Test

MSI Clutch GM41 Lightweight

MSI meiner denne musa vil gjere deg til CS:GO-konge. Stemmer det?

MSI tar kampen mot Logitech og Razer ved å lansere gamingmus med låg vekt og stor passform.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

MSI har ikkje nokon spesielt god historie når det kjem til gamingmus hos oss. For rundt to år sidan testa me Clutch GM60, som sannsynlegvis er den verste musa eg har prøvd.

No er dei tilbake med eit produkt dei meiner me må like. Nye MSI Clutch GM41 Lightweight er ei lett og stor kabla gamingmus med ein topp sensor som MSI har laga for å hive seg på marknadstrenden med fjørlette gamingmus. Dei er kanskje eit år eller to på etterskot her, men dei prøver i det minste.

Musa er mynta på dei som driv med skytespel, og har ein anbefalt pris på 689 norske kroner. I den prisklassen er det beinhard konkurranse.

Design

GM41 er ei avlang og låg gamingmus med ambidesktridesign, som brukar dei same materiala som dei andre GM-produkta til MSI. Fargane, plasten og RGB-elementa er dei same som før. Det er vanskeleg å ikkje sitje igjen med inntrykket av at det er ein smule billig, men byggekvaliteten verkar likevel solid nok.

Høgre og venstre museknapp er veldig lange, som gjer at dette blir ei mus for dei med store hender og klogrep, eller mellomstore og handflategrep.

LÅG: MSI Clutch GM41 Lightweight passar best for klogrep og handflategrep.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Problemet med GM41 er at tommelstøtta er plassert for langt bak, og tvingar tommelen min vekk frå sideknappane. Det gjer støtta noko ubrukeleg med klogrep. GM41 er definitivt behageleg i bruk, men ho kjenst litt klossete i forhold til andre produkt med omtrent same form, slik som Razer Viper.

Kabelen er det som trekkjer mest ned. For eit par år sidan ville ein fletta kabel som denne vore å føretrekkje mot gummikablar, men no må ein ha skolissekabel for å kunne konkurrere med dei beste, lette skytespelprodukta. Difor når ikkje GM41 heilt opp. Kabelen verkar tung i forhold til det dei andre produsentane gjer, og den lagar ein del støy utan bungie.

Det same gjeld vekta. 70 gram er langt betre enn kva MSI har gjort før, og ville vore imponerande for eit par år sidan. Slik er det ikkje no lenger. Det er ei lett skytespelmus for å vere så stor som ho er, men GM41 falmar litt opp mot konkurrentar frå Glorious, Razer, Logitech, Cooler Master og alle dei andre der ute.

Knappar

TOMMELSTØTTE TIL BRY: Sida stikk ut litt for langt bak sideknappane, som gjer at den fremste er vanskeleg å trykke inn.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

GM41 har fem knappar og eit klikkbart rullehjul. Omron-brytarar i høgre og venstre museklikk sikrar at hovudknappane held stand i lang tid, med eit skarpt klikk og ei kort vandring. Dette er blant dei betre brytarane eg har prøvd.

Sideknappane er ikkje fullt like gode. På grunn av tommelstøtta kjem tommelen lenger bak enn han bør vere, som gjer at ein må flytte på fingeren for å trykke på den fremste knappen. Vandringa er òg noko lengre enn optimalt, som gjer at tilbakemeldinga i klikket kjenst for mjukt.

Rullehjulet har korte gummitrinn og fungerer heilt greitt. Det lagar ein del støy, men er samstundes behageleg å bruke. Til slutt er det ein dedikert PPT-knapp på undersida av musa. Denne lar deg velje mellom fem ulike PPT-trinn. Eg vil påstå at det er best å ha PPT-knappen på undersida, slik at ein slepp å kome borti ved uhell. Har du behov for å byte PPT i kampens heite bør du finne ei anna mus.

Sensor

MSI Clutch GM41 Lightweight brukar ein PixArt PMW3389-sensor, så det er lite å seie om ytinga her. Det er støtte for PPT opp til 16 000 for dei som vil at det verkeleg skal gå unna med følsemda, og sporinga er heilt feilfri.

Her er det ingen sjanse for at sensoren spinn ut i det heile. PMW3389 er, som alltid, tilnærma perfekt. Eg syns eigentleg MSI kunne skrudd ned prisen på GM41 med nokre hundrelappar, for det er veldig mange 3389-mus rundt 600–700 kroner. Det ville gitt dei ein liten fordel.

Programvare og RGB

MSI Dragon Center styrer alt av funksjonane til GM41, sjølv om ein kan gjere det meste utan å bruke programvara. Du får gi alle knappane nye eigenskapar om du vil, og du kan endre på løftedistanse, oppdateringsrate og PPT.

LITT DYR: MSI burde ha skrudd ned prisen på GM41. Det er rett og slett for mykje konkurranse i prisklassen dei er i no.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dragon Center er ein hub for alt av produkt frå MSI, slik at ein kan styre fleire einingar på same tid. Har du skjermkort eller hovudkort frå produsenten lar dei deg endre på RGB-fargane og slikt her. Akkurat når det kjem til RGB-fargane til GM41 er moglegheitene ganske spartanske, då ein berre får val mellom ein regnbogeeffekt, ein puls og fast lys.

RGB-fargane kunne med fordel vore meir lyskraftige, men i og med at lyselementa sit på ryggen av musa, så ser du ikkje fargane når GM41 er i bruk. Handa di vil skugge for lyset.

Konklusjon

MSI Clutch GM41 Lightweight er eit langt steg fram frå den førre musa me testa frå MSI. Det betyr likevel ikkje at det er ei mus du treng å kjøpe. Det er ikkje mange gamingmus i denne storleiken som er så lette, men forma og kabelen gjer at eg heller ville gått for noko anna. GM41 har ganske mange fellestrekk med Razer Viper, og det er eit langt betre produkt enn dette.

Designet på tommelstøtta hindrar òg tilgang til sideknappane, noko som legg ein ekstra dempar på opplevinga. Totalt sett er det ei relativt god mus, men ho klarar berre ikkje halde følgje i ein metta marknad der konkurransen er tøffare enn nokosinne. Hadde MSI kome med dette produktet for eit år eller to sidan hadde me kanskje gitt ein høgare karakter, så MSI har rett og slett vore litt for treige.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

6
/10
MSI Clutch GM41 Lightweight
GM41 snublar i sin eigen kabel.
Låg vekt
Komfortabel form for handflategrep med små/mellomstore hender
RGB
Solid byggekvalitet
Stiv og tung kabel
Meiningslaus tommelstøtte
Billig design
Svake sideknappar

Siste fra forsiden