Test

HP OMEN Spacer TKL

Eit trådlaust tastatur med låg forseinking, men så var det prisen, da …

Det er ikkje lett å forsvare tastatur til så høg pris.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Trådlause gamingmus har eksplodert i popularitet dei siste åra. Fleire av dei største produsentane brukar no sensorar og tilkoplingsstandardar som er nett like raske som mus med kabel.

Slik har det ikkje vore for tastatur.

Trådlause tastatur ser ein ikkje på langt nær like ofte på gamingbordet som på kontorpulten. Men no har utviklinga av tilkoplingsteknologien gått i nett den same retninga som med gamingmus, og mange av dei nye produkta som kjem på marknaden har omtrent ingen forseinking.

I fjor hadde me Logitech sitt flaggskip G915 på testbenken, og no har me samla inn eit par til. Først ut er HP OMEN Spacer.

Dette er eit trådlaust TKL-tastatur med ein vegleiiande pris på 2300 kroner. Tilkoplinga går via ein 2.4 GHz trådlaus sendar og sikrar låg forseinking, medan Cherry MX Brown-brytarar sørgjer for ein god balanse mellom produktive oppgåver og speling.

Design og komfort

TKL-tastatur er laga for å spare plass på pulten. Dette gjer dei ved å sløyfe dei numeriske tastane, noko mange uansett ikkje bruker. Spacer verkar likevel som eit ganske stort tastatur, spesielt takka vere handleddsstøtta.

Heile konstruksjonen er i hardplast. Tastaturet er difor tungt, men òg solid. Ein tur i golvet vil nok føre til større hakk i parketten enn Spacer sjølv, samstundes som at tyngden gjer det litt mindre attraktivt til å slenge i sekken som ein kompanjong til ein laptop eller liknande.

ENKEL: HP har gått for ein enkel og klassisk utsjånad.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Designet er klassisk og enkelt. Spacer kan fint passere som eit vanleg kontortastatur på grunn av dei enkle fargane og dei glatte tastehettene, men det er først når ein slår på RGB-lysa at det kjem til rette som eit speltastatur. Standardmodusen lyser opp tastane i kvitt, med raude fargar på piltastane og WASD.

IKKJE BRA NOK: Handleddsstøtta leverer ikkje med tanke på prisen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er sjeldan at TKL-tastatur får ekstrautstyr som dedikerte medie- eller makroknappar, men det er ikkje det einaste eg saknar her. Av ein eller anna grunn har ikkje OMEN Spacer justerbare føter, berre nokre små gummiknottar. Det er veldig greitt å kunne velje kva høgdeprofil tastaturet skal ha, men det får ein ikkje her.

Handleddsstøtta er heller ikkje spesielt imponerande. Det er kjekt at ho festar seg automatisk med ein magnet, men sjølve støtta er ikkje behageleg nok. Puta er i ein eller anna form av imitasjonslær, og er altfor hard for min smak. Hadde tastaturet kosta 1000 kroner mindre skulle eg ikkje klaga, men dette kostar trass alt 2300. Då forventar eg meir.

Trådlaus kopling og batteri

Det er lite å seie på kvaliteten av tilkoplinga. Tastaturet nyttar seg som nemnd av ein trådlaus USB-mottakar til å sende signal over 2.4 GHz-bandet, og leverer særs låg forseinking. HP meiner forseinkinga er på knappe eitt millisekund. Me har ikkje utstyr til å teste forseinking ned til slike verdiar, men eg merka ingen forskjell på dette og den tilnærma perfekte koplinga på Logitech G915 TKL.

Når det kjem til batteriet lovar HP 75 timar med bruk – utan RGB-lysa. Det er fort gjort å slå ned lysstyrken med ein tast for å få meir liv ut av tastaturet, men så tar det heller ikkje lang tid å lade det opp med den avtakbare USB C-kabelen.

Tastaturet haldt rundt 20 timar med aktiv bruk med RGB for meg, og levde opp til estimatet til HP med lyset av. Det optimale er gjerne ein mellomting ved å skru RGB-lysstyrken til halvparten av fullt. Då nærmar ein seg 50 timar. Dette er for så vidt veldig bra, men det er til gjengjeld langt mindre enn kva Logitech sitt G915 TKL byr på. Det klarar 200 timar utan RGB.

