Anmeldelse

Tenchu Z

Ryu frå Ninja Gaiden er utan tvil den best kjende ninjaen i spelverda. Han er eit lærkledd fantom som høgg seg veg gjennom fiende etter fiende på si jakt etter mannevonde beist. Alle som har sett ein skikkeleg ninjafilm frå Japan, vet imidlertid at Team Ninjas meisterverk ikkje akkurat er eit realistisk portrett av skuggemenna frå Japan. Ein ninja gjekk i eitt med skuggane, og tok livet av fiendane sine med stille og dødeleg presisjon. Det er dette biletet av ninjaene From Software prøver å gi oss med Tenchu Z.

I Tenchu Z brukar du det meste av tida på på sitje på eit tak. Du speidar utover den vesle landsbyen målet ditt oppheld seg i, og prøver å finne ein veg inn. Utan ein lyd glir du ned frå taket og stikk sverdet ned gjennom halsen på ei uvitande vakt. Du rullar inn i skuggane og ser deg rundt etter ei ny vakt du kan ta livet av. Du kryp sakte framover og gøymer deg i ei busk medan du ventar på at ditt neste mål skal snu ryggen til deg. Tida går, men blikket ditt viker ikkje eit sekund. Brått ser du ei opning, og du slår til. Du spring fram og kuttar om halsen på han så blodspruten står. Katanaen glir stille tilbake i slira, og du kryp vidare mot neste mål. Slik held du fram. Du rullar stille mellom hus, klatrar på hustak, og gøymer deg i busker.

Bambusfløytene kilar deg i øyret, lauv fell frå trea, og du får ei unekteleg kjensle av at du eigentleg har det ganske fint. Det er ganske fornøyeleg å hoppe over hustak og liggje i skuggane medan du ventar på eit offer. Kjensla av å vere ein av av natta sine mørke demonar er ikkje til å ta feil av.

Ninja på tomgang

Sakte, men sikkert, byrjar du likevel å lure på kva som eigentleg er i vegen med dette spelet. Kvar er alle dei andre ferdigheitene til ein ninja? Om du liksom skal vere ein demon, kvifor må du ta til takke med å bruke ein og same knapp til alt du gjer? Om målet er å forbli usett, kvifor kan du ikkje drepe nokon med ei enkel pil frå bogen? Kvifor er alle spesialangrepa du kan lære basert på eit håplaust kampsystem som tryglar deg om å halde deg unna alle former for nærkamp? Kvifor har du ikkje fleire metodar for å stille ta livet av fienden på? Kvifor, kvifor, kvifor?

Du endar opp med å bruke meir tid på å trylle deg inn i ei fantasiverd om korleis dette spelet kunne ha vore, enn å oppfatte kor mangelfullt spelet eigentleg er. Det er ikkje moro å liggje i skuggane. Det er spanande i den forstand at kan snike deg inn på nokon, men du endar ofte opp med å sitje på huk i eit minutt eller to medan du ventar. Du ventar på at fienden skal snu ryggen slik at du kan sprinte inn for å gi han eit kjapt endelikt. Det er alt. Time etter time, nivå etter nivå. Det er alt du gjer. Du ligg bak eit hjørne, ventar til dei hjernedøde zombiene snur seg, og høgg til.

Det merkelegaste med Tenchu Z er at sjølv om spelet legg opp til å hoppe frå hustak til hustak, har du likevel ikkje ein einaste kreativ metode for å utføre drap frå høgda. Du kan sitje på kanten av eit tak, sjå ein fiende rett under deg, utan nokon god måte å drepe han på. Du må rulle ned på bakken før du kan ta i bruk katanaen din. Du kan ikkje berre gli ned frå taket, og røske til deg fienden. Du kan ikkje slenge ei løkke rundt halsen hans, for å trekkje han etter deg. Kva du kan gjere i spelet er høgst begrensa, og det er dette som er spelet sitt alle største problem. Tenchu Z er eit ninjaspel som prøver å skape ei kjensle av at du er ein verkeleg ninja, utan å la deg gjere dei tinga som gjer ninjaer interessante i utgangspunktet.

