Test

Endgame Gear XM1r

Fleire og fleire proffspelarar brukar denne. Det er ikkje utan grunn

Ute etter ny CS:GO-mus?

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Gamingmusprodusenten Endgame Gear har vore veldig i vinden i det siste. Ideen om å lage særs enkle, lette og gode gamingmus til ein rimelege penge har gjort at dei har etablert seg som eit av dei mest populære merka på marknaden. Dei har blitt eit vanleg syn på pultane til CS:GO-proffar.

Det er spesielt den kabla skytespelmusa XM1 som har æra for dette. No har produsenten kome med ein ny variant av modellen, og me har tatt ein kjapp titt på kva som er nytt. Me har allereie testa førre versjon av XM1 før, så me kjem difor ikkje til å gå veldig i djupna på produktet.

Produsenten har endra på kabelen, sensoren, brytarane i museknappane og museføtene, saman med å tilby nokre nye fargar. Prisen er den same som for dei førre variantane.

Løftar produktet vidare

XM1-serien er mellomstore og lette mus meint for bruk i konkurransespeling. Den spisse passforma gjer produktet glimrande for klogrep, medan den låge kroppen sikrar ei perfekt plassering av tommelen for sideknappane. Førre gong me testa ein versjon av XM1 hadde me vel eigentleg ingenting å trekkje produktet for, og det gjeld denne gongen òg. Den einaste grunnen til at me ikkje drog fram tiaren var at ho ikkje er trådlaus.

NY UTSJÅNAD: Endgame Gear XM1r kjem med to nye, glatte overflater.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Med XM1r har Endgame Gear tatt opplevinga til eit endå høgare nivå. Dessverre er det framleis ingen trådlaus versjon i sikte, og ho er framleis nokre gram tyngre enn dei kvassaste konkurrentane med sine 71 gram, men elles er det absolutt ingenting negativt å seie om XM1r.

Kabelen har blitt endå meir fleksibel og mjuk, saman med at museføtene har fått betre glid. Det er ikkje så langt unna kjensla av ei trådlaus mus.

XM1-serien har allereie bydd på ei rekkje ulike designvariantar, både med og utan RGB, og i ulike fargar. Denne gongen har dei sløyfa RGB-lysa til fordel for ei lågare vekt. XM1r kjem i dei same fargane som elles, svart og kvit, men òg to nye, gjennomsiktige overflater. Sjølv om eg føretrekkjer den kvite versjonen, er det kjekt å ha fleire moglegheiter.

SMÅ JUSTERINGAR: Endringane på XM1r er ikkje akkurat enorme, men dei gjer produktet betre.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ny sensor, nye brytarar

Endgame Gear har skifta ut PixArt PMW3389-sensoren med den nyare PMW3370-varianten. Dette er nok endringa ein merkar minst til, for begge to er feilfrie sensorar. Samstundes har Endgame Gear endra litt på løftedistansen. Den er klart lågare enn før.

Dei nye brytarane i museknappane er heller ikkje noko du kjem til tenkje så mykje over. Lenger levetid er kjekt, men ærleg talt syns eg knappane har identiske klikk. Sideknappane er framleis ein smule mjuke, og høgre og venstre museklikk er skarpe og umiddelbare.

Konklusjon

FULLTREFF: XM1r er verktøyet du vil ha for å sikre hovudskot i s. ytespel.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

XM1r er skytespelperfeksjon. Det einaste produsenten kan gjere no er vel berre å lage ein trådlaus variant, og gjerne ein med ladedokking. Då vil dette vere ein soleklar testvinnar her hos oss. PMW3370-sensoren er skreddarsydd for trådlaus tilkopling, så det kan vere eit lite hint om at det er dit Endgame Gear har tenkt til å ta XM1-serien. Som kabelmus kan dette rett og slett ikkje bli betre.

Ein ørliten slankekur er det einaste eg kan tenke meg at er mogleg å gjere for å forbetre produktet vidare. Endringane i r-versjonen er allereie ganske små, men det er sjølvsagt kjekt at produsenten gjer noko for å løfte opplevinga – spesielt når prisen er den same.

Dette er ei sikker investering for alle som er ute etter det vesle ekstra for konkurransespeling.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

9
/10
Endgame Gear XM1r
Ein ny fulltreffar for Endgame Gear.
Mjuk og fleksibel skolissekabel
Låg vekt
Perfekte sideknappar
Særs komfortabel passform for dei med klogrep
Feilfri sensor

Siste fra forsiden