Test

Logitech G Pro X

Byr på den beste gamingmikrofonen

Fjorårets G Pro X har den beste mikrofonen me har testa, og er både behageleg og slitesterk.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Logitech har gjort ein del for å gå vekk frå det klassiske «gamer»-designet dei siste åra. Plast er erstatta med metall, og glorete design med meir minimal og anonym utsjånad. Logitechs G Pro X er kulminasjonen av denne tradisjonen.

I samband med Blue Microphones har dei laga eit smakfullt headset med ein glitrande mikrofon og god lydkvalitet til ein relativt grei pris. G Pro X er å finne på mange esportutøvarar sine hovud rundt i verda, og det er ikkje utan grunn.

I skrivande stund er produktet tilgjengeleg for 1200 kroner, men har vore nedi 900 på sal.

Design og komfort

G Pro X har ein enkel og stilrein utsjånad. Logitech-logoen skin på metallet til sideklokkene, men elles er det mørke fargar som gjer lite ut av seg. Klokkene er romslege og behagelege, polstra med minneskum som lar deg bruke dei over lange gamingsesjonar utan problem. Det er òg puter i kunstlær med i eska, som du kan byte til om du ønskjer.

Dette er utan tvil det mest behagelege headsettet Logitech har laga dei siste åra, og verkar meir som eit studioheadset enn eit gamingheadset når det kjem til stil. Det kunne gjerne hatt ein smule mindre press mot hovudet for å perfeksjonere komforten, men me er ikkje langt unna. G Pro X er milevis betre enn G935 er, og G Pro frå 2018.

Putene i klokkene kan skiftast ut, og kjem i enten minneskum eller kunstlær.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det same minneskummet gir støtte til hovudet ditt i bøyelen, mens toppen av bøyelen har eit skinnlag av noko slag med «Pro» skrive i svart. Ein kul detalj.

Byggekvaliteten er det lite å klage på her, for dette verkar særs solid. Tidlegare produkt frå Logitech har vore i fare for å knekke frå den svakaste bris, men G Pro X stiller langt sterkare. Det er rikeleg med fleks i bøyelen, og utsida av klokkene er laga av hardplast. Sjølve festet inn til bøyelen er av aluminium. Eg har difor ingen tvil om at denne vil tole fleire turar i golvet utan problem.

Tilkopling og knappar

Bøyelen er ukarakteristisk solid for Logitech å vere.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Logitech G Pro X er ikkje så veldig avansert av seg når det kjem til tilkoplingsmoglegheiter. Det er éin inngang for den avtakbare mikrofonen og éin for 3.5-millimeter kabel som du koplar til PC eller konsoll.

Kabelen har ein liten kontrollar med rullehjul for volum og dempeknapp for mikrofonen, men elles skjer alt av styring i programvara til Logitech. Meir om det under.

Det som gjer at så mykje kan behandlast i programvara er at det følgjer med ein DAC, eit USB-lydkort, som du pluggar 3.5-millimeter-kabelen inn i. Denne opnar òg for 7.1-surroundlyd av typen DTS Headphone: X 2.0.

Lyd

Logitech har utstyrt headsettet med den nyaste generasjonen av Pro-G-drivarane på 50 mm. Denne versjonen gir litt meir trykk i bassen enn den førre me testa, og har eit meir presist lydbilete.

No som til dømes SteelSeries Arctis Pro med GameDac har vore i prissjiktet rundt 1400 kroner i ei stund er det betre alternativ for lydkvalitet der ute, men det lanserte riktig nok til godt over 2000 kroner. Skal me samanlikne meir direkte er gjerne Alpha-serien til HyperX eller Arctis 5 meir relevant, og då held Logitech stand.

G Pro X er utstyrt med ein ny generasjon av Pro-G-lydelementa.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Med litt justering av EQ i programvara får du bass med god guff, men diskanten er i overkant kvass for min smak. G Pro X slit òg litt med dei høge lydfrekvensane. Du venner deg til balansen etter kvart, men i byrjinga verkar lydbiletet noko metallisk. Uansett fungerer G Pro X bra i både musikk og film med nokre grep i EQ, for i denne prisklassen må ein nesten vente å ha eit par veikskapar.

Logitech har opna for at folk kan leggje ut EQ-profilane sine i programvara, slik at ein kan søke opp profilar skreddarsydde for ulike spel. Kanskje vil du ha noko med bassdjupne for gromme motorlydar i Forza eller noko med mellomfrekvensar tilpassa fotsteg i Counter-Strike? Då er det berre å søkje. Det gir nok ikkje det mest balanserte lydbiletet, men vil du vere litt lydhore i skytespel, kan det gi deg fortrinnet du treng for å drepe fienden.

