Test

Nvidia RTX 3070 Ti Founder's Edition

Dette skapar berre irritasjon

Nvidia leverer endå eit skjermkort som ingen får kjøpe.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Test og konklusjon
2: Benchmark i elleve spel

Førre veke lanserte Nvidia det nye gamingflaggskipet deira, RTX 3080 Ti, og denne veka er dei klare for nye RTX 3070 Ti. Vanlegvis ville dette vore store nyheiter i maskinvareverda, men no er det ikkje så mykje interesse å spore.

Folk veit at dei uansett ikkje får tak i dei.

Det er framleis meiningslaust og til dels frekt av Nvidia å kome med desse korta slik marknaden er no, men me stiller likevel med ein test. Karakter kjem me tilbake til i ein samletest når pris- og leveringssituasjonen blir meir normal.

Etter tre dagar med nye Nvidia RTX 3070 Ti Founder’s Edition er eg ikkje enormt imponert. Det er omtrent det me venta. Skjermkortet kjem med 8 GB med GDDR6X-videominne, 6144 CUDA-kjernar og eit straumforbruk på 290 watt. Ei lita oppgradering over RTX 3070 der, altså.

Ideelt sett ville me testa eit skjermkort frå ein tredjepartsutviklar, då dei faktisk (i teorien) kjem i sal i Noreg og byr på noko høgare klokkehastigheiter, men me fekk ikkje tak i det tidsnok.

Founder's Edition skal ifølgje Nvidia koste 6500 kroner, men kjem ikkje til norske butikkar. Då må ein vente til tredjepartsversjonane lanserer.

Design

Dette er faktisk den første gongen me testar det nye Founder’s Edition-designet til Nvidia. Førsteinntrykket er at dei har ein mykje finare utsjånad enn alle tredjepartskorta. Det er difor synd at me ikkje får tak i dei her i Noreg. Du ofrar litt kjølekapasitet samanlikna med dei dyrare tredjepartskorta, men Nvidia har ikkje levert så gode kort som dette rett frå fabrikken før. Om ein faktisk kunne fått skjermkortet til 6500 kroner hadde ikkje dette vore dumt.

STILIG: Founder's Edition er det klart finaste designet av alle kjølarane.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

3070 Ti Founder’s Edition tar relativt lite plass i kabinettet, og er betydeleg smalare enn dei andre kjølarane me har testa. Det krev berre to PCIe-spor i breidda.

Skjermkortet kjem elles med Nvidia sin nye straumkontakt med 12 pinnar. Det er veldig greitt for dei som gidd å kjøpe ny kabel til straumforsyninga, for då blir det færre kablar, men for dei aller fleste vil det bety at du må bruke det medfølgjande adapteret.

Yting

Nvidia RTX 3070 Ti er i praksis eit RTX 2080 Ti med litt mindre videominne. Viss me hadde samanlikna med Founder’s Edition av RTX 2080 Ti hadde nok dette vore noko kraftigare, for med overklokking ser me at RTX 3070 Ti tar ei klar leiing over RTX 2080 Ti-kortet frå Gigabyte som me har testdata på. Derimot er det ganske lenge sidan det førre flaggskipet til Nvidia kom ut, så eg syns nesten det bør vere såpass.

Eg var eigentleg mest spent på korleis det kom til å yte samanlikna med RTX 3080. No har det gått nesten ni månadar sidan lanseringa av dei første Ampere-skjermkorta, det same tidsvindauget som Nvidia har pleidd å ha for Ti-versjonar. Slik sett hadde det ikkje gjort noko om RTX 3070 Ti la seg ganske tett opp mot RTX 3080. Det gjer det ikkje. Her bryr Nvidia seg mest om å fylle ut marknadssegmenta slik at dei kan tene mest mogleg pengar.

KRAFTIG: Nvidia RTX 3070 Ti FE taklar det meste i dei mest populære oppløysingane, men innfrir ikkje heilt forventningane.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Prisforskjellen ned til RTX 3070 er derimot berre 750 kroner, så det såg faktisk ut til at dette kunne bli eit betre kjøp enn det RTX 3070 var. Om det er slik kjem litt an på kva oppløysing og spel du skal bruke tida på. I 1080p og 1440p gir RTX 3070 fleire FPS per krone, og i 4K gir RTX 3070 Ti bitte litt meir for pengane. Det har nok òg ein del med at me samanliknar eit Founder’s Edition mot eit MSI RTX 3070 Gaming X-kort her. Om me hadde endå eit FE-kort ville det vore endå meir i RTX 3070 Ti sin favør.

Dersom me summerer biletefrekvensen av alle spela me har testa, får RTX 3070 i snitt 130 FPS i 1080p mot 134 på RTX 3070 Ti. I 1440p får RTX 3070 102 mot 108 på RTX 3070 Ti, medan RTX 3070 får 56 i 4K mot 64 på RTX 3070 Ti.

Dei 750 kronene gir deg nokre FPS ekstra her altså, men med åtte-ni månadar mellom syns eg dette burde vore mykje nærmare RTX 3080 enn kva det er. No er framleis RTX 3080 25 prosent kraftigare.

RTX 3070 Ti-skjermkortet er for dei som speler mest i 1440p, men som òg vil ha moglegheita til å kople til 4K-tv-en i ny og ne for å kose seg med einspelarspel med kontroller. Det knuser alt du hiv etter det i 1080p, men der treng du heller ikkje eit så kraftig kort som dette.

Til sjuande og sist føler eg at RTX 3070 Ti fell litt mellom to stolar her. Dei som uansett skal spele i 4K har sannsynlegvis pengar til RTX 3080, RTX 3080 Ti eller RTX 3090, medan dei som vil spele i lågare oppløysingar får meir valuta for pengane med svakare skjermkort. Det er difor ikkje noko særleg vits i å kjøpe dette.

Testane er gjort på ein PC med ein Intel Core i7-8700k-prosessor klokka til 4.9 GHz (som me oppgraderer neste generasjon), ein kjapp nVME-SSD og 16 GB med 4.4 GHz DDR4-minne. Resultata ser du på neste side.

Straumforbruk, temperatur og støynivå

Nvidia sitt Founder’s Edition-kort klarar ikkje matche kjøleeffektiviteten til dei andre kjølarane me har testa så langt. Både Gigabyte og MSI sine kjølarar yter betydeleg betre. Dei kostar rett nok fort nokre tusenlappar ekstra, men så lenge Founder’s Edition ikkje er i sal her på berget, har ikkje det så mykje å seie.

NY KABEL: Nvidia byr på ein kontakt med 12 pinnar på FE-korta sine. Då må du sannsynlegvis bruke det medfølgjande adapteret.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Nvidia har anbefalt ei straumforsyning på 750 watt for RTX 3070 Ti, og det treng du når det drar opp mot 290 watt ut av veggen. Då serverer kortet ei boostklokkehastigheit på 1950 MHz og ein makstemperatur på 80 grader. Sjølve videominnet var tidvis oppe på 88 grader.

80 grader er for så vidt innanfor, men viss me fyrer opp MSI Afterburner ser me at grensa for varmenedklokking er på 85 grader. Den kan det vere greitt å skru opp litt.

Viftene produserer 40 desibel ved full last (2000 omdreiingar i minuttet). Då lagar sannsynlegvis prosessorvifta di meir støy, men dei gongane ein får høg biletefrekvens kjem det ein ganske kraftig spolekvin. Det merker du godt.

Overklokking

Founder’s Edition-kortet har ei klokkehastigheitssperre på 1950 MHz ut av eska, så eg venta å få ein del ekstra ut av kortet med overklokking. Etter ein del stresstesting stabiliserte kortet seg på 2025 Mhz, då med ein makstemperatur på 83 grader og eit straumforbruk på 309 watt.

Viftene kom seg då opp på 2126 omdreiingar i minuttet under full last. Det betydde 43 desibel. Då byrjar me å kome på eit ganske merkbart lydnivå.

Som vanleg varierer det veldig frå spel til spel kor mykje effekt overklokkinga har.

OppløysingShadow of WarFar Cry 5The Witcher 3Horizon Zero Dawn
1080p157 -> 163128 -> 132137 -> 132110 -> 121
1440p124 -> 131124 -> 125122 -> 12594 -> 106
2160p79 -> 8577 -> 8174 -> 7764 -> 67

Jamt over fekk me monaleg betre resultat enn me er vande med her, men det er først og fremst fordi dette har ein lågare klokkehastigheit ut av eska. Founder's Edition-kortet er slik sett i stand til å kome i nærleiken av det dei betre tredjepartskorta vil gjere her, trur eg. Eg tippar likevel at til dømes MSI, ASUS og Gigabyte sine toppmodellar vil nå klokkehastigheiter nærmare 2075–2100 MHz. Då vil ein få endå betre resultat.

Konklusjon

Lanseringa av RTX 3070 Ti er, som med RTX 3080 Ti, først og fremst noko som kjem til å irritere folk. Ved å introdusere nye skjermkort på gamle skjermeiningar blir det endå større flaskehalsar i produksjonen, då dei same skjermeiningane blir brukt til fleire kort, som igjen gjer at bestillingskøane blir lengre.

Det er ikkje Nvidia sin feil at situasjonen er som han er, men dette kan bidra til å gjere det verre. Eg forstår verkeleg ikkje kvifor dei ikkje berre venter. Men det er uansett særs få som får moglegheit til å kjøpe desse korta.

Eg har allereie skrive side på side om kor irriterande dagens situasjon er, så eg går ikkje så mykje inn på det her. Skjermkortmarknaden suger. Sånn er det berre no.

For 6500 kroner gir Founder's Edition-korta deg RTX 2080 Ti-yting til ein betydeleg lågare pris, men eg trur RTX 3070 og RTX 3080 er meir attraktive val i dag – sett at ein får dei til den tenkte prisen. RTX 3070 gir meir for pengane i 1080p og 1440p, og skilnadane mellom dei to er i praksis veldig små. Me snakkar om fem til ti prosent. Viss du først vil opp i 4K er det i teorien berre 1500 kroner ekstra for RTX 3080 (Founder's Edition), og den yter rundt 25 prosent betre enn RTX 3070 Ti igjen.

Slik sett er dette vanskeleg å forsvare.

Det er ingen tvil om at dette er eit kraftig skjermkort. Eg ville nok gitt ein relativt høg karakter viss prisen faktisk blei det Nvidia anbefaler, men no er berre denne lanseringa poenglaus. Det er uansett betre val der ute.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

Heftig 1080p- og 1440p-yting
2080 Ti-yting til halv pris
Klarar seg fint i 4K
Støtte for DLSS 
Mykje å hente med overklokking
Smakfullt design
Kraftig spolekvin
Meir støy enn på tredjepartskorta
Litt vel høge temperaturar
Burde vore kraftigare mtp. pris
1: Test og konklusjon
2: Benchmark i elleve spel

Siste fra forsiden