Test

Gigabyte GeForce RTX 2080 Super Gaming OC

Nærmar seg det kraftigaste skjermkortet på marknaden

RTX 2080 Super er ei oppgradering, men er det nok?

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Test av Gigabyte GeForce RTX 2080 Super Gaming OC
2: Benchmark av 8 spel

Det er litt over eit år sidan Turing-arkitekturen kom ut med strålesporing til spel. Skjermkorta er framleis ikkje heilt kraftige nok til at strålesporing er så mykje vits i å bruke, men innan ein generasjon eller to er me der. 4K-speling med høg biletefrekvens er allereie blitt daglegdags gjennom RTX 2080 Ti.

RTX 2080 Ti blei kritisert for ein veldig stiv pris ved lansering, og RTX 2080 har fått endå meir pepar. Med unntak av situasjonar der du vil bruke strålesporing yter RTX 2080 i praksis identisk med GTX 1080 Ti frå førre generasjon. Og det til same pris.

Gigabyte GeForce RTX 2080 Super Gaming OC

Vis mer

VRAM: 8 GB GDDR6, 256 bit til 496 GB/s

CUDA-kjernar: 3072

Klokkehastigheit: 1845 MHz

Kjølar: WindForce 3X

Straumkontaktar: Ein 8-pin og ein 6-pin

Tilrådd straumforsyning: 650W

Portar: 3x DisplayPort 1.4, ein HDMI 2.0 og ein USB Type-C

Storleik: 28.65 cm lengde, 11.45 cm breidde, 5 cm høgde

Difor er Super-serien lansert. RTX 2080 Super tar inn litt av leiinga til RTX 2080 Ti, og kostar det same som RTX 2080 gjorde ved lansering. Dei siste vekene har Gigabyte RTX 2080 Super Gaming OC 8 GB putra og gått på testbenken vår, med gode resultat.

Skjermkortet kostar deg 8190 kroner, og byr på omtrent dei same spesifikasjonane som eit RTX 2080, men med noko høgare klokkehastigheit og minnehastigheit. Dette er eit godt alternativ til Radeon VII, sjølv om forskjellane ned til RTX 2080 er mindre enn Super-skjermkorta i mellomklassen byr på.

Dette er førebels det første RTX 2080 Super-kortet me testar, så vår vurdering av sjølve kortet frå Nvidia, ikkje berre kjølaren frå Gigabyte, vil ha monaleg verknad på karakteren.

Design

Gigabyte RTX 2080 Super Gaming OC kjem med den same kjølaren som alle dei andre Gaming OC-skjermkorta frå produsenten. Prismessig ligg Windforce 3X-kjølaren midt på treet i forhold til andre tredjepartskort, men byr på solid kjøling og låge temperaturar.

Designet på kjølaren til Gigabyte har knapt endra seg sidan 2015 no. Det bør dei snart gjere noko med.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kjølaren har ikkje endra seg stort sidan førre generasjon av skjermkort, og er i praksis identisk med den me testa på RTX 2080 Ti tidlegare i år. Dette langt frå finaste kortet du kan få tak i. Du får nokre RGB-element på logoen på toppen av kortet, men elles er det få finessar. Det er ganske anonymt. Eg syns kanskje designet byrjar å bli ein smule antikvarisk, så Gigabyte bør vurdere å endre litt på utsjånaden til neste runde.

Eit stort pluss med denne modellen er at det tar opp lite plass. Tredjepartskort med tre vifter fører gjerne med seg ein del trøbbel for dei med små kabinett, men Gaming OC-kortet er ikkje meir enn 28.65 centimeter langt.

Yting

Hoppet frå GTX 1080 Ti til RTX 2080 tok to år, utan at du fekk noko meir yting eller lågare pris. Det er ein dårleg deal. No har det endeleg kome eit skjermkort som slår GTX 1080 Ti med litt større margin utan å fullstendig tappe kontoen slik RTX 2080 Ti gjer, men forskjellen er dessverre ganske liten.

Bakplata til Gigabyte er enkel og grei, men kunne godt vore litt meir spanande.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Som benchmarktestane viser så er stort sett alt over RTX 2070 nok til å makse ut spel i 1920x1080 med ein 144hz-skjerm. Forskjellen frå 2080 Super ned til eit vanleg 2080-kort eller 1080 Ti er veldig liten i 1080p, men du får nokre FPS ekstra her og der. Det blir i praksis som å bruke eit overklokka 2080- eller 1080 Ti-kort. Derimot har eg sett at 0.1 % og 1 % lågpunkta i biletefrekvensen er overraskande låge, så det kan hende det er noko Nvidia må fikse med oppdateringar der. Det kan òg vere noko gale med testbenken vår her, men eg fekk liknande – og like tilfeldige – verdiar i ein annan maskin.

RTX 2080 Super finn seg godt til rette i 1440p, der det ligg langt over 60-grensa i alt av nyare spel. Forskjellen ned til RTX 2080 er jo der, men noko stor leiing er det ikkje.

I 4K luktar skjermkortet på 60-grensa, og kjem seg over her og der, men det er framleis 2080 Ti som tronar på topp i 4K. Syns du det er greitt å skru av kantutjamning og justere ned eit par innstillingar kjem du over og vel så det, men utan å overklokke er ikkje kortet nok til å spele årsnye spel i 4K med høgaste innstillingsnivå.

