Test

Razer Core X

Denne boksen kan gi laptopen din superkrefter

4K og 60 «FPS» innan rekkjevidde med Razers grafikkakselerator.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Design og funksjonalitet
2: Benchmarking og konklusjon

Yting

Det varierer stort kor godt eksterne skjermkorthus vil fungere frå berbar til berbar. Kompatibilitet er ulik mellom forskjellege produsentar. Difor kan det vere lurt å utforske om det er andre som har erfaringar med den berbare datamaskinen din og ei slik løysing før du investerer.

Me har brukt Razers eigne Blade Stealth ultraberbare for å få best mogleg resultat i testane. Likevel har denne ein flaskehals i form av låg minnehastigheit og ein i7-8550U-prosessor, og dette legg ein dempar på skjermkortet i oppløysingar under 4K. Konsekvensen er at eg endar opp med å få nesten den same biletefrekvensen i 1080p som eg får i 4K i nokre spel med Core X, då flaskehalsen forsvinn i høgare oppløysing. Samanliknar ein resultata til Core X med det integrerte skjermkortet i ein Razer Blade Stealth derimot, Intel UHD 620, er forskjellen enorm.

Eit problem som oppstod i testinga av Core X er at resultata med ekstern og intern skjerm er ulike. Dersom ein speler med Core X på intern skjerm vil data som kjem via ThunderBolt-kabelen bli loopa tilbake til den berbare, som går ut over ytinga. Difor har me måla testar både med og utan ekstern skjerm i 1920x1080, og eigne testar i 2560x1440 og 3840x2160 for å vise korleis kortet klarar seg mot ein stasjonær datamaskin med same skjermkort. Testane viser at Core X på intern skjerm yter rundt 50 prosent av kva den gjer med ekstern skjerm i 1080p, rundt 30 prosent i 1440p, og rundt 20 prosent i 2160p – så ein bør definitivt ha ein ekstra skjerm ståande. Konsekvensen av dette er at det er ein smule meiningslaust å kjøpe eit eksternt skjermkorthus utan å ha ein ekstra skjerm.

Du kan lese resultata av testane våre lenger nede i saken. Det vil variere litt frå spel til spel kor effektiv løysinga er, men Core X leverer rundt 50-60 prosent av kreftene til eit GTX 1080Ti-kort i 1920x1080 med ekstern skjerm. Dette er først og fremst på grunn av prosessoren til Razer Blade Stealth. Dess mindre oppløysing, dess meir av jobben går til prosessoren. Viss ein skal kjøpe eit skjermkorthus for å spele i 1080p bør ein helst ha ein sekskjerna i7. Dette ser me spesielt godt i dei syntetiske testane frå 3DMark (lenger nede i saken), der den stasjonære i7-prosessoren sørgar for ei enorm leiing.

Slik ser ASUS' 1080Ti Strix ut inne i Core X.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

I høgare oppløysingar gir det meir meining å bruke Core X, spesielt med eit kraftig skjermkort. Når ein kjem opp i 4K i DirectX 11-spel, er effektivitetsgraden på Core X rundt 80 prosent av det ein får i ein stasjonær PC med ein i7-8700k-prosessor – men sjølv ein langt svakare prosessor kan oppnå same resultat. Ytinga til Core X er altså på linje med kva ein stasjonær datamaskin med eit GTX 1080-kort vil klare i Rise of the Tomb Raider, og faktisk ein del betre enn det vil gjere i Middle-earth: Shadow of War. Dette får meg til å tenkje at Core X er aller mest nyttig for dei som har ein billig ultrabook med ThunderBolt 3-port, i alle fall viss ein vil spele i 4K. Der forsvinn prosessor-flaskehalsen, og skjermkortet gjer omtrent alt av jobben.

Temperaturnivået på skjermkortet i Core X verkar å vere omtrent det same som i den stasjonære maskinen min (som køyrer med ope kabinett). Under full last i 2160p ligg skjermkortet mellom 69 og 73 grader inne i Core X. Derimot fekk eg oppleve den høgaste prosessortemperaturen eg har sett på Blade Stealth. Der den elles ikkje har vore over 91 grader i stresstesting, gjekk temperaturen opp til 97 grader på to av kjernane i Middle-earth: Shadow of War i 2160p. Med andre ord vil ein stresstest som brukar både skjermkort og prosessor antakeleg gjere prosessoren endå varmare, og moglegvis få den opp mot varmegrensa på 100 grader.

Klokkehastigheita på skjermkortet er boosta opp til 1980 MHz på maks, som er i tråd med det eg får i den stasjonære utan å overklokke kortet. Eg klarte å få ASUS Strix 1080Ti-kortet i Core X opp til 2000 MHz stabilt med hjelp av MSI Afterburner, men etter det byrja skjermdriveren å krasje.

Her kan du sjå resultat av testane våre:

Konklusjon

Ein ultraberbar med yting på linje med ein GTX 1080-stasjonær er ikkje noko å kimse av. Men så var det denne prisen, da. Skal du ha Core X, ein skikkeleg ultraberbar og eit GTX 1080Ti-kort har du fort brukt 30 000. Difor er dette først og fremst reservert for dei som allereie eig ein berbar datamaskin med kraftig prosessor. Ein kan få ei heilt grei gamingoppleving i 1080p med eit NVIDIA GTX 1050Ti-kort i spel som Counter-Strike: Global Offensive og Rocket League saman med ein ultraberbar, men viss ein skal spele i 1080p, ville eg eigentleg berre investert i ein gamingberbar.

Det verkar meir naturleg å kjøpe eit eksternt skjermkorthus for speling i høgare oppløysingar. Dette vil òg vere mogleg å oppnå på ein billigare berbar datamaskin, for prosessorflaskehalsen er langt mindre i 4K.

Antakeleg vil eit skjermkort som GTX 1060 by på mest for pengane. Der kan du spele eldre spel i 4K, og det vil takle det meste i 1080p viss du har ein datamaskin med kraftig prosessor. Men då er det kanskje like greitt å kjøpe den billigare og meir praktiske HP Omen Accelerator i staden for Razer Core X.

Core X har plass til 3-slot kort, og har to 6-/8-pin tilkoplingar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg kunne definitivt vurdert å kjøpe ein Razer Core X saman med til dømes ein billigversjon av Dell XPS 13 eller ein Lenovo IdeaPad 720S, og eg trur det fungerer betre enn ein 1080 Max-Q berbar til 4K-speling så lenge eg har tilgang til ekstern skjerm. Det er vel sjeldan ein faktisk speler krevjande spel når ein er på farten med ein gamingberbar uansett, det blir vel helst etter jobb eller på LAN. Og der er det ikkje noko problem å ha med seg eit eksternt skjermkorthus.

Effektiviteten i 4K er god nok til at du får markert betre yting enn med dei beste spelberbare datamaskinane. Men er det verd pengane? Er du ute etter noko som kan køyre einspelarspel på 4K-fjernsynet ditt, så er det ikkje noko dum ide å investere i ein Core X. Har du allereie tilgang til ein ultraberbar, så vil dette vere billigare enn å bygge ein stasjonær med 1080-skjermkort frå grunnen av, og prisen er omtrent lik som ein 1080 Max-Q berbar sjølv med ein ultraberbar oppunder 20 000. Så det er ikkje nødvendigvis ein dårleg ide – men så veldig mykje får du ikkje for pengane dine. For dei fleste av oss vil det vere langt meir fordelaktig å byggje ein stasjonær med 1080Ti eller det komande toppkortet til NVIDIA, saman med å kjøpe ein billig ultraberbar til jobbbruk, men eg trur ikkje folk flest er målgruppa for Razer Core X. Dette er for dei som allereie har ein jobb- eller studiedatamaskin med heftige spesifikasjonar.

Core X passar til sjuande og sist best for dei som har tilgang eller pengar til eit toppklasse-skjermkort som GTX 1080Ti og ønskjer å overklokke det. For dei er dette den desidert beste løysinga, men elles er det like greitt å gå for HP sitt skjermkorthus.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
7
/10
Razer Core X
Det beste alternativet for kraftige skjermkort, men ganske meiningslaust for alt anna.
Leverer god yting i 4K med 1080Ti
Brukarvenleg
Minimalt med støy
Held skjermkortet kjølig
Plass til dei største skjermkorta
500W til skjermkortet sikrar støtte for kort som AMDs Fury X
Halv pris av Core V2
Meiningslaust utan ekstern skjerm
Myrdar Blade Stealth-prosessoren under last
Stor og tung
Verken USB- eller nettverksportar
Prisen gjer at den berre er eit godt kjøp for dei med energikrevjande skjermkort
Kort kabel
1: Design og funksjonalitet
2: Benchmarking og konklusjon

Siste fra forsiden