Test

Qpad QH-92

Spelgigant tilbake på marknaden

Gamingmerket Qpad har stått opp frå dei døde.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det byrjar å bli nokre år sidan Qpad var eit relevant merkenamn i gaming. Selskapet som blei starta av ein svenske på byrjinga av 90-talet, har vore ein sentral aktør i esportscenen i mange år – fram til dei forsvann heilt ut.

No er produsenten tilsynelatande tilbake, og har kome med ein oppfølgjar til det klassiske QH-90-headsettet.

QH-91 og QH-92 kom ut i haust, og byr på omtrent dei same funksjonane som før. Eg har dessverre ikkje originalen tilgjengeleg for samanlikning, men det verkar ikkje som Qpad har strekt seg så veldig langt her når det kjem til designet.

Den einaste forskjellen frå QH-92 ned til QH-91, er at førstnemnde er kompatibel med alle plattformer, mens QH-91 er utvikla for PC. Prisforskjellen har forsvunne etter lansering, så det er eigentleg ingen vits i å kjøpe noko anna enn QH-92.

Design og komfort

Dei som har brukt eit Qpad- eller HyperX-headsett, veit kva som kjem her. QH-serien til Qpad er kjend for sin imponerande komfort, og oppfølgjaren er ikkje noko unntak. Dette er eit av dei mest behagelege gamingheadsettet eg har testa. Det er ikkje rart at HyperX baserte Cloud-serien sin på desse, men så har vel Qpad henta inspirasjon frå Takstar igjen.

Klokkene er særs behagelege. Det er ikkje utan grunn at HyperX har brukt det same designet på ein drøss av sine produkt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Lærputene i klokkene rammar inn øyrene mine perfekt, og headsettet har den rette balansen mellom fast trykk, slik at det ikkje rører på seg, og nok komfort til at eg ikkje kjenner noko press mot hovudet. Eg syns kanskje HyperX sitt nye Cloud Alpha-headsett (som me kjem med test av snart) er endå litt meir komfortabelt enn dette, men det er òg dyrare.

Bøyelen er polstra med det same kunstlæret som putene, og sit fast og behageleg på toppen av hovudet. Derimot er det ikkje all verda med justeringsmoglegheiter på QH-92, så det kan hende at det blir vel stramt for dei med stort hovud.

Konstruksjonen er i aluminium og verkar solid, og bøyelen er elastisk nok til at den bør tole nokre turar i golvet her og der.

Utsjånaden kunne vore forholdsvis anonym, hadde det ikkje vore for den enorme Qpad-logoen på sidene. Det er verkeleg på tide at dei endrar den. Ikkje at utsjånad er viktig på eit gamingheadsett, men ærleg talt. Den er ikkje fin.

Tilkopling og knappar

Kontrollaren minnar litt om ein garasjeportopnar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Headsettet er ikkje spesielt sofistikert. Det kjem med ein 3.5 millimeter-plugg for mikrofon og lyd, og har ikkje støtte for USB. Du får med ein konverter til mobil i eska, som slår saman mikrofon og lydpluggen til ein, slik at det kan brukast til å ta telefonsamtalar og slikt.

Det følgjer òg med ein slags kontrollar, som ser veldig, veldig billig ut. Den har dempeknapp for mikrofonen og eit rullehjul for volum, samt ein stor kloss på midten som du kan bruke til å svare på samtalar eller å spele musikk med på telefonen din. Kopla til PC ser den ikkje ut til å ha noko funksjon i det heile, så eg er litt usikker på kva som er poenget. Eg tviler på at nokon kjøper dette headsettet for å bruke primært til telefon, spesielt med ein så stor mikrofon.

Kabelen er særs lang, som er eit pluss, og det kjem med ei lita hette til den avtakbare boom-mikrofonen, slik at ein kan dekke til inngangen.

Lyd

Eg må innrømme at eg ikkje forventa all verda her, og blei overraska over kor mykje guff du kan få ut av drivarane i desse. Headsettet speler kraftfullt og høgt, sjølv om lyden kan bli ein smule metallisk på maks volum.

Qpad QH-92 leverer på lydkvalitet, spesielt med tanke på den rimelege prisen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kombinert med Windows Sonic produserer 53-millimeter-drivarane god lydkvalitet, og eit relativt presist lydbilete. Nokre av detaljane i musikk har ein tendens til å forsvinne litt i bakgrunnen, men det må ein nesten forvente av eit headsett i denne prisklassen.

Dei tjukke klokkene resulterer i ein ganske effektiv passiv støydemping, som lar deg fokusere meir på spel, musikk eller kva det måtte vere.

Eg fyrte opp nokre rundar med Counter-Strike: Global Offensive, og merka at QH-92 tente meg godt med å høyre kvar fiendane var. Det komplekse lydbiletet i Star Wars Battlefront 2 gjekk òg fint, men på fullt volum blir den metalliske klangen litt i overkant av og til. Spesielt når nokon slår på ein lyssabel kan det vere litt ubehageleg å høyre på. Til gjengjeld gjer bassen ein knakande jobb i å gi liv til dei mange eksplosjonane.

Mikrofon

Qpad QH-92 har ein avtakbar boom-mikrofon på svanehals, kopla til via ein 3.5-millimeter-plugg. Lyden er grei så lenge du har den inntil munnen, men stemma mi blir ein smule nasal. Det er òg litt skurring i bakgrunnen.

Mikrofonen er ikkje så mykje å skryte av, men eska QH-92 kjem i er eit ypparleg headsettstativ.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Viss du tar svanehalsen litt vekk frå ansiktet, så tar det ikkje lang tid før det høyrest ut som du sit på andre sida av rommet. Berre ti centimeter er nok. Mikrofonen er difor det eg slit mest med på QH-92, for dette er kunne dei ha pussa ein del på. Tommel ned.

Konklusjon

Totalt sett er QH-92 ein fin pakke med tanke på at det berre kostar rundt 700 kroner, men det verkar ikkje som noko særleg har skjedd sidan QH-90. Dei brukar den same drivaren og den same billige kontrollaren, og designet er tilnærma identisk. Eg skulle gjerne sett litt innovasjon her. Sannsynlegvis har dei utvikla dette først og fremst for at dei ikkje vil drive support for dei gamle lenger.

QH-92 gir deg uvanleg god komfort og ganske bra lyd, men mikrofonen burde vore vesentleg betre. Eg har ikkje noko problem med å anbefale headsettet slik det er, men det finst betre alternativ der ute. Nye HyperX Cloud Alpha S har vore i nærleiken av prisen til dette på sal, som bør vere ei betydeleg smartare investering.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehør? Sjekk ut hardware-sidene våre »

6
/10
Qpad QH-92
Qpad leverer framleis på kvalitet, men dette grensar til latskap.
Solid byggekvalitet
Fin stereolyd
Rimeleg pris
Særs god komfort
Billig og utdatert kontrollar
Svak mikrofon
Metalliske høgtonar på full guffe

Siste fra forsiden