Test

ASUS TUF Gaming RTX 3080 OC

Tidenes kraftigste gamingskjermkort er her

... og budsjettkjølaren frå ASUS er faktisk heilt kanon.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Test og konklusjon
2: Benchmarking av 10 spel

Spela me testar under er først og fremst fiksa benchmark-rundar som utviklaren har laga sjølv. Dette gjer me fordi dei ofte representerer fleire ulike stadar i spela, og gir ein god balanse for å vise kva yting ein kan vente. Når det kjem til val av kort er me avgrensa til kva me har fått inn, men det er meir rettferdig å samanlikne tredjepartskort mot andre tredjepartskort.

Me gjer merksam på at testdata frå dei eldre korta kan vere noko utdatert, då me berre får låne skjermkorta. Det er mogleg nokre av dei vil yte betre i dag på grunn av forbetra optimalisering.

Nvidia vil ha det til at ein skal samanlikne RTX 3080 med RTX 2080, men eg syns det er meir viktig korleis det gjer det gjer opp mot RTX 2080 Ti. RTX 2080 var i praksis berre eit litt betre GTX 1080 Ti, som hadde same lanseringspris som det RTX 3080 har no, for tre og eit halvt år sidan. Tensor- og RT-kjernane er ikkje nok for å gjere opp for det i mi bok.

Her ser de resultata frå vår testing:

9
/10
Asus GeForce RTX 3080 TUF OC Gaming
Eit av marknadens billigaste 3080-kort er førebels eit av dei beste.
4K 60 FPS i det meste
Særs låge temperaturar
Lite støy
Fint design
Betydeleg kraftigare og rimelegare enn 2080 Ti
Høg boost-klokke
Gratis FPS med DLSS
Stort
Lite effekt av overklokking
Strålesporing er framleis altfor krevjande
Brukar svært mykje straum
1: Test og konklusjon
2: Benchmarking av 10 spel

Siste fra forsiden