Test

EPOS GTW 270 Hybrid

Kan dette fungere til gaming?

Me prøver «true wireless»-pluggar i spel.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det har skjedd veldig mykje i marknaden for «true wireless»-øyrepluggar dei siste åra. No har eit par slike produkt byrja å finne vegen inn i spelverda, og me har fått teste Epos sine nye GTW 270 Hybrid i nokre veker. Desse kostar rundt 2200 kroner.

Øyrepluggane kjem med støtte for virtuell 7.1-surround, og støttar tilkopling både via Bluetooth og aptX med ein trådlaus USB C-mottakar.

Det er kjekt at spelarar får meir fridom til å velje kva dei vil ha. Spørsmålet er då sjølvsagt om dette faktisk er bra nok til at ein kan bruke det samanlikna med eit vanleg gamingheadsett.

Design og komfort

Som øyrepluggar er GTW 270 Hybrid relativt store, og det viser godt at ein har dei i. Passforma er det likevel lite å seie på. Eg må innrømme at eg har lite erfaring med denne typen pluggar anna enn at eg har brukt nokre ulike modellar frå Jabra til trening. GTW 270 syns eg er langt meir komfortable, og sit betydeleg betre i øyra mine.

STILIG DESIGN: Det er lite å seie på utsjånaden og byggekvaliteten. Storleiken kan derimot bli eit problem for dei med små øyrer.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

I eska følgjer det med fire putestorleikar, slik at ein kan finne det som passar best. Forseglinga er òg effektiv nok til å by på litt passiv støydemping. Eg har ikkje hatt noko som helst problem med å bruke desse gjennom lange gamingøkter, men naturlegvis vil eit skikkeleg headsett vere langt meir behageleg.

GTW 270 Hybrid fungerer òg fint til trening, og eg har tatt dei med på nokre harde intervalløkter utan at dei har falt ut. Tidlegare har eg blitt grenselaust irritert av både Jabra Elite 65t og 75t på grunn av dårleg feste. Med GTW 270 Hybrid kjenner eg defintivt teikn til at pluggen rører seg inni øyret, men han er aldri i nærleiken av å falle ut. Samstundes er pluggane motstandsdyktige ovanfor både regn og sveitte.

Byggekvaliteten verkar elles eineståande. Øyrepluggane er i eit lett metall, og har ei overflate som ser ut til å tole ein del før det blir skraper og merker. Med ein gong eg opna eska fekk eg inntrykk av at eg hadde fått god valuta for pengane, både når det gjeld pluggane og ladeetuiet dei kjem i. Designet og byggekvaliteten gir inntrykk av at dette er eit premiumprodukt.

LADEETUI: Epos GTW 270 Hybrid kjem med eit ladeetui. Det gir 15 timar med ekstra lading på farten.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Tilkopling

Forseinking er kanskje det som er mest interessant med bruk av «true wireless»-pluggar til speling. Med berre vanleg Bluetooth-tilkopling er forseinkinga openberr, men med aptX-tilkopling er ho så liten at eg ikkje merkar noko som helst.

Det følgjer med adapter til mottakaren for vanleg USB, slik at ein får moglegheit til å kople til både telefon, konsoll og PC. Forseinkinga er låg nok til at eg kan bruke dette i spel som Counter-Strike: Global Offensive utan problem. Det er likevel ein klar veikskap med tilkoplinga. Dersom du koplar til med mottakaren kan du nemleg ikkje bruke mikrofonen lenger, som gjer at ein i så fall må ha ein ekstern mikrofon. Då forsvinn ein del av poenget med «true wireless».

For meg som har ein fast mikrofon ståande på pulten er ikkje det noko stort problem, men det blir dyrt for dei som må betale for det i tillegg til dei 2200 kronene som GTW 270 Hybrid kostar. Sjølv om ein kan bruke kontrollarmikrofonen på PlayStation, har ein ikkje noko slikt alternativ viss ein speler med mus og tastatur.

På toppen av kransekaka finn me bakgrunnsstøy. Det er stort sett eit problem med alt av trådlaus lyd, men det er så klart og tydeleg her at det tar litt tid å venne seg til. Lyden er heldigvis ikkje så høg at ein høyrer noko av han under speling eller musikklytting, så det er ikkje krise.

Prosessen med å kople til einingane dine for første gong er heller ikkje nokon dans på roser. Ein må først legge pluggane i etuiet, lokke det, trykke på ein knapp og så kople til. Dette er ikkje noko ein gjer ofte, men det kunne med fordel vore litt enklare.

Batteri

Som mange andre «true wireless»-proppar kjem Epos GTW 270 Hybrid i eit trådlaust ladeetui. Det er litt for stort til å gå rundt med i bukselomma, men fungerer fint til å slenge i jakka. Batteriet og ladeetuiet gjer opp for ein del av veikskapane til øyrepluggane. Sjølve pluggane held koken i opp mot fem timar i aktiv bruk, medan ladeetuiet gir deg opp mot 15 timar ekstra lading. Det gjer dei til eit flott val på lange flyturar og liknande.

Dessverre er det ingen batterisparingsfunksjon, så viss dei står på, men ikkje blir brukt, så vil batteriet framleis bli tappa. Det er eit klart minus.

