Test

MSI RTX 3090 Gaming X Trio

Me har testa det kraftigste skjermkortet på marknaden

Gir det valuta for pengane?

Mikkjell Lønning/Gamer.no
Side 1
2: Speltestar

Nvidias ferske Ampere-serie er ute, og lagerbehaldningane er skuffande tomme. Det blei ei papirlansering denne gongen òg. Dårlege kondensatorar har ført til ustabile klokkehastigheiter og krasjing i spel for både RTX 3080 og RTX 3090, men Nvidia har delvis fiksa problemet med ei ny oppdatering.

Til trass for imponerande yting har lanseringa vore ein smule skuffande for forbrukaren. Det er få som har fått hendene sine på produkta enno, og det går nok ei stund enno.

Me publiserte ein test av ASUS TUF Gaming sin RTX 3080 for ei stund sidan, og har no hatt nokre dagar med MSI RTX 3090 Gaming X Trio. Dette er eit skjermkort som skal vere Nvidia sitt første steg inn i 8K-verda, og dei lovar at det skal vere tidenes kraftigaste skjermkort. Båe testkorta våre skal ikkje vere påverka av kondensatorproblema som mange melder om, då desse brukar kondensatorar av ein anna type.

For 19 500 kroner bør ein i det minste få eit kraftig kort for pengane her. Og det gjer du jo. Men er det eit 8K-kort? Og kor mykje betre er det enn RTX 3080?

Me har tatt ein kikk.

Design

MSI er kjend for ganske inkrementelle endringar frå generasjon til generasjon når det kjem til designet på Gaming X Trio-serien. Dette er ein av dei dyraste og tradisjonelt kraftigaste tredjepartskorta du finn av Nvidia sine skjermkort, og Ampere-versjonen er ikkje noko unntak.

MSI-logoane på viftene er erstatta med MSI-draken, medan plasten rundt viftene har fått eit meir stilreint design med skarpare kantar sidan Turing-korta. Dei svære RGB-panela rundt viftene er òg vekke, erstatta med nokre mindre RGB-striper på tvers av kortet. Eg må innrømme at eg likar designet til førre generasjon betre, men dette er framleis blant tredjepartskorta som ser desidert flottast ut.

NYTT DESIGN: Bakplata er den største skilnaden når det kjem til utsjånaden.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er på bakplata dei største endringane har skjedd. Som på ASUS sitt RTX 3080-kort er delar av skjermeininga vist fram i ei slags rute omkransa av skinande metall. «Gunmetal»-fargen frå Turing er endra til svart, og drakelogoen på baksida er blitt kvit. Det er òg kome ein stor logo for RTX.

Rillene i bakplata er som klomerke i metallet, som er eit tøft innslag. Elles er det naturlegvis storleiken det går på. RTX 3090 er ein svær brikke, som skapar behov for lange og tunge kjølarar.

Kortet målar 33.5 centimeter i lengda, og det er rundt ein centimeter meir enn RTX 2080 Ti-versjonen. I seg sjølv verkar ikkje det som noko enorm skilnad, men allereie med 2080 Ti-versjonens 32.7 centimeter var det for stort for mange kabinett. Dette er endå større.

Yting

Så, til det me ventar på. Nvidia annonserte RTX 3090 som tidenes første 8K-skjermkort, mynta på gaming. I etterkant, rett før lansering, nyanserte dei utsegna ein smule med å fokusere meir på produktivitetsføremål, og sa at RTX 3090 berre blir rundt 15 prosent kjappare enn RTX 3080.

Det passar stort sett med mine testar, minus nokre prosent her og der. I og med at Nvidia endra marknadsføringa i forkant av at kortet kom i hyllene, skal eg ikkje arrestere dei for mykje på det.

RTX 3090 kostar meir enn dobbelt så mykje som RTX 3080, og det er vanskeleg å kome unna at ein får ekstremt dårleg valuta for pengane her. Det er betre enn Titan-kortet, men det er trass alt ikkje meint for gaming lenger. Dette er derimot det.

MEININGSLAUST I 1080P: RTX 3080 er faktisk betre i nokre spel i både 1080p og 1440p, så med mindre du speler i 4K og over er ikkje dette noko for deg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Prisen kjem nok i stor grad av at RTX 3090 er utstyrt med heile 24 GB med GDDR6X-minne. Det er ganske ekstremt, heile 14 GB meir enn RTX 3080. Og treng du dette? Sannsynlegvis ikkje. Ikkje viss du skal spele under 4K, i alle fall.

Det er store skilnadar frå spel til spel kor mykje oppgraderinga til RTX 3090 vil gi deg, samanlikna med RTX 3080. I 1080p vil du faktisk miste nokre prosent yting i spel som The Witcher 3: Wild Hunt eller Far Cry 5, medan nyare spel som Horizon Zero Dawn og Borderlands 3 held ein knapp på RTX 3090. RTX 3090 er òg klart i leiinga i 1080p når strålesporing er slått av.

Men her snakkar me sjeldan meir enn fem prosent den eine eller den andre vegen.

Det same gjeld eigentleg 2560x1440. Der er framleis RTX 3080 betre enn RTX 3090 i The Witcher 3 og Far Cry 5, og litt svakare i dei andre testspela. Det er først i 4K at me ser RTX 3090 gjere det 15 prosent betre i Far Cry 5, og sju prosent betre i The Witcher 3: Wild Hunt.

På tvers av dei ni testspela våre (sjå neste side) ligg forskjellen mellom sju og 20 prosent i 4K, og noko høgare med strålesporing på. Til dømes er auka på 26 prosent i Shadow of the Tomb Raider med strålesporing i 4K.

Det er først i 6K og 8K at forskjellen blir større, for då blir avgrensinga på videominnet til RTX 3080 openbert. Her får me til dømes ei leiing på 52 prosent i Far Cry 5, men til gjengjeld er biletefrekvensen såpass låg då at kvar enkelt FPS har eit stort utslag. Slik sett blir samanlikninga noko meiningslaus. Og igjen har typen spel mykje å seie. I Middle-Earth: Shadow of War er RTX 3080 berre 17 prosent bak i 8K.

RTX 3090 aukar generelt sett forspranget dess høgare oppløysinga blir, men påstanden om at RTX 3090 er eit 8K-kort held ikkje vatn. Det viser testresultata våre. Dette minner meir om korleis GTX 980 Ti var i 4K då det kom ut. Eg ville neppe kalla det for noko 4K-kort.

Jau då, det tok innpå, men det gjekk eit par generasjonar til før me var der. Faktisk heilt til Ampere og RTX 3080. Me jobbar med ein featuresak som ser nærmare på 8K-ytinga, og kjem tilbake til dette der.

STILIG: Designet har fått nokre justeringar, om til det verre. Men det er framleis eit flott produkt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Så det går nok to hopp til og vel så det før skjermkort i 20.000-kronersklassen kan takle 8K like godt som RTX 3080 taklar 4K. Difor kan me gi Nvidia stryk når det kjem til marknadsføringa.

Men det endrar ikkje det faktum at RTX 3090 er eit monsterkort. Generelt er det slik at du får mindre for pengane dess meir du brukar når det kjem til teknologi. Det er avtakande avkasting heile vegen. Eg skulle gjerne sett RTX 3090 prisa meir som Titan-korta var i dei første generasjonane, rundt 12.000 kroner, men det er likevel rom for RTX 3090.

Dette er eit entusiastkort så det held.

Samstundes kjem det sannsynlegvis ein versjon av RTX 3080 med 20 GB minne, og då kan det godt hende at det kan minske avstanden betydeleg i 6K og 8K.

Testane er gjort på ein PC med ein i7-8700k-prosessor klokka til 4.9 GHz, ein kjapp nVME-SSD og 16 GB med 4.4 GHz DDR4-minne.

Overklokking

Turing-korta hadde mykje ekstra å by på viss du spurde pent med hjelp av MSI Afterburner eller liknande, men ein får ikkje dei same resultata med Ampere-arkitekturen. Det førre MSI Gaming X Trio-kortet me testa gav meg rundt 10 prosent fleire FPS ved overklokking, her ligg me på tre til fem prosent.

Nytt i år er at eit vern for minnebandbreidda gjer at kortet ikkje alltid krasjar ved overklokking av minne, men at ytinga heller går ned. Det har for så vidt skjedd før òg, men det er blitt endå meir krevjande å finne den rette balansen mellom overklokking av minnehastigheita og klokkehastigheita.

STRAUMEFFEKTIVT: Du får mykje yting med tanke på kor få watt det drar samanlikna med RTX 3080, men me har gått opp over 100 watt frå Turing.
MSI

Gaming X Trio-kortet har tre 8-pin straumkontaktar som burde tilseie at ein kan overklokke litt ekstra, men eg fann ingen måte å auke straumopptaket på. Straumforbruket er slik sett det same som utan overklokking, sjølv med spenninga skrudd monaleg opp.

Likevel såg eg gode resultat når det kjem til klokkehastigheita. Det betyr ikkje alltid like mykje for FPS, men MSI RTX 3090 Gaming X Trio booster heilt opp til 2115 MHz med stabil overklokking, og rundt 2040 MHz utan. Det er imponerande. Ut av eska skal kortet vere innstilt til 1800 MHz, men det susar altså forbi 2 GHz utan problem.

I Middle-Earth: Shadow of War tyna eg fire prosent meir ytinga ut av kortet i 4K, der biletefrekvensen gjekk frå 111 til 115. I Far Cry 5 var marginane omtrent dei same, og gjennomsnittet gjekk frå 102 FPS til 106 FPS. I underkant av fire prosent der òg, altså.

For The Witcher 3: Wild Hunt gav overklokkinga fem prosent meir yting, og det same skjedde i Horizon Zero Dawn. Me får mjølka litt meir ut av dette enn ASUS-kortet med andre ord, men me ligg 5–6 prosent sør for det MSI sine Turing-kort kunne gjere.

Straumforbruk, temperatur og støynivå

Straumforbruket har gått monaleg opp sidan Turing, og RTX 3080 trekk opp mot 350 watt ut av veggen. Eg hadde slik sett venta å sjå tal over 400 watt med RTX 3090, men det er ikkje noko spesielt stor forskjell. På det meste trakk kortet 371 watt, med og utan overklokking.

Temperaturen maksa ut på 75 grader. Viftene har aldri gått kjappare enn 1450 omdreiingar i minuttet, og produserer då 33 desibel under full last. Det er i praksis ingenting. På tomgang er me akkurat nede på 20-talet.

STILLE: Tri Frozr 2.0-kjølaren gjer ein særs god jobb med å halde skjermkortet kjølig og støysvakt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg bøyer meg i støvet for denne kjølaren, altså. Her er me ti grader unna nokon som helst form for varme-«throttling» der skjermkortet klokkar ned, og det produserer så lite støy at du strengt tatt ikkje høyrer det med eit lukka kabinett i det heile.

Det er fint mogleg å skru opp viftefarta for å få lågare temperaturar utan at ein merkar det. 500 omdreiingar meir i minuttet drar støynivået opp mot 40 desibel, men sjølv då er dette monaleg stillare enn Turing-korta.

Det einaste eg har å klage på er at det kan kome litt «spolekvin», altså ein merkbar summelyd når biletefrekvensen blir for høg. Denne høyrest ut som ei dempa sekkepipe i menyane på Witcher 3, noko som er vere ein smule irriterande for dei som har ope kabinett.

Konklusjon

Anna enn nokre låge ulydar ved høg biletefrekvens er det absolutt ingenting negativt å seie om MSIs nye Gaming X Trio-kort. Temperaturane er låge, kortet er omtrent heilt stille og det booster overraskande høgt ut av eska. Eg skulle gjerne sett at overklokkinga hadde meir for seg, men det går nok rett og slett på at skjermkortet er såpass kraftig justert i utgangspunktet.

INGEN VR-PORT: Den dedikerte VR-porten er vekke frå Turing-serien.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Spørsmålet er heller om RTX 3090 er noko for deg. Dette er eit kort som er fullstendig meiningslaust å eige for speling under 4K. Det er langt unna å vere kraftig nok for 8K og 60 FPS, men taklar du 30 kan du kome unna med det. Samanlikna med RTX 3080 får du spektakulært lite for pengane her.

Me snakkar òg betydelege investeringar i skjerm for å kunne spele utan oppskalering eller DLSS i 8K, men har du pengane, så er det ei fantastisk oppleving.

Nvidia har endra ein smule på marknadsføringa si i forkant av lanseringa, og rettar no kortet mot entusiastar som driv med produktivitetsoppgåver. Treng du noko som gjer det like godt med rendering i Sony Vegas som Witcher 3 i 6k, så er dette kanskje noko for deg.

Samstundes veit me at Nvidia sannsynlegvis kjem med eit RTX 3080-kort med 20 GB videominne. Er dette klokka høgare enn det vanlege RTX 3080-kortet òg, så vil det nok knuse RTX 3090 når det kjem til verdi. Noko det teknisk sett allereie gjer.

Videominnet til RTX 3080 på 10 GB er for lite i 6K og 8K i ein del spel, men 20 GB bør halde. Eg har nemleg aldri sett RTX 3090 bruke meir enn 19,5 GB videominne.

RTX 3080 Ti eller kva det vil heite kan potensielt gjere RTX 3090 forelda og poenglaust. Slik sett ville eg venta. Uansett er det fullstendig umogleg å få tak i RTX 3090 no, så du har vel eigentleg ikkje noko val.

Det er litt vanskeleg å setje karakter på dette skjermkortet. MSI sin kjølar er glimrande, til trass for ein ekstremt stiv pris. Moglegvis er det like greitt å gå for ein billigare kjølar, til dømes ASUS TUF Gaming sin RTX 3090-variant. Men skal du først slå på stortromma og kjøpe eit RTX 3090, så har du gjerne råd til å investere i det beste av det beste.

Det får du her.

Prisen er ein viktig faktor, men fram til RTX 3080 Ti kjem er dette marknadens kraftigaste og beste kort. Då får me heller justere ned karakteren når den tid kjem.

8
/10
MSI GeForce RTX 3090 Gaming X Trio
Nesten bortkasta pengar samanlikna med RTX 3080, men steike så kraftig det er.
Kraftig nok for speling i 6K
Stille
Straumeffektivitet av ei anna verd
Jukse-hopp til høgare oppløysing med DLSS
Marknadens beste kort til strålesporing
Nok videominne til 8K og vel så det
Eit beist i produktive oppgåver
Dyyyyyyyyyyyyyyrt. Det er nok ein grunn til at ein ikkje kan ha RTX 3080 i SLI...
Ubehageleg coil whine
Svært og straumkrevjande
24 GB videominne lar deg spele i 8K, men resten av kortet er ikkje kraftig nok for 8K - med mindre du klarar deg med 30 FPS
Side 1
2: Speltestar

Siste fra forsiden