Test

Razer Viper 8KHz

Har Razer revolusjonert gamingmus for alltid?

Me undersøker det neste steget for gamingmus.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Trådlause Razer Viper Ultimate var gamingmus nummer to som fekk 10 av 10 her hos oss. Razer har sidan kome ut med både ein kabla versjon og ein miniversjon av den igjen, og er no klar med endå ein variant.

Nye Razer Viper 8KHz er den første gamingmusa som har ein reell oppdateringsrate på 8000 hertz, mot 1000 som dei aller fleste gamingmus brukar i dag. Razer meiner dette vil by på ei sporing av peikaren som er langt jamnare enn kva ein får ved 1000 hertz, spesielt på skjermar med høg oppdateringsfrekvens.

Me har allereie testa forma til Razer Viper og kjem difor berre til å skrive om den nye teknologien i denne testen, men gir ein karakter basert på kva vurderingar me har gjort før, saman med pris (1000 kroner) og verdien av oppdateringsraten på 8000 hertz. Vil du lese om sjølve musa, kan du gjere det i vår test av Viper Ultimate.

Design

Kort sagt er Razer Viper ei mellomstor og lett gamingmus. Ho er først og fremst mynta på dei som driv med skytespel, men fungerer fint til alle typar oppgåver. Viper 8KHz reindyrkar konkurransespelelementet endå meir.

STILIG: Razer Viper 8KHz er identisk med sine namnebrør, og held på det stilige designet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Musa veg 73 gram, og har ein mjuk og lett skolissekabel som gjer at bruken minner mykje om ei trådlaus mus. Det me er mest opptatt av no er naturlegvis om det er noko poeng i å ha ei mus med 8000 hertz oppdateringsrate.

Er det vits i?

Hastigheita på oppdateringsrata i musa di avgjer kor ofte musa sender data til maskinen din. 1000 hertz er det vanlege, og då får ein éi oppdatering for kvart millisekund. Med 8000 vil musa sende éi oppdatering kvart 1/8 millisekund, altså 0.125 millisekund.

Her snakkar me om veldig, veldig små forskjellar.

Poenget med denne typen produkt er å få forseinkinga i systemet ditt så lågt som mogleg, for å gi deg ein fordel mot fiendane der du kan få det. Ein skjerm med høg oppdateringsfrekvens og kraftig maskinvare er den beste måten å starte, samt ei stabil nettlinje med låg avstand til serveren du spelar på. Dette blir litt som krydder på toppen.

8KHz: Razer vil sende langt fleire datapakker til maskinen din enn vanleg med nye Viper.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ein kraftigare maskin og ein kjappare skjerm kan fort kutte ned 50 millisekund, saman med det rette valet av FPS-synkronisering (V-Sync, G-Sync og så vidare). Dess høgare biletefrekvens du har, dess lågare er forseinkinga. Ei betre nettlinje vil òg kunne ha ein betydeleg effekt.

Då tenkjer du kanskje at dette blir for dei aller mest spesielt interesserte, og det har du nok rett i. Det er veldig mange andre faktorar som er viktigare ved val av datamus enn oppdateringsrate. Sjølv har eg spelt på 500 i store delar av 2020, og det ekstra millisekundet med forseinking har neppe hatt nokon stor effekt.

På utkikk etter ny gamingmus? Les guiden vår først »

8K polling rate, usb 3.0.
Skjermdump
4K polling rate, usb 3.0.
Skjermdump

Fungerer det?

Grunnen til at eg har spelt på 500 er at det kan vere meir stabilt på visse produkt. Ved hjelp av programvara MouseTester kan me finne ut av kor bra Viper 8KHz klarar seg der.

Skjermbileta her viser at det er stor variasjon i kor stabil oppdateringsrata er på 8000. Det skildrar likevel at dei faktisk har fått til å lage ei mus som klarar dette, for dei produkta me har testa med oppdateringsrate over 1000 før, har ofte vore langt under verdiane som dei annonserer med. Razer held seg – stort sett – på 8000, og tidvis langt over.

Med ei oppdateringsrate på 4000 er verdiane meir stabile, og ved 1000 er dei endå meir stabile. Variasjonen er likevel forholdsvis låg ved 8000, som gjer at det er like greitt å bruke det nivået.

Merkar me forskjell?

For å teste Viper 8Khz har me brukt ein skjerm med ein oppdateringsfrekvens på 240 hertz, og testa Viper 8KHz side om side med Viper Ultimate.

Optimalt sett burde me hatt ein 360hz-skjerm, men det har me ikkje tilgang til. Testen vil uansett vise om dette er ei investering den gjennomsnittlege gameren bør gjere, for det er trass alt veldig få som eig ein skjerm med 360 hertz-panel.

LITEN EFFEKT: Oppgraderinga til 8000 MHz oppdateringsrate er neppe det som bør stå først på blokka viss du vil redusere systemforseinkinga di.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg merka umiddelbart forskjell ved å teste dei to side om side, men det er først og fremst fordi PPT-verdien kan verke lågare i Windows med ein høgare oppdateringsrate. Det merkar ein spesielt godt viss ein skiftar mellom oppdateringsrate på 125 og 1000, der det verkar som PPTen er langt høgare med 125 i oppdateringsrate. Det same gjeld her. Hoppet frå 125 til 8000 utgjer ein svær forskjell.

Men dette har eigentleg ikkje nokon særleg effekt i spel, der følsemda i sjølve spelet vil overskrive dette. Eg prøvde meg først på å spele Counter-Strike: Global Offensive, der biletefrekvensen stort sett held seg godt nord for 300. Eg må innrømme at eg ikkje merkar noko til skilnaden på forseinkinga. Begge to verkar heilt feilfrie, og det er nok andre faktorar som har større effekt på forseinkinga i maskinen min dette.

Testing i Valorant, Cyberpunk 2077 og Overwatch gav meg det same inntrykket. Eg merkar eigentleg ingenting.

Me snakkar jo då om ein teoretisk skilnad på under eitt millisekund, så det er heller ikkje veldig rart.

Eit problem eg ikkje heilt såg for meg er at ikkje alle spelmotorar støttar oppdateringsrate på 8000 MHz skikkeleg. Apex Legends er ikkje spelbart med det, og eg måtte slå ned til 2000 i det. Det er fleire som har hatt slike problem. For meg funka det å slå av Origin, og heller køyre spelet gjennom Steam. Då forsvann problemet. Det hintar vel til at dette er ting som utviklarane kan løyse etter kvart.

Konklusjon

TRYGT VAL: Det er defintivt ein plass i marknaden for Viper 8KHz, men for dei som ikkje bryr seg om pris er Viper Ultimate eit betre produkt totalt sett. Men vil du ha kabelmus er dette vegen å gå hos Razer.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Razer Viper er allereie ei fantastisk mus, og med den nye sensoren har ein her moglegheit til å skjere av eit lite millisekund med forseinking. For dei aller fleste er det ganske meiningslaust. Har du ferdigheiter på linje med Shroud og ei lommebok som er romsleg nok til ein skjerm på 360 hertz og det beste av det beste av maskinvare, er kanskje dette noko å vurdere.

Men i og med at prisen skal vere den same som ein vanleg Viper, er det valet alle bør ta. Den vanlege, kabla Viperen er ofte på sal, og slik sett eit betre kjøp, men utan rabatt ser eg ingen grunn til å ikkje kjøpe denne. Det mest viktig spørsmålet er nok heller om ein skal gå for den trådlause varianten. For det å kutte kabelen har mykje meir å seie for komforten og bruken enn å få eit lite millisekund mindre med forseinking.

Maskinvara vår vil bli meir kraftig, og etter kvart blir skjermpanela endå kjappare. Då kan fort teknologi som dette vere neste steg for å redusere forseinking. Det er kjekt å vite at nokon er på ballen, sjølv om det kanskje er litt tidleg enno.

Viper 8KHz erstattar den vanlege Viper-varianten i nettbutikkane, så ein ser gjerne dei same rabattane på denne etter kvart òg. Sett at Origin fiksar problema med hakking i sine spel ved høg oppdateringsrate er det ingen grunn til å ikkje kjøpe denne i staden for ein vanleg Viper.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut hardware-sidene våre »

9
/10
Razer Viper 8KHz
Eit interessant tilskott til marknaden.
Feilfri sensor
(Bittelitt) redusert forseinking
Låg vekt
Særs behageleg passform
Solid byggekvalitet
God programvare
Velplasserte sideknappar
Dyr
Høg oppdateringsrate er ikkje spesielt nyttig
Fungerer ikkje optimalt i alle spel

Siste fra forsiden