestemte ingrediensar, og det er sjølvsagt svært sjeldan ein har alt dette. Det er ofte lurt å sjekke kva karakterane har utrusta seg med, sidan dette ikkje kjem opp på lista over kva ingrediensar du har.

Pene område, men stive animasjonar
Tales of Symphonia er absolutt eit vakkert spel, men det er tydeleg at visse område har fått meir oppmerksomheit enn andre. Om ein ser på verdskartet i forhold til områda du besøker, er det ein ganske stor forskjell. Verdskarta ser ut som om dei er henta frå eit PSOne-spel, medan byar og fiendtlege område er pent modellerte med fine og skarpe teksturar. Kvar by du besøker er full av små detaljar som får dei til å kome til live. Det er også ein del fine animasjonar og effekter i kampane, men så lenge du ikkje er i kamp følest det ganske stivt. Om du til dømes ser på ein sekvens er gjerne modellane ganske stive i bevegelsane og det er kun ein kroppsdel som bevegar seg av gangen.

Ein svært positiv del av spelet er at stemmene til karakterane er veldig bra. Det følest ikkje rart eller krameaktig, og det einaste negative med stemmene er eigentleg at det er for lite av dei. Mange sekvensar består kun av skriven dialog, sjølv om ein skulle tru hendelsane var viktige nok til å putte inn litt stemmer. Det same gjeld musikken. Sjølv om det stort sett er musikk overalt er det ofte dei same melodiane som går igjen heile tida. Fiendane har ein melodi, verdskartet har ein melodi, og musikken i byane er stort sett veldig lik. Det gjer ting lett litt einsformige, og litt meir variasjon hadde absolutt vore å foretrekke. Sjølv om det er ein del bra musikk i spelet, blir ein lei av den etter ei stund.

Konklusjon
Vil du ha eit solid eventyr med detaljert kampsystem og mange timar med moro, leverar Tales of Symphonia absolutt varene. Det har sine manglar og småfeil, men ingenting som skadar spelet som heilheilt. Det har ei fin historie som er godt fortalt, sjølv om den kanskje manglar litt originalitet. Dette er kanskje det største problemet til slik spel no for tida. Du får raskt følelsen av at ein gjeng mindreårige atter ein gong skal redde verda byrjar å bli litt utdatert, men så lenge det kjem frå Japan er dette tydelegvis noko vi må leve med. Tales of Symphonia er uansett eit fabelaktig eventyr som ikkje burde ha store problem med å invitere nye folk til sjangeren.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen