Test

MSI GS66 Stealth

Er ein gaminglaptop til 38 000 kroner verd pengane?

Me har testa MSI GS66 Stealth.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Test og konklusjon
2: Benchmarking

Berbare gamingmaskinar er blitt dyrare og dyrare dei siste åra. Det kostar å vere kar viss ein skal ha noko lett og kompakt til å hive i sekken, og som samstundes kan køyre dei mest krevjande spela med innstillingane på øvste nivå.

Det er ei stund sidan sist me publiserte testar av berbare datamaskinar her på Gamer.no, men no som me har satsa ein del meir på maskinvare i det siste, er det naturleg å ta det opp att. Først ute i år er den slanke og elegante toppmodellen til MSI, GS66 Stealth.

Dette er ein monstermaskin med ein i9-prosessor frå Intel på straumdop, Nvidias toppkort til berbare, 32 GB RAM, ein lynrask skjerm på 300 hertz og ein NVMe-SSD på 2 TB. Her er det mykje å like.

Prislappen er like heftig; 38 000 kroner.

Er det verd pengane?

Design

GS66 Stealth er ein ganske stor maskin takka vere skjermen på 15,6 tommar, men med ein slank konstruksjon veg han ikkje meir enn 2.1 kilo. Det er lite nok til at du ikkje merkar så altfor mykje av maskinen i sekken. Marknaden husar eit par maskinar som er lettare enn denne i same storleik, men det er ikkje mange av dei.

Designfilosofien bak produktet ligg i namnet Stealth. Heile kabinettet er dekkja av ein matt svartfarge, og det er ingen kraftige fargar eller RGB-lys i MSI-logoen på lokket. Her skal det vere anonymt nok til at maskinen kan sjå ut som kva som helst kontormaskin – noko han gjer, i alle fall inntil du opnar han.

TYNN OG STILIG: Det er ikkje lett å sjå at dette er eit gamingprodukt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

GS66 Stealth har ei djupne på 1.98 centimeter, som kombinert med det tilbaketrekte designet og den låge vekta gjer dette til ein maskin som gjer seg like godt på gamingpulten som på fanget i førelesingssalen eller på møterommet.

Derimot er det ein del andre faktorar som legg ein dempar på kor snikete han eigentleg er. Meir om det seinare.

Tastatur

Skal ein først ha ein svindyr gamingmaskin må tastaturet vere på plass. Nokre av dei større gamingberbare har fått innebygde mekaniske tastatur, men det er det vanskeleg å få plass til i eit såpass tynt produkt som dette.

DUGANDE CHICKLET-TASTATUR: SteelSeries har produsert tastaturet på GS66 Stealth, og dette er definitivt blant dei beste membrantastatura me har testa.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

SteelSeries står som avsendar for tastaturet i GS66 Stealth, og byr på eit membrantastatur med livlege RGB-lys. Tastane kunne gjerne vore litt meir lyssterke, men fargane er fine. Sjølve tasteopplevinga er blant dei betre for membrantastatur.

Støynivået er forholdsvis lågt, og ei kort vandring sikrar at det er ei fast og hard tilbakemelding når tastane når innslaget. Eg er av typen som definitivt ville kopla til eit mekanisk, eksternt tastatur med første sjanse, men for dei på farta er det lite å klage på her.

Det einaste som irriterer med tastaturet er at dei har kombinert Fn- og Control-tastane til ein slags todelt tast. Eg har for så vidt ikkje feiltasta på dei, men det er eit merkeleg val at <-tasten skal få meir prioritet enn dei.

Peikeplate

Sjølv om ein sannsynlegvis kjem til å bruke ei skikkeleg mus under gamingsesjonane, er ei responsiv peikeplate noko av det viktigaste på ein god gamingberbar. Det er lite som er meir frustrerande enn peikeplater som dobbeltklikkar ved uhell eller heng seg opp.

Det er definitivt ikkje tilfelle her.

Peikeplata på GS66 kjenst lynrask, og har eit avlangt design som gjer at ein har stort rom for å manøvrere peikaren. Det er ingen museknappar, men i løpet av eit par veker med bruk har eg ikkje merka noko rusk med å trykke på sjølve plata.

Dette er kvalitet.

RIKELEG MED TILKOPLINGAR: Det er mykje å velje mellom på GS66 Stealth, men det hadde vore greitt med ein kortlesar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
VENSTRE: Slik ser venstre side av maskinen ut. Det kunne kanskje vore fleire portar på denne sida og færre på den andre.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Tilkoplingar

Som ein gamingberbar med toppspesifikasjonar er det naturlegvis eit hav med tilkoplingsmoglegheiter på GS66. På høgresida finn me ein kombinert mikrofon- og headsettinngang, ein Ethernet-port, ein USB-C-port og to USB 3.0-portar. Det mest framståande er likevel lufteventilane for viftene i maskinen.