Løn for strevet

Kvart brett du tar fatt på vil til slutt gi deg ein poengsum. Du får høg poengsum ved å utføre mange «stealth kills», altså ved å luske i skuggane. Du får poeng for å drepe folk i kamp, men du mistar poeng ved å bli oppdaga. Ein uunngåeleg konsekvens av kamp er å bli oppdaga, så akkurat dette blir meiningslaust. Ikkje berre sidan du mistar mange poeng, men òg grunna spelet sitt håplause kampsystem. Det finnest ikkje underhaldningsverdi i det, og du endar berre opp med å slå eit enkelt angrep inntil fienden er død. Å drepe ein fiende på denne måten tek i tillegg merkverdig lang tid med tanke på kor skarp ein katana i prinsippet skal vere.

Mellom oppdrag kan du kjøpe nye ferdigheiter og angrep for poenga du har tent, men verdien av dei kan diskuterast. Kontrollane i spelet er slappe og upresise, noko som gjer forskjellege angrep og blokkeringar svært vanskelege å utføre. Det kan uansett vere verdt eit forsøk sidan det kan redde deg ut av ein kamp eller to om du er heldig. Stort sett er uansett det beste alternativet å springe unna, for å gøyme seg til fienden har gløymt deg, noko som skjer ganske raskt. Den kunstige intelligensen i Tenchu Z bør nesten få honnør for kor dårleg den er. Om vaktene til dømes skulle finne eit lik, vil dei rope og brøle i nokre sekund, før dei spaserer vidare som om ingenting har skjedd.

Nokre av ferdigheitene du kan kjøpe kjem likevel godt med. Til dømes kan du bli betre til å hoppe, noko som er svært praktisk om du vil nå opp til høge hustak. Visse andre ferdigheiter er praktiske, men blir øydelagde av den dårlege kontrollen. Eit godt døme på dette er korleis du kan utvikle ei form for kikkertsikte. I utgangspunktet ein veldig grei ting å ha, men kontrollane har alt for høg respons, og får blikket ditt til å hoppe rundt på skjermen som ein jojo på steroidar.

Handletur i blinde

Tenchu Z har eit hav av moglegheiter for deg om du vil skreddarsy din eigen ninja. Før du startar spelet vil du velje blant forskjellege ansikt og hårfrisyrar, samt eit beskjedent utval klede. Etter kvart som du får poeng for oppdrag kan du kjøpe mange nye ting å kle deg opp med. Du kan finne alt frå forskjellege klede til diverse dilldall som får karakteren din til å sjå hakket tøffare ut. Samtidig kan du låse opp nye ting ved å klare oppdrag. Problemet med dette er at du aldri veit kva du brukar pengane dine på. Du får ikkje sjå korleis noko ser ut før du har kjøpt det, og dette endar raskt opp med at du brukar pengane dine på ting du eigentleg ikkje synest ser tøffe ut.

Samtidig er ikkje spelet det penaste heller, modellane er stygge, og områda er svært enkle. Det einaste som eigentleg reddar grafikken er stemningsfull lyssetjing som gir spelet den rette gneisten. Generelt sett ser likevel spelet definitivt ut som eit spel for den førre generasjonen, og det hadde ikkje vore imponerande der heller.

Om du vil, kan du spele Tenchu Z over Xbox Live. Dette er i utgangspunktet positivt sidan du kan bruke dei poenga du tener her når du held fram aleine. Dessverre blir denne fleirspelar-modusen fullstendig øydelagd av håplaus forsinkelse. Det første du vil legge merke til er korleis dei andre spelarane ser ut til å hoppe framover som om dei brukar shunpo-teknikken frå anime-serien Bleach. Dessverre har du ikkje slike artige teknikkar i Tenchu Z. Det andre du vil legge merke til, og som garantert fører til størst bry, er korleis forsinkelsen forhindrar deg i å gjere dei enklaste ting. Tiden frå du slår med sverdet, til det skjer på skjermen, er uakseptabelt lang.

Konklusjon

Tenchu Z er eit spel som lett kunne ha vore veldig mykje meir. I dugelege hender kunne dette raskt ha blitt ninja-verda sitt svar på Sam Fisher og Solid Snake, men den gong ei. Det er mange idèar her, eller i alle fall får du mange idèar, men ingen av dei er gjennomført. Det er moro å liggje i skuggane, men tenk så bra det kunne ha blitt om du hadde litt fleire ninja-talent å ta i bruk.

Tenchu Z endar opp som eit spel som er underhaldande no og då i svært begrensa dosar. Litt sniking er moro, men når du gjer identiske oppdrag i fleire timar blir du lei. Det er eigentleg ganske synd, for det er lett å sjå potensiale i dette spelet.

Vurdering


Tenchu Z X360 X360 3/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. juni 2007
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: K2

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen