Test

HyperX Alloy Elite 2

Flaggskipmodellen bommar

HyperX er blant favorittane til CS:GO-proffane, men dette var ikkje heilt hovudskot.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

HyperX har byggja seg opp til å bli eitt av dei mest populære leverandørane av gamingtilbehøyr. Tastatura deira er blant dei mest brukte blant CS-proffane, men først og fremst fordi dei er enkle og greie.

HyperX-tastatur er nemleg litt som Call of Duty-serien: Det er trygt og godt, utan dei heilt store overraskingane.

Slik er det òg med nye HyperX Alloy Elite 2.

Med ein pris på 1800 kroner (lanserte til 1500) er dette selskapets flaggskiptastatur, som i andre generasjon har fått nye brytarar. Handleddsstøtta er fjerna, som eigentleg er like greitt i og med at den var skikkeleg dårleg.

Me syns førre generasjon var eit godt, men noko funksjonsfattig tastatur. Korleis er oppfølgjaren?

Design

HyperX er flinke på byggjekvalitet, og Alloy Elite 2 er ikkje noko unntak. Dette er eit særs solid tastatur. Store delar av konstruksjonen er i aluminium, medan overflata kjem i hardplast. Parketten får nok meir skade enn tastaturet viss det tar seg ein tur i bakken.

Utsjånaden er relativt lik førre generasjon, med ei RGB-stripe på toppen og ein glatt, svart finish. Det er tastehettene som ein ser mest forskjell på. Toppen av hettene er dei same, men underdelen er blitt gjennomsiktig for å sleppe mest mogleg lys gjennom. Det visast svært godt. Dette er ikkje dei finaste RGB-fargane eg har sett, men det er kanskje tastaturet med mest lys i tastane av dei eg har testa så langt.

Her er det mykje å like for RGB-fans.

SVÆRT: HyperX Alloy Elite 2 er eit tastatur i fullformat som tar opp masse plass på pulten.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Og sjølve komforten på tastehettene er det lite å seie på, men eg forstår ikkje heilt kvifor ikkje tastaturet kjem med handleddsstøtte. Til 1800 kroner bør ein forvente det. HyperX har utvikla ei eiga handleddsstøtte som ein kan kjøpe separat, men då snakkar me 250 kroner ekstra. Dessverre er den eksterne støtta òg litt for høg for dette tastaturet, som er synd for det er sannsynlegvis den mest behageleg eg har prøvd så langt. Difor er det eigentleg ikkje vits i å kjøpe støtta i det heile.

Handleddsstøtta på førre generasjon var skikkeleg dårleg, så eg forstår kvifor dei fjerna den, men det kan jo ikkje vere så veldig vanskeleg å lage ei forbetra utgåve.

Når det kjem til ekstrafunksjonar kan tastaturet diske opp med ei rekkje dedikerte medieknappar og eit rullehjul for volum i metall. Rullehjulet kunne trengt nokre trinn, for det er veldig følsamt, men til gjengjeld kjenst det solid. Dette held lenge.

På baksida er det ein ekstra USB 2.0-port for dei som treng det, som går via ein ekstra USB-plugg ein kan setje inn i maskinen med den lange, tjukke tøykabelen. Tastaturet har òg nokre forholdsvis høge føter ein kan setje det opp på.

Det er ingen makroknappar her, men ein får eit par andre funksjonar. Tre knappar på venstre side lar deg rullere gjennom RGB-modusane, stille på lysstyrke og slå på Game-modus slik at blant anna Windows-knappen slår seg av. Det er nyttig.

Brytarar

METALLHJUL: Volumrullehjulet i metall bidrar til premium-kjensla, men utan trinn er det noko upraktisk i bruk.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

HyperX har altså introdusert sine eigne Red-brytarar til Alloy Elite-serien. Dette er lineære brytarar som konkurrerer med Cherry MX Red, men som er eit par millisekund kjappare takka vere kortare vandring og innslag. Her kjem innslaget på 1.8 millimeter (2 mm på Cherry sine), og full vandring er 3.8 millimeter. Dei er ikkje like kjappe som Speed-brytarane, men litt kvassare enn Red altså.

Lineære brytarar er det tradisjonelle valet for dei som fokuserer mest på speling, fordi ein brukar kortare tid på å aktivere brytaren enn med taktile brytarar. Red-brytaren lagar òg monaleg mindre støy enn taktile brytarar.

Den største forskjellen mellom HyperX sin Red-brytar og Cherry sine, er at desse har litt meir bass i klikket, men det er slikt ein gløymer etter eit minutt med bruk. Støynivået er omtrent identisk. Det må difor seiast at dei er ganske så jamne når det kjem til brukaropplevinga, og både HyperX og Cherry MX Red-brytarane er trygge val.

Ei av dei største skilnadane samanlikna med førre generasjon er difor, vel, liten.

Programvare

HyperX sin programvare har ikkje akkurat det beste ryktet. Ngenuity er kjend for ein del krasjing, og no som du er avhengig av Windows Store for å laste det ned er det blitt litt meir styr å få tak i.

Etter eit par veker med bruk har eg ikkje merka noko til krasjing i det heile, så stabiliteten kan eg ikkje klage på sjølv. Det er lett å velje mellom dei ulike RGB-profilane (sju totalt), og ein kan enkelt setje opp makrokommandoar eller skifte eigenskapane til dei ulike tastane.

Det verkar som HyperX har fiksa det meste. Du får ikkje noko veldig spanande, men som resten av tastaturet har du det meste av dei trygge og utprøvde vala. Eg skulle likevel ønskje at dei gav oss litt meir å leike med i programvara her.

Konklusjon

LITT KEISAMT: HyperX gjer alt ganske bra, men anna enn litt ekstra lys saknar me det klare trekkplasteret. No er det rett og slett litt keisamt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den nye generasjonen av Alloy Elite er eit tastatur med solid byggjekvalitet, kjappe brytarar, behagelege tastehetter og flotte medieknappar. Men det er likevel ganske langt unna å leve opp til prislappen.

Sjølv om prisen på mekaniske gamingtastatur har gått ein del opp i det siste, syns eg produsenten har gjort altfor få betringar sidan sist generasjon til å fortene ein så mykje høgare pris.

Mangel på handleddsstøtte og dedikerte makroknappar er eit minus for eit såpass dyrt tastatur. Det du får av funksjonar fungerer fint, men produktet er rett og slett litt keisamt. Forskjellen frå førre generasjon går eigentleg berre på nokre minimalt betre brytarar, mangel på handleddsstøtte og sterkare lys. Med tanke på at første Alloy Elite har vore nede på 500 kroner på sal, så verkar dette som eit dårleg kjøp i forhold.

Alloy Elite 2 er først og fremst eit tastatur for dei som er veldig glad i RGB, eller for dei som berre vil ha noko solid som varar utan å tenkje på prislappen. Dessverre for HyperX er det ein haug med andre tastatur som gir langt meir for pengane enn dette. Sjølv om det ikkje er så mykje konkret å trekkje for her, er det ikkje vanskeleg å finne betre alternativ. Eg ville difor ikkje kjøpt dette før prisen kryp ned til 1300 eller mindre.

6.5
/10
HyperX Alloy Elite 2
Eit ganske bra, men også ganske keisamt tastatur til for høg pris.
Masse RGB
Solid byggekvalitet
Dedikerte medieknappar
Behagelege tastehetter
Kjappe brytarar
Passthrough for USB
Ingen handleddsstøtte
Dyrt
Ingen makroknappar

Siste fra forsiden