På venstre side har ein nok ein USB-C-port, endå ein USB 2.0-port, strauminngangen og ein HDMI-port i fullformat. Eg syns for så vidt at det heller kunne vore fleire portar på denne sida då kablar frå mus og tastatur kan kome litt i vegen på høgresida. Mangel på kortlesar er òg eit minus på ein såpass stor og dyr gamingmaskin.

Høgtalarar

Ein skal ikkje forvente all verda av høgtalarar på berbare maskinar, men når mobilhøgtalarar er blitt såpass gode som dei er, syns eg me kan halde MSI til ein viss standard her. Den klarar dei ikkje nå. Høgtalarane speler veldig høgt, opp mot 90 desibel, men det hjelper lite når dei blir grumsete og mistar alt av detaljar og nyansar i lydbilete over 50 prosent volum.

På lågare lydnivå er dei for så vidt greie nok, men det er ikkje så mykje bass at det gjer noko her. Ikkje heilt det store, dette.

Kamera og mikrofon

Kameraet og mikrofonen er heller ikkje spesielt imponerande. For kameraet snakkar me 720p-oppløysing og nok biletestøy til at eit mobilkamera frå 2009 kunne gjort det betre. Det er for dårleg på ein maskin til nesten 40.000 kroner.

Det same gjeld mikrofonen. Stemma mi blir nasal og sibilantane er altfor tydelege, og det er reine konserten av bakgrunnsstøy.

Dette står til stryk.

Skjerm

Det siste året har trenden vore å utstyre gamingmaskinar i denne klassen med skjermpanel på 300 hertz, og GS66 er ikkje noko unntak. Eg merkar umiddelbart at skjermen verkar ekstremt responsiv sjølv på skrivebordet i Windows, og det førast over i dei få spela der ein klarar å få biletefrekvensen opp mot 300.

KJAPP OG LYSSTERK: Skjermen er rett og slett heilt kanon.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Forskjellen ned mot 240 hertz er ikkje akkurat natt og dag, men han er definitivt stor nok til at ein legg merke til oppgraderinga.

1080p-skjermen på 15,6 tommar er basert på eit IPS-panel frå AU Optronics, som sikrar relativt nøyaktige fargar og ein lysstyrke på rundt 315 nits. Det finst eit par maskinar som har meir nøyaktige fargar og kraftigare lys, men her er marginane relativt små. Spesielt i skytespel med høg biletefrekvens, slik som Counter-Strike, vil denne skjermen vere ein slager.

Tynn skjerminnfatning sikrar òg at ein ikkje blir distrahert av kabinettet, og gjer at skjermen er eit av dei fremste trekkplastera til MSI GS66 Stealth.

Yting

Takka vere eit GeForce RTX 2080 Super i Max-Q-design frå Nvidia med 8 GB videominne, som er ein nedgradert versjon av det stasjonære kortet, kan GS66 Stealth takle dei fleste spel i 1080p med god margin. I dei mest populære esportspela klarar maskina lett å bikke 200 FPS med ei og anna justering på grafikkinnstillingane.

Samstundes er me eit stykke unna å matche oppdateringsfrekvensen til skjermen her. Det er snart to år sidan førre laptop-test me gjorde her på bruket, men den førre maskinen klarar strengt tatt å matche GS66 i ein del spel – og det med ein GTX 1070 i staden. Riktig nok var det eit skjermkort i stasjonær storleik, men det er vanskeleg å ikkje vere litt skuffa over ytinga til GS66. Det gjeld for så vidt dei fleste maskinane med 2080 Super Max-Q-kort. Eg ville nok vurdert å vente og sjå kva Ampere-arkitekturen vil gjere for berbare.

Prosessoren er det betre med, og her er laptopen utstyrt med det beste ein kan få tak i. Intel sin i9-10980HK er den kraftigaste, berbare prosessoren på marknaden. Med åtte kjernar og ein klokkehastigheit på 2.4 GHz som booster forbi 5 GHz, er det mykje å hente i produktive oppgåver. Samstundes er styrken til 10980HK er først og fremste einkjerna yting, for dei nye Ryzen-prosessorane klarar seg betre i fleirkjerna scenario. Heldigvis er einkjerneyting som er desidert viktigast for spel. Ryzen-prosessorane finn ein førebels berre i mellomklassen og under når det kjem til berbare, så det er uansett ikkje nokon direkte konkurrent.

MSI har mata godt med straum inn i prosessoren, tilsynelatande meir enn kva ein burde, som gjer at temperaturane går opp.

Varme- og støynivå

Problemet er altså at prosessoren blir sabla varm. GS66 Stealth har tre ulike modusar for viftene; Silent, Balanced og Extreme. For å få benchmark-resultata på neste side må ein ha maskinen i «Extreme»-modus, der viftene produserer støy over 50 desibel. Det er såpass høgt at vifta rett og slett overdøyver mikrofonen min når eg speler med andre, og gjer at eg nesten må bruke eit headsett med aktiv støydemping for å leve meg skikkeleg inn i spel.

Faktisk trur eg denne maskinen ville vore betre med ein litt svakare prosessor. Eventuelt kan ein alltids skru ned spenninga på prosessoren manuelt.

Høge temperaturar er ikkje unikt for berbare i denne prisklassen med slike spesifikasjonar, men det legg ein seriøs dempar på opplevinga. Det er prosessoren som gjer at det er naudsynt å køyre viftene såpass kjapt, då 10980HK ligg på godt over 90 grader med fleire kjernar sjølv i Extreme-modusen, og heilt opp til 99 grader under stresstesting. MSI meiner at det ikkje skal vere skadeleg, men skal ein ha mindre støy må ein ofre ytinga. Forvent eit dropp i FPS på rundt 2–5 prosent med «Balanced», og opp mot 20 prosent i «Silent» under full last.

VARM OG HØGLYDT: Mykje straum til prosessoren gjer at den blir varm, og då går viftene i rein jetmotor-modus. Men det er ikkje uvanleg for berbare i denne klassen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Endå meir irriterande er det at viftene har ein tendens til å booste til himmels heilt ut av ingenting, om maskinen så går på tomgang eller ein berre ser på YouTube. Det gjer at denne maskina ikkje fungerer spesielt godt på verken førelesingssalen eller møterommet, som eg hinta til over.

Temperaturane på skjermkortet er monaleg betre. Skjermkortet dreg rundt 80 watt og kom aldri over 73 grader i stresstesting. Slik sett trur eg kanskje ein billigare variant av GS66 med ein litt svakare prosessor vil vere eit betre kjøp. Du mistar kanskje nokre FPS, men det vil vere verdt det.

Batteri

Batterilevetida er nok ein veikskap for GS66 Stealth, men det er det eigentleg for alle gamingberbare. Ytinga er elendig på batteri i spel, så det er lite vits i å bruke maskinen til anna enn arbeid og lett medieforbruk på batteri. På tomgang med skjermstyrken på fullt held maskinen gåande i 4 timar og 45 minutt, og rundt ein time og 30 minutt under full last i lette spel.

Sjølve batteriet er massivt, på heile 99,9 watt-timar. Det er ein del meir enn dei fleste gamingberbare i same klasse, men det ser ikkje ut som storleik utgjer alt her. Det er andre maskinar med mindre batteri som kan vare lenger.

Konklusjon

Det seier seg sjølv at dyre gamingberbare ikkje er for alle. Ein kan få betydeleg meir for pengane i mellomklassen, men denne typen produkt er først og fremst for dei som har råd – og som ikkje vil ha noko stasjonært. Samanlikna med andre modellar med RTX 2080 Super-kort og i9-prosessorar så er prisen omtrent på snittet.

Eg seier ikkje nødvendigvis at det gjer at prislappen er grei, men det er ikkje her dei største trekka i karakteren kjem.

PORTABEL KRAFT: Det er ytinga, skjermen og det stilige designet som gjer at maskinen kanskje kan vere verd pengane for målgruppa her. Ho er nok ikkje eg del av.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Innmaten er kraftig nok til å takle det meste av nye spel i 1080p med god margin, sjølv om det kanskje er litt i overkant med ein skjerm på 300 hz. Uansett er det såpass mykje kraft her at ein kan køyre nye spel på maks i nokre år til.

Ytinga er det slik sett lite å seie på. Hadde me sett på den aleine ville dette vore eit solid kjøp, men problemet er av viftestøyen øydelegg opplevinga. Sjølv om det er ein gjengangar for gamingmaskinar i denne prisklassen, går viftene så kjapt at ein rett og slett bør bruke støydempande headsett saman med produktet. Det er eit svært minus i mi bok. Skal produsenten først gjer det slik bør dei i det minste halde maskinen kjølig, noko han ikkje er.

Kombinasjonen av dette saman med eit middels batteri, mangel på kortlesar, elendig mikrofon, eit billig kamera og svake høgtalarar gjer at eg ikkje ser korleis denne maskinen skal leve opp til prislappen. Dette er riktig nok gjengangarar for dei fleste av konkurrentane til GS66 Stealth, og ytinga er trass alt det som er viktigast her.

Eit flott, tynt og lett kabinett saman med eit imponerande tastatur og høg gamingyting gjer at MSI klarar seg greitt mot andre konkurrentar, men MSI har ein del arbeid å gjere til neste år.

6
/10
MSI GS66 10SGS-017NE
Ein kraftig og stilig maskin, men GS66 er altfor varm og høglytt.
Lett og stilig kabinett
300hz IPS-skjerm med tynn fatning
Kraftig prosessor
God yting i spel
Kjapp M2. SSD
Presis peikeplate
Eit av dei betre chicklet-tastatura
Masse viftestøy og høge temperaturar
Ingen kortlesar
Elendig mikrofon
Svakt kamera
Dårlege høgtalarar
Middels batteri
1: Test og konklusjon
2: Benchmarking

Siste fra forsiden