Anmeldelse

Tekken 5

Kampen om jernhanda er tilbake for siste gong på PlayStation 2. Gjer deg klar for endelause komboangrep, og eit imponerande persongalleri.

Side 1
Side 2

Stygt og pent
Dette hindrar uansett ikkje spelet frå å vere veldig god underhaldning. Som sagt er det eit solid persongalleri, og i Tekken 5 er alt som kan krype og gå av karaktervariasjonar med. Dessverre er det ikkje alltid det er veldig pent. Visse arenaer er rett og slett nydelege, medan andre godt kunne ha forblitt på idèstadiet. Det er til dømes ein isarena full av pingvinar som dukkar opp og forsvinn i lause lufta. Samtidig er det kanskje på tide at "spesialeffektene" i spelet blir skifta ut. Dei har ikkje utvikla seg merkbart sidan det første spelet, og er fortsatt flate 2D-sprites som ser heilt malplasserte ut i intense kampar.

Det er fleire modusar å velje mellom frå hovudmenyen i Tekken 5. Det er greit lagt opp på ei liste, og alt av standard-modusar er inkludert. Vi har arcade-kampar, historie-modus, og sjølvsagt frie kampar mot ein ven. Du kan også ta del i lag-kampar, der du vel opp til åtte stykk som skal vere med på laget ditt. Samanlikna med den frie flyten i Dead or Alive, er denne delen av Tekken 5 ganske uinteressant. Vinn du mot ein motstandar vil kampen stoppe opp, og det går nokre sekund før neste kamp går i gong. Du byrjar kvar kamp med like mykje helse som du slutta forrige kamp med, men det er ikkje like morosamt som Dead or Alive, der kamphanane hoppar inn i kampen etter kvart som nokon blir slått ut.

Du har også tids-modusar og liknande, der du skal vinne så mange kampar du kan. Det er aldri "game over" i desse modusane, sidan det uansett berre er å velje ja når spelet spør om du vil fortsette. Felles for modusane er at dei gir deg pengar. Desto lengre du held det gåande, di meir gryn får du i kassa, og dette er pengar du kan bruke på å pynte på karakterane. Vi finn forskjellige kostymer, tilbehør og fargevariasjonar til draktene dine. I byrjinga er det litt uinteressant å bry seg med dette, sidan berre det å skifte farge på drakta kostar uhorvelege mengder med pengar. Du kan kanskje kjøpe eit par briller, men kven bryr seg eigentleg med å kaste bort pengar på det når du knapt nok ser dei uansett? Å kunne kustomisere karakterane er uansett eit stort pluss, sidan det er noko som får deg til å fortsetje med spelet, bortsett frå det å bli betre sjølvsagt.

Det er heller ikkje noko nytt å hente i Tekken 5. Joda, historia (om vi kan kalle den det) har utvikla seg litt, og det er fortsatt konflikter du kun kan ordne opp i gjennom å slå ein abnormalt kraftig sluttsjef. Sluttsjefen i Tekken 5 er eigentleg litt i meste laget for kva som er moro å bryne seg på. Han er verken rask eller teknisk dyktig, men han har eit angrep som er praktisk talt umogleg å blokkere, og det dreg ned godt over halvparten av helsa di. Om han angrip deg med dette to gongar på rad, er du død, uansett kor dyktig du er. Han er meir frustrasjon enn utfordring, og det er ikkje noko Tekken 5 er tent med.

Eit positivt pluss er ekstratinga som kjem med spelet. Ein ting du kan more deg med er eit lite action-eventyr med Jin i hovudrolla. Det som verkeleg er skremmande med dette vesle eventyret er kor enormt mykje betre det er enn Nina Williams sitt soloeventyr (Death by Degrees) tidlegare i vår. Devil Within (som spelet heiter), er fortsatt eit temmeleg dårleg spel, men det er tross alt noko du får gratis, i staden for å finne det i hylla til full pris. I tillegg finn du arcade-versjonar av Tekken 1, 2 og 3. Det er ganske festeleg å sjå kor mykje serien har utvikla seg sidan byrjinga, og spesielt festeleg er det å sjå den enorme utviklinga grafikken har sett sidan dei første åra på PSOne.

Konklusjon
Problemet med Tekken 5 er ikkje kva det er, heller kva det ikkje er. Konkurransen er hard, og Tekken 5 manglar det vesle ekstra som skal til for å skilje det ut frå resten i nemneverdig grad. Ikkje misforstå, det er eit bra spel, til tider veldig bra, men vi har sett alt før. Om du ikkje har spelt eit slåssespel før er Tekken 5 ei veldig god investering, spesielt med tanke på dei andre spela du får i pakka. For Tekken-fans er det også mykje å hente, det er oppdatert grafikk og nye kamphanar, men for alle andre blir det litt tamt. Det er ingenting nytt, men berre meir av det same gamle. Det gamle er riktignok god underhaldning, men i kamp mot Virtua Fighter, Soul Calibur og Dead or Alive er eg redd det ikkje er nok.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden