Test

ASUS ROG STRIX GL12CM

ASUS leverer ein kraftpakke

Gir skyhøg biletefrekvens i alt av konkurransespel, men prisar seg ut av marknaden.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Design, yting og konklusjon
2: Benchmarking

I ein jungel av komponentar kan forhandsbygde stasjonære datamaskinar vere enkle og greie løysingar. Ein kan kjøpe merkemaskinar, eller ein kan få ferdigbygde pakkar frå til dømes Komplett, som gjerne er hakket billigare.

Me har testa den årsnye toppspekka maskinen frå ASUS ROG, som produsenten meiner er alt du treng for e-sport. Med ein vasskjølt Intel Core i7-8700K, eit Nvidia GeForce GTX 1080-skjermkort, 32 GB DDR4 2666 MHz minne og ein 512 GB M.2 PCIe-SSD, så er det lite å seie på ytinga her. Det heile kjem pakka i eit kompakt midi-tårn, og ein drøss med RGB-lys over alle kantar.

Å skrive melding av ein stasjonær PC er litt meir rett fram enn til dømes ein berbar, så her er pris den store faktoren. Me har sjølvsagt sett nøye på yting til spel og rendering, men me veit kva innmaten er, og difor er innhogget i lommeboka det viktigaste.

Spesifikasjonar

Vis mer
ASUS ROG STRIX GL12CM NR006T
Prosessor: Intel Core i7-8700k
Grafikk: Nvidia GeForce GTX 1080
Systemminne (RAM): 32 GB 2666 MHz DDR4
Lagring: 1 TB 7200 RPM HDD
Lagring: 512 GB M.2 SSD
Operativsystem: Windows 10 Home
Storleik: 45 x 17 x 40 centimeter
Straumforsyning: 500W 80+ Gold
Lydkort: Realtek ALC1150 integrert
Vekt: 11 kg
Pris: 24 000

Og denne grev djupt ned etter alle kroner og ører den kan finne. Faktisk må du ut med heile 24 000 kroner for versjonen av ASUS ROG STRIX GL12CM (NR006T) med dei beste spesifikasjonane, som me har testa. Det er mange pengar. Til samanlikning kan du få kjøpt ferdigbygga maskinar med GTX 1080Ti til same prisen, men riktig nok med halvparten av minnet og mindre lagringsplass.

Me gjer merksame på at den modellen me har testa ikkje er tilgjengeleg for sal på den norske marknaden, men ein versjon med identiske spesifikasjonar kan kjøpast hos Elkjøp til 24 000.

Design

ASUS ROG er kjend for å levere typiske «gamingprodukt», og dette er definitivt ikkje noko unntak. Kabinettet har RGB i alle regnbogens fargar, ein drøss med ROG-merker og forseggjorde ventilar. Alle boksane er kryssa av her. Det luktar gaming på lang veg.

Framsida av kabinettet er delt opp med RGB, der mønsteret skal etterlikne maska til ein ninja. Skift fargane på RGBen til grøn, så stirrar ein plutseleg inn i ansiktet til Genji frå Overwatch. Personleg likar eg å ha harryfaktoren skrudd opp eit par hakk, så eg syns det fungerer. Kabinettet er kult.

Slik ser den ut fra framsida.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Under CD/DVD-lesaren har ROG lagt inn ei skuffe for ein ekstra SSD. Det er neppe spesielt nyttig for kvarmannsen, men turneringsarrangørar innan e-sport kan sikkert spare litt tid med dette her. Utøvarane får ta med det dei treng på eigen SSD, og får hive den inn utan noko anna enn å plugge inn ein SATA-kabel. Fiffig – så lenge ein sjekkar for juks og fanteri, då.

Skuffa er ein smule lealaus, så ein må vere forsiktig når den settast inn. Eg hadde òg eit problem med at på-knappen hang seg fast då eg trykka den inn, men ASUS seier at dei ikkje har merka dette med nokon av dei andre maskinane sine, så det er sannsynlegvis eit eller anna som har skjedd i løpet av fraktprosessen.

Rettar me blikket mot sidepanelet, finn me ei glasplate som gir innsyn i dei mange RGB-komponentane. Ei 120-millimeter vifte heng mot «taket», som kjøler ned prosessoren ved hjelp av vatn.

Skjermkortet er fanga inn bak ein slags bøyel. Denne skal kunne hindre skade på skjermkortet ved frakt. Nok eit pluss for eventuelle utøvarar/arrangørar, altså. Problemet er vel at det gjer det særs upraktisk å fjerne skjermkortet dersom ein skal skifte det ut. Dei har nemleg skrudd bøyelen direkte inn i skjermkortet. Det gjer at bøyelen berre blir brukbar med skjermkortet som sit i no, for dei færraste av oss kjem til å tørre å bore hol i nye skjermkort til desse skruane.

Tilkoplingsmoglegheiter

Framme på kabinettet har du altså CD-lesar, fire USB-inngangar (to av dei 2.0, to 3.0), ein kombinert lyd/mikrofon-port og ein SD-kortlesar. Eg skulle gjerne hatt separate portar for mikrofon og hovudtelefonar, men du kan sjølvsagt bruke inngangane på baksida.

Bak finn du åtte nye USB-portar, der to kjem i 3.1-format, to i 3.0 og to i versjon 2.0. Du får òg ein optisk inngang, Ethernet-port, samt fem ulike 3,5-millimeter-portar. Ganske standard oppsett, altså. Skjermkortet har to inngangar for HDMI, to for DisplayPort og ein DVI-port.

Du får det du forventar, med andre ord. Elles er det sjølvsagt moglegheit for å kople til ymse dingsar via Bluetooth 5.0 og det trådlause nettverkskortet.

Yting

Så, til det me verkeleg bryr oss om her. Tal. Du kan sjå ei full oversikt over alle testane våre på neste side, der me legg ut resultata.

I og med at maskinen er utstyrt med ein fabrikkoverklokka i7-8700k (4.8 GHz), så er det ikkje overraskande at den taklar det me hiv etter den av produktivitetsoppgåver. Intels forbrukarprosessor når ikkje heilt opp til ytinga til Ryzen-plattforma i rendering og video/bileteredigering, men den får jobben gjort takka vere seks kjernar. I spel er det derimot Intel som er kongen. Dette er med unntak av i7-8086K den beste spelprosessoren du kan få tak i for ein nokolunde fornuftig penge.

Ein bøyel vernar om skjermkortet - men gjer at ei eventuell oppgradering vil vere mykje stress.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kombinert med Nvidias GeForce GTX 1080, er speling i 1920x1080 null problem for GL12CM. Med fokus på e-sport, så kjem ein vel stort sett til å halde seg i den oppløysinga. Maskinen lever enkelt opp til ein 240 hertz-skjerm i til dømes Counter-Strike: Global Offensive, og vil klare det same i Overwatch og Rainbow Six Siege med nokre justeringar på innstillingsnivået.

For å gi ein ide om korleis maskinen taklar speling har me samanlikna den med ein tilnærma identisk datamaskin, men med eit 1080Ti-kort i testane våre. Generelt sett vil ASUS ROG STRIX GL12CM oppnå omtrent like mange bilete i sekundet i 1920x1080 som 1080Ti-maskinen gjer i 2560x1440. Det er i 4K at GL12CM byrjar å slite. Der held biletefrekvensen seg eit godt stykke under 60 i dei fleste nye spel, men ein skal kunne få den over den magiske komfortgrensa ved å skru ned nokre innstillingar her og der.

Cinebench-resultatet lovar godt for produktivitetsoppgåver.
Skjermdump Cinebench-test

Er du ute etter noko til bruk over 1440p, så bør du nok heller gå for ein maskin med 1080Ti, eller vente på den nye generasjonen av Nvidia-kort. Har du derimot ein 144 hertz eller 240 hertz 1920x1080-skjerm, så er GL12CM midt i blinken for konkurransespeling.

Den opplevde farten er lynrask takka vere prosessoren og ein 512 GB M.2 PCIe-SSD (du får òg ein terrabyte lagringsplass på HDD). Starttida i Windows ligg på rundt to sekund, og skrive- og lesefarten er kjapp nok til at framgangslinja forsvinn på eit blunk når ein flyttar rundt på filer, eller lastar inn nye brett i spel.

Varme- og støynivå

Skjermkortet er eit blower-kort av ASUS sitt eige design, som held temperaturen forholdsvis låg, til tross for det tronge kabinettet. God luftstraum hjelper på der. På tomgang ligg skjermkortet rett under 40 grader, og speling vil dra det oppunder 80 grader, opp til ein topp på 83 grader under maks last.

Prosessoren er det noko verre med. Til tross for vasskjøling blir den i overkant varm. Tomgangstemperaturen ligg på 38, og for det meste held den seg rundt 80-82 grader i skjermkort-fokuserte spel, men i stresstesting strekkjer den seg heilt opp mot 90. I Cinebench-testen kom eit par av kjernane opp til 85 grader, mens heile fire kjernar låg på 88 grader etter ei lengre økt i Assassin’s Creed Origins, eit spel som verkeleg pressar prosessorar til brestepunktet.

Her kan du legge inn ein ekstra SSD.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Støynivået reflekterer temperaturen her. Viftene byrjar verkeleg å lage lyd når ein kjem opp på slike temperaturnivå, og desibelmålaren min viste heile 48,7 under maks last. Viss eg tar av glaspanelet er det nesten så eg kjenner lufttrykket frå viftene ruske meg i håret. Støyande er det, i alle fall.

Det er heldigvis sjeldan at viftene må ta så mykje i, og på tomgang er datamaskinen omtrent støyfri. Målaren viser då under 30 desibel, slik at viftelyden blandar seg inn med støy frå omgivnadane.

Konklusjon

ASUS ROG STRIX GL12CM NR006T er ein e-sportmaskin som gir deg alt det nødvendige for å spele i full HD. Skjermkortet sikrar ytinga du treng for konkurranseskytespel på skjermar med høg oppdateringsfart, mens den noverande beste spelprosessoren på marknaden gjer at ein aldri treng å tenkje på noko flaskehals.

Ein kjapp M.2 SSD sikrar ei lynrask opplevd yting.
Skjermdump frå AS SSD-test

Dette er utan tvil ei optimal løysing for turneringsarrangørar. SSD-skuffen er praktisk, og maskinvaren er tilpassa alt av konkurransespel i 1080p. ASUS meiner sjølv at dette er ei viktig målgruppe for maskinen, så det kan me ikkje unngå å nemne.

Spørsmålet er vel heller om dette er ein PC for deg og meg. I forhold til konkurrentar i same prisklasse gjer GL12CM det godt med tanke på produktivitet med sine 32 GB minne og ein stor SSD, men at den er utstyrt med GTX 1080 og ikkje GTX 1080Ti gjer at dette neppe er den beste spelmaskinen du kan få tak i. Du treng verkeleg ikkje 32 GB minne for å spele. Sjølv om du er ute etter det ypparste av yting, er det andre maskinar som kjem med den same prosessoren, men med betre skjermkort til rundt den same prisen.

I skrivande stund kan du få ferdigbygga maskinar med 1080Ti ned i 20 000 kroner frå Komplett (med ein låst versjon av prosessoren). Spe på 4000 kroner til, så har du identiske spesifikasjonar som GL12CM, men med eit langt betre skjermkort. Eventuelt kan du investere i til dømes Acer Predator Orion 9000, som gir deg eit 1080Ti-kort med 8700k-prosessor til 25 000, men med halvparten av minne og lagringsplass som GL12CM. Prisen vil sjølvsagt òg vere endå lågare viss du byggjer sjølv.

Totalt er dette ein kraftpakke av ein stasjonær, men prioriteringane til ASUS burde vore styrt mot eit kraftigare skjermkort. Difor er det nok betre løysingar du kan få tak i, til ein rimelegare pris. Flott RGB er eit pluss, men eg trur ikkje det er så mange som kjem til å dra nytte av SSD-skuff anna enn arrangørar. Til sjuande og sist tippar eg at dei òg vil prioritere eit betre skjermkort, så eg ser ikkje heilt kvar denne maskinen passar inn på marknaden. Dei som vil ha maskinar til videoredigering bør heller kjøpe stasjonær med Ryzen-prosessor, mens dei med blandingsbehov får meir ut av eit 1080Ti-kort.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
6
/10
Asus ROG Strix GL12CM 045
ROGs årsnye er ein kraftpakke, men kostar for mykje til å vere verd investeringa.
Ypparleg prosessoryting
GTX 1080 sikrar høg biletefrekvens i alt av 1080p-spel
Kult kabinettdesign
Låg vekt
Fancy RGB
Praktisk SSD-skuff for arrangørar
Bøyel som verner mot fraktskader
Kjapp SSD, plenty av RAM
Høge prosessortemperaturar
Stiv pris
Avgrensa oppgraderingsmoglegheiter med berre 500W PSU
Jetmotor-støynivå under last
1: Design, yting og konklusjon
2: Benchmarking

Siste fra forsiden