Test

Audeze LCD-GX

For 10 000 kroner får du tidenes beste gaminglyd

Men er det verdt det?

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er ikkje akkurat kvar dag at ein får tilsendt spelprodukt i eigen koffert, men slik er første møte med Audeze sitt LCD-GX gamingheadsett.

Prisen reflekterer luksusinntrykket. Du må ut med heile 10 høvdingar for å eige vedunderet, men samstundes får du eit produkt som det verkeleg ikkje finst maken til i gamingverda. Det er rett og slett eineståande.

Headsettet nyttar seg av planarmagnetiske drivarar, på same vis som Audeze Mobius – som me gav 10 av 10 i fjor. Her er lyden endå betre. Det bør seie ein del om kva slags produkt dette er.

LCD-GX er utan tvil det beste headsettet me har testa så langt. Spørsmålet er naturlegvis kva du eigentleg får når du blar opp 10 000 kroner for gaminglyd, og om det er noko vits i å betale så mykje pengar for dette.

Det er eg meir usikker på.

Design og komfort

LCD-GX er omtrent heilt likt med audiofilhovudtelefonane Audeze LCD-X når det kjem til utsjånaden. Du får nokre enorme øyreklokker med særs behageleg kunstlêrputer, som er reine gåva for øyra dine. Kvalitetskjensla er heilt på topp, og det er ikkje vanskeleg å sjå at Audeze har brukt mykje arbeid for å skape eit produkt som skal vare i år etter år. Byggjekvaliteten er ypparleg frå ende til annan.

LUKSUS: Øyreklokkene er dekkja av nokre uvanleg behagelege puter.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Utsida av klokkene er dekkja av svart metall, med eit slags gitter i raudt på innsida. Detaljane er ei fryd for auget. Heilskapen er litt for spesiell og klumpete for min smak når det kjem til designet, men dette er eit headsett som verkeleg ser ut som det kostar mykje.

METALL OG LÊRBØYEL: Bøyelen er så behageleg at du knapt merkar at han er der.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Festet til bøyelen på hovudet er òg i metall. Justeringsmekanismen minner litt om eit grillspyd eg kjøpte på Coop Obs ein gong, men det opnar i alle fall for ei rekkje finjusteringar for alle moglege hovudstorleikar. Sjølve bøyelen kvilar på hovudet med ei lêrreim, som er god og mjuk mot håret.

LCD-GX er svært, men det tar ikkje mange minutta før det kjenst ut som det er ein del av meg. Eg tenkjer ikkje på det i det heile med ein gong eg byrjar å spele eller høyre på musikk. Det berre er der. Komforten er med andre ord fantastisk.

Vekta er på heile 460 gram, men summen av beresystemet og trykket på putene gjer at eg faktisk oppfattar det som lett på hovudet. Dette er òg monaleg mindre enn LCD-X, som veg 600 gram.

Tilkoplingar

DEMPEKNAPP: Dette er alt ein får av ekstrafunksjonar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Audeze LCD-GX er eit audiofilheadsett med gamingpreg, og det er difor ingen RGB, knappar eller ekstrautstyr på klokkene. For å hjelpe mikrofonen er det derimot ein kontrollar på leidningen med ein dempeknapp. Elles må du gjere alt via datamaskinen.

Lyd og mikrofon går gjennom XLR-kablar på kvar side av headsettet. Det er ikkje den mest elegante løysinga, men det gjer at ein enkelt kan ta mikrofonen heilt av. Heldigvis følgjer det med ein eigen kabel utan mikrofon for dei som har ekstern mikrofon.

For inngangen til PC/forsterkar får du velje mellom å bruke ein vanleg 3.5-millimeter AUX-plugg, eller XLR-kabel.

Lyd

Lydkvaliteten og lydbiletet er den fremste grunnen til at LCD-GX kostar så mykje som det gjer. Som med Mobius er nøkkelordet «nøytral». Det er vanskeleg å skildre lydbiletet på anna vis enn å seie at dette er det nærmaste ein kjem naturleg lyd. Drivarane gir ein balansegang som kjenst heilt slik den skal vere.

Det er rett og slett utruleg bra.

105-MM DRIVAR: Lydelementa i LCD-GX er endå større enn i Mobius. 105mm-drivaren har ei rekkjevidd på 10Hz til 50kHz.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Grunnen til den ypparlege lydkvaliteten kjem frå Audeze sin bruk av planarmagnetiske drivarar, som er ein slags mellomting av dynamiske og elektrostatiske drivarar. Kort sagt gjer dette at ein får ein særs nøyaktig lyd, på kostnad av litt mindre bass. For å flytte på nok luft og betre bassen, må ein ha store drivarar. Det er òg grunnen til at ein klokkene er så store.

KNALLTØFT: Det er ganske kult å få servert gamingheadsettet sitt i ei slik innpakking.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Utan ein forsterkar eller DAC er ikkje dette headsettet som du får mest volum ut av, men takka vere ein låg impedans (20 ohm) treng ein ikkje meir enn eit vanleg hovudkort for å gi det nok kraft. Uansett trur eg nok dei fleste som har råd til å bruke 10.000 på hovudtelefonar har pengar nok til å kjøpe ein ekstra DAC.

Og her er det fremste problemet mitt med LCD-GX. Lydbiletet og lydkvaliteten er nokre hakk betre enn Mobius, men utan den briljante virtuelle surrounden syns eg Mobius er eit betre val til spel enn det dette er. Virtuell surround gjort rett er som skapt for kaoset som er lydbiletet i eit spel. Sjølv om LCD-GX har glitrande «imaging» for musikk («plasseringa» av lyden»), fungerer det ikkje spesielt godt til å høyre fotskritt i skytespel. Det kan naturlegvis ein DAC fikse, eventuelt kan Dolby Atmos eller Windows Sonic bøte litt på, men med ein skikkeleg DAC må ein bla opp endå meir pengar.

Dette er for så vidt pirking, og gjeld alt av stereo-headsett. Men det treng ikkje koste mykje med eit lite 7.1-adapter, så det syns eg gjerne ein kunne fått når prisen er så stiv.

Sjølv har eg køyrt LCD-GX gjennom Sennheiser sitt GSX 1000-lydkort, og då klarar drivarane seg like godt i spel som i musikk og film. Eg har blant anna køyrt gjennom heile Horizon Zero Dawn på PC med denne kombinasjonen, der opplevinga er litt slik at eg berre kan lukke augo og framleis sjå spelet på skjermen like godt. Ulet av vinden, den neddempa, atmosfæriske musikken, sildringa frå bekken, knitringa frå eit bål og summinga frå sirissar i distansen.

Headsettet malar eit bilete i hovudet mitt som eg nesten kan ta og føle på.

Mikrofon

SVAKT VOLUM: Mikrofonen er god nok når det kjem til lydkvaliteten, men manglar litt guff.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Som på Mobius har ikkje mikrofonen fått nok merksemd i utviklinga. Lyden er varm og god, men sibiliantane kan bli litt for markerte for min smak. Volumet er òg ganske lågt, så eg måtte skru på boost i Windows for at mikrofonen skulle plukke opp stemma mi i det heile. Det er for så vidt ikkje noko problem då det er null skurring, men eg har definitivt prøvd gamingheadsett med betre mikrofon enn dette.

Det er ikkje godt nok på eit headsett til 10 000 kroner. Bakgrunnsstøy er ikkje krise no som ein kan bruke appar som Nvidia Broadcast til å fjerne alt av slikt ved hjelp av kunstig intelligens, men volum må ein ha.

Mikrofonen verkar litt som å vere noko dei berre har hive med for at dette skal vere eit gamingheadsett. Den fungerer meir enn godt nok til bruke i stemmeprat og liknande, men dette er framleis ein smule skuffande. Sjølv om eg ikkje forventa same kvalitet som på ein ekstern mikrofon, trur eg dei enkelt kunne fått betydeleg meir volum ut av mikrofonen.

Konklusjon

Det er vanskeleg å rettferdiggjere bruk av 10 000 kroner på eit headsett mynta på speling. Audeze veit nok godt at det er ei smal målgruppe for denne typen produkt, og det må eg nesten ta høgde for når eg set karakter. Likevel er det vanskeleg å ikkje trekkje litt. Dette skal trass alt vere eit gamingheadsett, og er ikkje berre laga for å konkurrere med andre audiofilhovudtelefonar.

SVINDYRT: Det kostar å vere kar viss du vil ha det beste av det beste. 10.000 er sjukt mykje å bruke på spellyd.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Uansett er dette på alle moglege måtar eit fantastisk headsett, og sannsynlegvis tidenes beste stereolyd i gamingverda. Sjølv om mikrofonen kunne vore betre, er byggjekvaliteten, komforten og lyden av ypparste klasse. Men til og med dei med saftige lønningar vil nok ha interesse av å få mest mogleg for pengane sine. For 99,5 prosent er nok Mobius eit betre kjøp basert på kva ein får for pengane, spesielt viss ein ikkje har noko DAC.

Det kan vere enorm forskjell på to gamingheadsett viss det eine kostar 1000, og det andre 2000. Ser me derimot på eit par som kostar 5000 og 10.000 er saka annleis. Då er det minimale forskjellar i lydkvalitet, og skilnaden går først og fremst på kva fokus drivarane har. Er lydbiletet nøytralt, er drivarane glad i basstunge songar, eller vil det hente fram alt det kan av detaljar av musikken?

MINSKANDE FORBETRING: Høgare prisar betyr at ein får mindre for pengane. Då mikrofonen verkar som noko dei berre har slengt med, ville eg sett meir på konkurrerande audiofilheadsett enn gamingheadsett viss eg faktisk tenkte på å kjøpe dette, og heller handla ein ekstern mikrofon.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Mobius og LCD-GX er ganske så like. LCD-GX er betre på omtrent alle moglege måtar, men me snakkar på ingen måte om forskjellar ein legg så veldig merke til når det kjem til lydbiletet. Det er heller små, inkrementelle betringar. Hovudtelefonane gir ganske ulike lytteopplevingar då LCD-GX er eit ope headsett, men lydbiletet er forholdsvis likt.

LCD-GX er det beste av det beste for dei som har pengar nok. Det er det lite tvil om. Men sjølv med oljeløn eller kva det måtte vere er nok dette eit produkt for dei som brukar like mykje tid på aktiv lytting til musikk som til speling. Nyansane forsvinn fort viss ein ikkje har fokuset på audioopplevinga. Og utan ein DAC ville eg ærleg talt heller brukt Mobius, rett og slett fordi god, virtuell 7.1-surround er uvurderleg i ein del speltypar for meg.

Er dette den beste lydopplevinga du kan få av alle gamingheadsett? Sannsynlegvis. Men bør du kjøpe det? Neppe.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
9
/10
Audeze LCD-GX
Det beste av det beste, men prishoppet er for ekstremt mtp. kor små betringane er.
Fantastisk lydkvalitet
Premium-kjensle frå A til Å
Topp komfort
Null skurring på mikrofonen, men ...
Eit nøytralt lydbilete som nesten matchar røynda
Headsettet kjem med eigen koffert. DET er kult
Mikrofonvolumet er for lågt
Pris

Siste fra forsiden