Surroundlyden er den same som Arctis-serien til SteelSeries nyttar, men implementeringa er ikkje like god her. Logitech har lagt vekt på at ein skal kunne høyre fotsteg ekstra godt med dei nye drivarane sine, og kombinert med surroundeffekten er G Pro X eit habilt val for den som er mest opptatt av å bruke headsettet som verktøy for å vinne. Men det har gjerne gått litt utover allroundkvaliteten, for dette er blant dei svakare surroundbileta eg har vore borti. Det er effektivt til fotsteg, men ikkje så veldig behageleg til generell bruk. Eg anbefalar difor å køyre G Pro X i stereo.

Mikrofon og programvare

Mikrofonen er den fremste styrken til G Pro X.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Etter at Logitech kjøpte opp Blue Microphones har dei inngått eit tett samarbeid. Mikrofonen på G Pro X har kunne nyte av dette, og er mykje, mykje betre enn den Logitech har brukt på 2018-varianten.

Mikrofonen har ingen hint av bakgrunnsstøy i det heile, med effektiv støydemping. Han tar opp stemma di med høgt volum utan å booste opp mikrofonnivået, som gjer at denne kan fungere fint som streamingmikrofon til Twitch og liknande. Blue Microphones har òg bygd inn ei rekkje verktøy i G Hub-programvara for å justere på mikrofonen, slik at du kan finne profilen som passar deg best. Her er det som med lyden mogleg å søke blant eit tonn av førehandsinnstillingar.

Det er ein eigen EQ for mikrofonen, samt filter for høgfrekvente lydar, støydemping, kompressor for å balansere output, de-esser for å redusere lyden av sibilantar (s-/f-/sc-/sch-lydar) og ein «limiter» for å avgrense volumnivået. Eg har aldri vore borti programvare som gjer så mykje for ein mikrofon for gamingheadset. Då må ein laste ned tredjepartsverktøy sjølv.

Utan å bruke Blue Vo!ce gjennom Logitech G Hub er mikrofonen òg veldig god. Det einaste minuset er at han slit litt med dei som har djup stemme, og vil forvrenge bassrøyster meir enn han burde. Det merka eg godt sjølv i Audacity, før eg skrudde litt på EQ i G Hub. Då forsvann det.

Det er berre på PC ein får tilgang til Blue Vo!ce, så eg ville nok vore meir skeptisk til å kjøpe dette på konsoll.

Elles gir G Hub deg moglegheit til å stille på EQ for lyden til headsettet, og justere litt på surrounden. Det er tre profilar for surroundlyden, og du kan stille på volum for kvar av dei virtuelle høgtalarane.

Konklusjon

Logitech G Pro er eit stort steg fram for Logitech på lydfronten. Me har vore ganske lunkne til Logitech G Pro og G930-serien, men G Pro X er betydeleg betre. Du kan forvente å sjå prisar godt under tusenlappen på komande sal, og då får du valuta for pengane.

Logitech har roa ned utsjånaden på G Pro X betrakteleg, og dette må seiast å vere ganske smakfullt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Mikrofonen er den beste me har testa på eit gamingheadsett så langt, og kan konkurrere med både ModMic og nokre streamingmikrofonar. Det blir ikkje heilt det same, men nært nok til at du fint kan bruke denne som utgangspunkt for å starte streamingkarrieren.

Surroundlyden gir deg eit godt utgangspunkt for å høyre fiendar i spel, og lydbiletet i stereo er ganske balansert. Med litt testing i EQ-en får du fort eit lydbilete som gjer jobben i både spel, musikk og film. Stereomodusen er å føretrekkje for alt anna enn skytespel.

Det er eit lite minus at du berre får EQ med fem punkt, men totalt sett er G Pro X ei flott pakkeløysing på PC. Konsollar vil som nemnt ikkje få tilgang til verken surround eller programvare, så eg ville vore litt meir skeptisk til å handle dette for bruk på PlayStation, Xbox eller Switch.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut hardware-sidene våre »

7.5
/10
Logitech G Pro X Gaming Headset
G Pro X er Logitechs beste lydprodukt.
Imponerande mikrofon
Solid byggekvalitet
Særs komfortabelt
Grei lydkvalitet til spel, musikk og film
Omfattande programvare med EQ for både hovudtelefonane og mikrofonen
Berre fempunkts EQ
Surround og programvare berre tilgjengeleg på PC
Surroundlyden er ikkje heilt det store

Siste fra forsiden