Lyd

Lydkvaliteten til GTW 270 Hybrid er meir enn god nok til å utkonkurrere ein del rimelege gamingheadsett. Dei er ganske tunge på bassen, og leverer nøyaktige mellomtonar og høgtonar. Diskanten er dessverre veldig skarp, men til spelbruk fungerer dei overraskande bra.

Kvass diskant kan ein fort venne seg til. God lydkvalitet kombinert med omtrent ingen lydlekkasje gjer GTW 270 Hybrid til eit passande val for dei som vil ha noko enkelt å spele med i stova saman med andre, der ein ikkje vil gjere så mykje ut av seg. Øyrepluggane kan spele ganske høgt utan at andre får med seg kva som skjer.

7.1-STØTTE: Øyrepluggane har 7.1-støtte for å konkurrere med gamingheadsett. Det er ikkje så veldig mykje vits i.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Produsenten har inkludert ei programvare der ein får tilgang til ein EQ med åtte spor. Dette gjer at ein kan skreddarsy lydbiletet litt, og kan gjere opp for nokre av veikskapane til musikkbruk. Eg ville ikkje brukt desse til så mykje aktiv lytting anna enn på mobilen, men det er meir enn bra nok for dei fleste.

Epos GTW 270 Hybrid har som nemnd støtte for virtuell 7.1-lyd, noko mange av gamingheadsett bruker som trekkplaster for tida. Her er 7.1-implementeringa litt så som så. Øyrepluggar har naturleg nok mindre drivarar enn headsett, og har slik sett mindre å gå på.

Lydkvaliteten på 7.1-surrounden er faktisk betre enn eg hadde venta, men eg ser ikkje heilt nytten i det. I spel er det ofte lyd frå mange forskjellige retningar, og det fungerer ikkje heilt her. Eg merka avgrensinga spesielt godt i Overwatch. Der er nivådesignet basert på at ein skal kunne boltre seg på mange forskjellige plan, i undergangar, på bakken, i høgda og så vidare. For meg er det heilt umogleg å høyre om fiendar er på same nivå som meg eller ikkje med 7.1-modusen. Det skapar forvirring – og forvirring får deg drepen i spel.

Vanleg stereolyd verkar difor som eit betre val her.

Mikrofon

SVAK MIKROFON: Epos GTW 270 Hybrid mistar litt av gamingpreget når mikrofonen ikkje er brukande anna enn i Bluetooth-modus.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Heile poenget med gamingheadsett er å levere eit produkt som lar deg både lytte og snakke. Det får du ikkje her, så då kan ikkje dette konkurrere direkte med gamingheadset. Dette gjer at eg trekk ganske mykje for mangelen på mikrofon, sjølv om lydkvaliteten og forseinkinga elles er imponerande bra.

Sjølve mikrofonen får ein berre bruke via Bluetooth. Det er få som har støtte for dette på stasjonære datamaskinar, og sjølv om ein eventuelt skal bruke GTW 270 Hybrid på ein laptop eller mobil, er ikkje mikrofonen som er der så mykje å rope hurra for.

Mikrofonen har altfor lågt volum og fungerer knapt betre enn mikrofonen i telefonen min. Veldig mykje av nyansane i stemma mi forsvinn når eg brukar han, så dette er i beste fall ei naudløysing. Det er skuffande.

Konklusjon

IMPONERER: Epos GTW 270 Hybrid er eit flott val om ein vil ha noko som er like bra til Wild Rift på telefonen som til trening, men for meir seriøs speling må du ha eigen mikrofon.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er veldig positivt at me spelarar får meir å velje mellom innan gamingtilbehøyr. Epos GTW 270 Hybrid tar «true wireless»-formatet til spelverda, utan at eg klarar å sjå korleis ein skal forsvare prisen. Så lenge mikrofonen ikkje fungerer under bruk kan ein strengt tatt ikkje kalle dette eit gamingprodukt – i alle fall ikkje til konsoll og PC. Det må nesten vege tungt hos oss som skriv om nettopp spel. Karakteren hadde nok vore ein del høgare viss dette ikkje var tilfelle.

Virtuell 7.1-surround er ein gjengangar på gamingheadsett, men det er lite vits i så lenge ein ikkje høyrer kvar folk er. Sjølv om eg tipper dette er ein type produkt me kjem til å sjå meir og meir av, trur eg ein må ha ein annan trådlaus standard som opnar for både lyd og stemme før det slår skikkeleg an.

Dette er eit flott produkt for dei som treng ei ny lydløysing både til telefonen og til speling, spesielt for dei som speler aktivt på mobil. Men så lenge ein har støtte for USB C på telefonen vil nok dei fleste bruke aptX til speling der òg. Øyrepluggane gjer seg godt til treningsformål, og er slik sett ei habil pakkeløysing – det fungerer berre ikkje så veldig bra som eit spesialisert gamingprodukt.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

6.5
/10
EPOS GTW 270 Hybrid
Gode og komfortable øyrepluggar, men som strengt tatt ikkje er eit gamingprodukt.
Solid byggekvalitet
Flott design
Lang batterilevetid
Endå lengre batterilevetid med ladeetuiet
Låg forseinking på den trådlause tilkoplinga
Støtte for 7.1-lyd
7.1-lyden er ikkje så veldig nyttig
Mikrofonen fungerer ikkje med aptX, og er generelt elendig
Knotete tilkoplingsprosess
Dyr
Ingen batterisparingsfunksjon

Siste fra forsiden