Tekken- og SoulCalibur-veteranar lagar samarbeidsaction til PC

Rise of Incarnates byr på lagbaserte kampar i opne område.

Som dei fleste andre japanske utviklarar har Bandai Namco stort sett fokusert på konsollar når dei har laga nye spel. Dett endrar seg med Rise of Incarnates, eit actionspel som blir utvikla eksklusivt for PC. Dette fortel Bandai Namco i ei pressemelding.

Spelet blir utvikla av folk frå teama som har stått bak spel som Tekken, SoulCalibur og Gundam Extreme VS. Nøyaktig kven frå dei ulike teama som står bak utviklinga av Rise of Incarnates seier derimot ikkje pressemeldinga noko om.

Supermenneske til kamp

Rise Of Incarnates byr på fleirspelarslåssing i opne arenaer.

Rise of Incarnates tek oss med til ei framtid der det meste har gått i grus. Her møter vi Incarnates. Dette er ei gruppe folk med superkrefter, ikkje heilt ulikt mutantane i X-Men. Kreftene til krigarane i Rise of Incarnates vil derimot vere på eit mykje høgre nivå.

Spesifikke detaljar om korleis spelet vil fungere er i skrivande stund få. Det blir eit lagbasert actionspel der to lag på to spelarar vil ryke i tottane på kvarandre. Ved hjelp av ei rekke angrep som kan brukast både i nærkamp og over lengre distansar vil krigarane krige, spring og flyge over det pressemeldinga lovar er opne 3D-arenaer.

Spelet vil bli eit av fleire spel frå Bandai Namco som følgjer «gratis»-modellen. Bandai Namco har ikkje gjeve nokon detaljar om korleis denne vil fungere i Rise of Incarnates.

Rise of Incarnates skal etter planen lanserast mot slutten av året, men utviklarane vil snart sparke i gong ein alfatest som du kan melde deg på ved å gå til spelets offisielle nettstad. Den første traileren frå spelet kan du sjå nedanfor.

Tidlegare gratisprosjekt frå Bandai Namco er kortspelet Tekken Card Tournament, nyleg lanserte SoulCalibur: Lost Swords, samt komande Ace Combat: Infinity. Sistnemnde har lansering 28. mai.

Siste fra forsiden