Brytarar

HP OMEN Spacer kjem med Cherry MX Brown-brytarar. Dette er taktile brytarar utan klikkelyd, som har ein aktuasjonsdistanse på to millimeter og full vandring på fire millimeter. Brown er tradisjonelt betre eigna til skriving enn berre speling, men ligg nærmare spelbrytaren MX Red enn til dømes blå brytarar gjer.

MX BROWN: HP OMEN Spacer kjem med Cherry MX Brown-brytarar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Brown har treng litt meir kraft for å aktuere brytaren enn MX Red, og har ein meir merkbar tilbakemelding ved full vandring. Om ein vil gå for den eine eller den andre handlar først og fremst om smak, då støynivået er omtrent det same.

Begge alternativa fungerer veldig bra.

Nokre av tastane produserer ein liten ulyd når dei treff botnen, som om det er ei fjør som sprett på plass. Du venner deg nok til det etter kvart, men det kan vere litt irriterande viss ein heng seg opp i lyden. Den kjem nemleg med jamne mellomrom når ein skriv.

Programvare og RGB

Spacer kan styrast via programvara OMEN Gaming Hub. Du kan endre på RGB-lys og liknande via hurtigtastar, men programmet opnar for å gjere eit par ting til. Der får du ei oversikt over kor mykje batteri som er igjen, moglegheit til å endre på lys, endre eigenskapane for tastane og å setje opp makrotastar.

TO FARGAR: HP OMEN Spacer kjem berre med kvite og raude baklys.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Programvara er veldig enkel, men det gir deg det du treng. Det er berre tre ulike lyseffektar å velje mellom for OMEN Spacer, ein pusteeffekt, ein bølgjeeffekt og ein effekt som skal etterlikne ein krusing i vatn.

Lysa er greie nok, men det er ganske grunnleggjande greier. Omtrent alt av RGB-tastatur byr på fleire effektar enn dette. Så vidt eg fann ut er det òg berre mogleg å ha to ulike fargar, kvitt eller raudt. Eg syns gjerne HP kunne fiksa dette, for det finn me òg på dei aller fleste RGB-tastatur for tida. Faktisk blir det kanskje litt feil å påstå at det er eit RGB-tastatur i det heile, for du får jo verken grøne eller blå fargar.

Konklusjon

HP Omen Spacer er eit velfungerande tastatur som gjer det du treng. Det er likevel ganske funksjonsfattig når det kjem til ekstrautstyr, noko som krasjar med den skyhøge prisen.

SKUFFANDE: HP bør setje ned prisen på Spacer viss det skal kunne hamle opp med til dømes Razer BlackWidow V3 Pro.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er veldig få trådlause TKL-tastatur på marknaden i dag, men med ei middels handleddsstøtte, mangel på skikkelege føter og dedikerte makro/medieknappar, så er ikkje dette eit spesielt godt kjøp til 2300 kroner. Sjølv om eg er usikker på om det faktisk eksisterer andre trådlause TKL-tastatur med handleddsstøtte og brytarar i fullprofil, vill eg ikkje betalt så mykje som dette. Vent heller til det kjem på sal, i så fall.

Eg skal ikkje nekte for at HP OMEN Spacer byr på både lang batterilevetid og ei fin skrive- og speleoppleving takka vere MX Brown-brytarane og behagelege tastehetter. Samstundes er produktet totalt sett skuffande. Det gir altfor lite valuta for pengane, og falmar i samanlikning med konkurrentar som Razer BlackWidow V3 Pro. Razer sitt tastatur er ikkje TKL, men det er likevel eit langt betre produkt. Og viss ein vil ha noko kompakt ville eg heller gått for Logitech G915 TKL.

Elles er det berre å smørje seg med tolmod til det kjem fleire trådlause TKL-tastatur på marknaden. For no som tilkoplingsteknologien er på plass, er det berre eit spørsmål om tid før kabeltastatur forsvinn frå norske gamingbord.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

6
/10
HP Omen Spacer
Gjer jobben, men er altfor dyr.
Trådlaus tilkopling med låg forseinking
Lang batterilevetid
Behaglege tastehetter
Solid byggekvalitet
Kjappe brytarar
Handleddsstøte med magnetfeste
Kjapp lading med USB-C
Anonym utsjånad
Dyr
Berre to fargar på lys
Manglar justerbare føter
Handleddsstøtta er ikkje spesielt komfortabel
Ulyd i brytar

Siste fra forsiden