Test

MSI GeForce RTX 3060 Gaming X Trio

Nvidia stikk kjeppar i eigne hjul med skyhøg pris

Det mest populære skjermkortet i produktrekkja blir neppe like populært denne gongen.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
Side 1
2: Speltesting

Det har vore ein heilt ekstrem etterspurnad for skjermkort det siste halvåret, og hyllene er framleis heilt tomme i dei fleste butikkane her i Noreg. No lanserer Nvidia RTX 3060-serien. 60-skjermkorta er vanlegvis dei som blir mest populære blant spelarar, då dei gir god valuta for pengane for speling i 1920x1080.

Er det framleis slik?

Me har fått låne MSI RTX 3060 Gaming X Trio for å køyre nokre testar og vurdere om det er verd investeringa. Dette kortet kjem med 12 GB GDDR6-minne, 3584 CUDA-kjernar og ein klokkehastigheit på 1852 MHz.

Design

MSI RTX 3060 Gaming X Trio er i praksis identisk med alle dei andre Gaming X Trio-korta frå MSI. Du får ei bakplate i svart metall, vifter med ein skinande MSI-logo i sølv på midten og eit viftedekkje i svart og grått. Under ligg MSI sin særs effektive Twin Frozr 2-kjølar.

KLASSISK DESIGN: MSI har ikkje endra på mykje.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kortet er rundt 32 centimeter langt, så det tar opp ein del plass i kabinettet. Det er ganske likt som RTX 3070-versjonen. Kortet har 3 DisplayPort-utgangar og éin HDMI-utgang, som gir deg det du treng for å køyre både TV og ein drøss med skjermar om gongen.

Eg kan ikkje unngå å tenkje at det kunne vore greitt å gjere noko nytt med utsjånaden på korta etter kvart. Me har testa mange Gaming X Trio-skjermkort, og alle er heilt like. Sjølv om det er stilige kort med rikeleg RGB, så er det ein fordel å vere litt kreativ.

Nokre tankar om pris

Pascal-kortet GTX 1060 er framleis det mest populære valet for brukarar på Steam. Det skal i utgangspunktet vere i same klasse som dette, men lanserte til ein betydeleg lågare pris. Faktisk lanserte mange av 1060-korta til ein pris på rundt 3000 kroner.

NY PRISKLASSE: Alle skjermkort på marknaden har auka veldig i pris i det siste. RTX 3060 lanserer til ein langt høgare pris enn det Nvidia lova.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette kostar dobbelt så mykje. MSI har anbefalt ein pris på 5249 kroner for RTX 3060 Gaming X Trio, men i skrivande stund er det einaste kortet her i Noreg ute til ein pris på 6300 kroner (ProShop). Det er eit latterleg prishopp. Det gjekk opp frå 3000 til rundt 4000 kroner med RTX 2060, men her snakkar me ein heilt ny prisklasse.

60-serien er på ingen måte eit mellomklassekort lenger. Til dei 5000 kronene som MSI anbefaler får du framleis veldig mykje yting for pengane, men til over 6000 så kostar det jo nesten like mykje som RTX 3060 Ti-versjonen frå MSI. Det er relativt trygt å seie at RTX 3060 er ein veldig dårleg deal med dagens prisar, spesielt i forhold til kva GTX 1060 og til dels RTX 2060 var.

Prisane svingar så ekstremt mykje for tida at her må me nesten kome tilbake seinare med ein samletest når lagerbehaldningane er meir stabile. Då får me heller justere karakterane. No er etterspurnaden uansett så høg at eg tvilar på at det skjer før slutten av 2021 igjen.

Yting

Nvidia marknadsførar RTX 3060 som omtrent like kjapt som RTX 2070, og rundt 30 prosent kjappare enn RTX 2060. Testane mine viser at det held vatn i nokre spel, men ikkje alle. I både Middle-Earth: Shadow of War og The Witcher 3: Wild Hunt er RTX 3060 klart svakare enn RTX 2070, og langt unna å vere 30 prosent kjappare enn RTX 2060. I Far Cry 5 er det dødt løp mellom RTX 3060 og RTX 2070.

BAKPLATE: MSI gjekk for den svarte metallbakplata denne gongen òg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Totalt sett er RTX 3060 eit flott kort for dei som speler i 1080p, sjølv om me er under grensa der skjermkortet er ein større flaskehals enn den overklokka Intel Core-i7 8700k-prosessoren vår. RTX 3060 vil sannsynlegvis halde koken i 1440p i eit par år om ein justerer litt på innstillingane òg.

Strålesporing er framleis altfor krevjande til at det er vits i å bruke, og det ser me spesielt godt med RTX 3060. Her stupar biletefrekvensen. I Control er skjermkortet under 60-grensa allereie i 1080p. «Deep Learning Super Sampling» bidrar til eit stort løft for RTX 3060 i dei spela som støttar det, men eg ville framleis haldt meg unna strålesporinga.