Strålesporing går greitt i 1080p i spel som Metro: Exodus og Shadow of The Tomb Raider, men du får strengt tatt meir visuell valuta for pengane ved å auke oppløysinga i dei spela. Når du først kjem over 1080p er det lite vits i å prøve seg på noko særleg med strålesporing. Biletefrekvensen blir for låg. DLSS er blitt ein del betre sidan lansering, men eg syns framleis det gir eit litt for mjukt bilete til at det er poeng i å bruke.

Overklokking

Takka vere nye GPU Boost 3.0 frå Turing-arkitekturen får dei fleste skjermkorta høge klokkefrekvensar rett ut av boksen. Dette boosta heilt opp til 2025 MHz utan noko innblanding frå meg. Det er solide tal. RTX 2080 Super har derimot ganske låg minnehastigheit, som enkelt kan justerast drastisk opp, utan problem.

Kjøleribbene held temperaturen nede og lar deg overklokke skjermkortet ganske heftig.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Etter nokre timar med fikling i MSI Afterburner og ei natt med stresstesting, klarte eg å få klokkehastigheita opp på 2100 MHz, og minnehastigheita frå 7751 MHz til 9000 MHz. Det er ei solid auke. Eg har sett ein del skrive at 2080 Super-korta har underklokka minnehastigheit, og det ser ut til å stemme. Kvifor Nvidia har gjort det slik når forskjellane ned til det vanlege 2080-kortet er så små veit eg ikkje, men eg vil oppmode til å laste ned eit overklokkingsprogram for å fyre opp minnet litt.

Når me ser på resultatet med biletefrekvensen, er det mykje å hente her. I 4K gjekk biletefrekvensen opp med rundt ni prosent i The Witcher 3: Wild Hunt og Assassin’s Creed Origins, mens resultata er litt mindre imponerande i lågare oppløysingar. Det har med at prosessoren blir ein større faktor. Alle Turing-korta har overklokka godt, men eg trur 2080 Super er det du får mest ut av å overklokke – sannsynlegvis på grunn av minnehastigheita.

Straumforbruk, temperatur og støynivå

Det finst betre løysingar for kjøling og støy på marknaden, men WindForce 3X-kjølaren gjer det den skal. I motsetning til nokre andre kjølardesign så spinn viftene på dette stort sett heile tida, sjølv på tomgang. Då produserer dei 38 desibel. Ikkje spesielt støyande, men likevel ein del meir enn kva andre tredjepartskort gjer. Fleire kort har funksjonar som gjer at viftene ikkje spinn i det heile før kortet kjem over 50 grader. Under full last målte eg 44 desibel frå viftene.

Støynivået er ikkje rare greiene, og skjermkortet held seg kjølig.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

På tomgang ligg skjermkortet på 50 grader i eit rom på 25 grader, og maks 66 grader under full last. Overklokking hadde ikkje noko nemneverdig effekt på temperaturen. I løpet av ein to timar lang stresstest var temperaturen aldri over 69 grader. Lite å seie på temperaturnivået her, med andre ord.

Straumforbruket er heller ikkje all verda. Ved full last drar kortet 255 watt ut av veggen, og 308 watt med maksimal overklokking og 120% straumgrense.

Konklusjon

Gigabyte RTX 2080 Super Gaming OC er eit solid kort. Med tanke på den forholdsvis låge prisen gir det mykje for pengane samanlikna med andre tredjepartskort, med låge temperaturar, lågt straumforbruk og middels støynivå. Generelt sett høyrer du lite til støy frå denne generasjonen av skjermkort, så middels her er langt betre enn det har vore før.

Spørsmålet her handlar først og fremst om RTX 2080 Super i seg sjølv er verd pengane. Og det syns eg eigentleg ikkje det er.

Alle skjermkorta i 20xx-serien kjem med standardiserte portar. USB Type-C-koplinga er for VR.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg er særs lite fan av RTX 2080 så alt som forbetrar på det er positivt, men auka i yting er forsvinnande liten. I nokre tilfelle snakkar me om ein eller to ekstra FPS. Dette er eit betre kjøp enn RTX 2080, spesielt samanlikna med lanseringsprisen til RTX 2080, men eg saknar noko som kan fylle inn tomrommet mellom RTX 2080 og RTX 2080 Ti i 4K. Det største plusset med RTX 2080 Super opp mot det vanlege kortet er at potensialet for overklokking. Orkar du å laste ned MSI Afterburner og trikse litt med tala, får du ein del meir for pengane.

For dei som vil ha strålesporing på budsjett kan dette vere eit greitt inngangspunkt i 1080p, men eg syns ikkje dette kortet er kraftig nok til å gjere strålesporing brukande. Det same gjeld både RTX 2060- og 2070-korta. Det er framleis betre å skru opp oppløysing eller andre innstillingar for å betre biletekvaliteten. Treng du ikkje strålesporing, er det gode bruktkupp å gjere på GTX 1080 Ti no, som byr på omtrent akkurat den same ytinga som RTX 2080 og RTX 2080 Super.

Les også: Test av Gigabyte GeForce RTX 2080 Ti Gaming OC »

7.5
/10
Gigabyte GeForce RTX 2080 Super Gaming OC
Betre enn RTX 2080, men ikkje heilt oppgraderinga me venta
Låge temperaturar og ganske lite støy
Tar lite plass
Overklokking utan like
Same pris som RTX 2080
Knapt betre enn RTX 2080
Ikkje kraftig nok til at strålesporing blir vits i
1: Test av Gigabyte GeForce RTX 2080 Super Gaming OC
2: Benchmark av 8 spel

Siste fra forsiden