Test

Asus ROG Zephyrus M GM501

Den ultimate LAN-maskinen?

GTX 1070, seks-kjerners Coffee Lake-i7 og 144hz-skjerm gjer ROGs nye berbare til ein portabel kraftpakke.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
Side 1
2: Benchmarking og konklusjon

Konklusjon

Det er mykje å like med Asus ROGs nye Zephyrus M-berbare. Byggekvaliteten er fantastisk, og temperaturane held seg relativt låge utan «throttling». Designet er stilig, og ytinga er god nok til å konkurrere med dyre stasjonære datamaskinar. Det er eigentleg ingenting som maskinen ikkje kan klare i 1920x1080. Den vil òg kunne takle ein ekstern skjerm på 2550x1440 viss ein skrur ned innstillingane eit par hakk i dei mest krevjande spela.

For den som er ute etter noko å ha med på farten vil den glimrande 144hz-skjermen la deg oppleve konkurransespel på optimal måte, og vere til stor hjelp for dei som er vande med speling på 60hz. Responstida er blant dei kortaste du kan få, slik her er det du, ikkje utstyret, det står på.

Det er heller ingen tvil om at dette er eit stort steg fram frå fjorårets modell. Tastaturet, peikeplata og kjøleløysinga er betre, og det same er ytinga med den nye i7-prosessoren. Batteritida kunne vore lengre, men dette er kanskje ikkje den typen datamaskin ein har så mykje med seg på reise. Det er den ein smule stor for, sjølv om vekta er låg. Men viss du er ute etter noko å ha med deg på LAN utan å måtte hive både stasjonær og skjerm i bilen, er det få datamaskinar som kan slå GM501. Prisen er kanskje stiv, men det er få berbare alternativ som kjem i nærleiken.

8
/10
Asus ROG Zephyrus M (GM501GS-EI004T)
ROG byr på imponerande yting i syltynn innpakning. 
GTX 1070 taklar omtrent alt i 1920x1080 på høgaste innstillingsnivå
Relativt låge temperaturar
G-sync og 144hz
Marknadens nest beste skjermresponstid (etter ROG Strix II)
Greie høgtalarar
Kjempegod byggekvalitet
Praktisk programvare med eigen app til iOS og Android
Syltynt kabinett
Imponerande prosessoryting
Jetfly-lyd under last
Sjukt irriterande oppstartslyd (kan slå av i BIOS)
Svakt batteri
Tjukk skjermramme
Burde hatt fleire portar
Side 1
2: Benchmarking og konklusjon

Siste fra forsiden