Eg var litt overraska over at Nvidia valde å utstyre RTX 3060 med 12 GB videominne, for det har ein strengt tatt ikkje så veldig bruk for til speling i 1080p og 1440p. Det er neppe nokon som kjøper dette for høgare oppløysingar.

Testane er gjort på ein PC med ein i7-8700k-prosessor klokka til 4.9 GHz, ein kjapp nVME-SSD og 16 GB med 4.4 GHz DDR4-minne. Resultata ser du på neste side.

Straumforbruk, temperatur og støynivå

MSI viser nok ein gong at dei kan lage særs effektive kjølarar. Som alle dei andre Gaming X Trio-korta står viftene stille på tomgang, og under full last produserer dei berre 31 desibel. Det er det minste eg har målt så langt av alle skjermkorta me har testa. Noctua NH-D15-kjølaren til prosessoren min overdøyver skjermkortet med ein gong prosessoren får noko å gjere.

Med eit forbruk på berre 168 watt under full last via dei to 8-pin-kontaktane, og ein maksimal temperatur på 58 grader, er det lite å klage på når det kjem til straumforbruk og temperatur. På full last køyrde viftene på knappe 1120 omdreiingar i minuttet. Det er veldig gode tal.

Overklokking

DOBBEL KONTAKT: MSI har utstyrt sin Gaming X Trio-kjølar med doble 8-pin-kontaktar. Med så lågt straumforbruk som dette hadde eigentleg ikkje det vore nødvendig.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ampere-skjermkorta har generelt hatt lite å by på av overklokking, for Nvidia og tredjepartsprodusentane har mjølka skjermeiningane for det dei er gode for. Det varierer gjerne frå spel til spel, men me har ikkje klart å hente noko særleg frå verken RTX 3070, RTX 3080 eller RTX 3090.

Med RTX 3060 verkar det som det er litt meir å gå på. I Horizon Zero Dawn auka ytinga med heile åtte prosent på tvers av 1080p, 1440p og 2160p. I Middle-earth: Shadow of War fekk eg sju prosent ekstra bilete i sekundet i 2160p, medan skilnaden var rundt to prosent i Far Cry 5. For dei to siste var det berre i 4K eg merka forskjell.

Med ei stabil overklokking på 76 MHz fekk eg skjermkortet opp på 2055 MHz totalt, men sjølv utan overklokking booster kortet heilt opp til 1972 MHz. Det er langt over det MSI lovar. Høg klokkehastigheit er ikkje unikt for Ampere-korta, men det er berre på dette skjermkortet at auka i klokkehastigheit faktisk har betydd noko særleg for biletefrekvensen.

Konklusjon

Det er førebels litt vanskeleg å vurdere RTX 3060 på grunn av den usikre prisen. MSI har verkeleg levert med ein habil kjølar med imponerande lite støy og låg temperatur, men viss ein faktisk må ut med 6000 kroner for dette, så er det neppe eit spesielt godt kjøp.

60-serien har plassert seg i eit heilt anna prissjikte enn før. Me må kanskje endre definisjonen av mellomklassen etter kvart, men sjølv til 5000 kroner trur eg ikkje dette kan bli like populært som GTX 1060 var. Det er rett og slett for dyrt. RTX 3080-skjermkortet me testa ved lansering gav faktisk fleire FPS per krone enn dette gjer. Slik kan eg ikkje hugse at det har vore før. NO er prisen på RTX 3080 riktig nok langt høgare enn den var, så RTX 3060 er no det skjermkortet i Ampere-serien som gir mest for pengane.

Det er litt flaut.

Ytinga er likevel meir enn god nok for dei fleste som vil spele med høg biletefrekvens i 1080p. For 1440p trur eg gjerne RTX 3060 Ti eller RTX 3070 er den beste løysinga, men det kjem me tilbake til. Me har eit 3060 Ti klart for testing i neste veke.

Sit du på eit Turing-kort som RTX 2060 ser eg ingen vits i å oppgradere, men det kan gjerne vere noko for dei som framleis har Pascal eller Maxwell-kort.

Mitt førsteinntrykk er at Nvidia (og MSI) har skote seg sjølv i foten med å setje prisane så høgt. No er det så mange som vil ha tak i kort at dei sikkert blir seld uansett, men dette opnar for at AMD kan ta over leiinga i mellomklassesegmentet. Det blir veldig spanande å sjå kva AMD kan by på med RX 6700 XT og RX 6700.

Arbeidet til MSI gjer at me fint kan anbefale dette til dei som ikkje bryr seg så altfor mykje om pris, men då er det gjerne like greitt å kjøpe noko litt dyrare.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

Særs effektiv kjølar frå MSI gir låge temperaturar og omtrent ingenting støy
Støtte for DLSS
Taklar det meste i 1080p
Brukar lite straum
Mykje å hente frå overklokking
RGB
Langt dyrare enn 60-serien i førre generasjonar
Ikkje like bra som RTX 2070 i alle spel
Strålesporing er meiningslaust med RTX 3060
Sannsynlegvis umogleg å få tak i etter lanseringa
Side 1
2: Speltesting

Siste fra forsiden