TEST: Roccat Vulcan 121 Aimo
(Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Det blir meir skade på golvet enn på tastaturet viss du mistar dette

Roccat gjer mykje rett med sitt nye gamingtastatur, og dette er definitivt byggja for å vare.

Byggekvalitet er viktig. Eit tastatur skal gjerne vare deg mange, mange år, og då er det greitt å vite at du kjøper noko skikkeleg. Noko som held.

Der har Roccat Vulcan 121 Aimo imponert meg.

Soga om testen av 121 Aimo starta nemleg med utpakking i andre etasje i det nye huset til kjærasten min. Som nykomar i huset, hadde eg førebels ikkje fått prøvd ut kombinasjonen av ullsokkar og det eg (då) ikkje visste var ei særs glatt trapp.

De klarar kanskje gjette resten.

Eg la meg i reine svalestupet ned nokre trappetrinn før eg landa på baken, medan tastaturet forsvann ut av synet mitt, rundt ein sving i trappa – med følgjande dunkelyd for kvart trinn det trefte. Lyden var nesten like ubehageleg å høyre på som smerta i ræva mi.

Eg trudde naturlegvis dette var slutten på min test av Vulcan 121 Aimo – før han eigentleg hadde starta –, men slik skulle det ikkje bli. Med unntak av ein knekt brytar på Numpad, hadde tastaturet gjort langt meir skade på trappa enn trappa hadde gjort på tastaturet.

121 Aimo hadde seg ein god tur ned trappa her, utan at det hadde noko særleg effekt på anna enn fotografen og trappa sjølv. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Så allereie før eg hadde skrive eit einaste ord, kunne eg trygt konkludere med at dette er eit særs solid tastatur.

Design og komfort

Prisen på Vulcan 121 Aimo har gått opp og ned mellom ein tusenlapp og 1400 kroner, der det første er eit særs godt kjøp. For å sjå den prisen igjen må det nok på sal på grunn av kronekursen, men då får du mykje for pengane.

I saman med at det toler ein god støyt, er 121 Aimo bygd for å vare med eit toppbelegg i børsta aluminium. Sjølve konstruksjonen er i plast, og det same er dei utbrettbare føtene på undersida som løftar tastaturet nokre centimeter opp frå bordet.

Tastaturet tar opp i overkant mykje plass på pulten når det er kopla til handleddsstøtta, som òg er laga i plast. Støtta er ikkje spesielt behageleg, men gjer jobben sin greitt nok.

Utsjånaden er eit klart høgdepunkt her. Sjølv om tastaturet tar mykje plass, så gjer dei små tastehettene til at det verkar lågare enn det er. Kombinerer me det med kraftig RGB-lys og svart aluminium, er det ein flott kombinasjon. Den skinande Roccat-logoen er òg ein stilig detalj.

121 Aimo er kult, men det tar opp mykje plass. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ved sia av logoen finn me eit rullehjul som ser ut som det høyrer heime på ein miksepult, saman med ein dempeknapp for lyd. Det er òg ein «FX»-knapp, som gjer rullehjulet om til innstillingsverktøy for RGB. Då kan du bruke hjulet til å stille på RGB utan å gå inn i programvara, men ein må gjere litt forarbeid for at det skal fungere.

Elles er det ingen dedikerte makroknappar, men det er makro-tastar som er bunde til andre tastar. Det er heller ingen knapp for pause/play og tilbake/fram for songar. Summen er at det er litt middels på funksjonalitet. Den tynne baksida gjer òg at det ikkje er plass til noko Passthrough for USB.

Tastehettene er som nemnt ganske unike, då dei berre dekkjer ein liten del av brytaren. Det gir tastaturet eit preg av å vere lågprofil, utan at mellomrommet mellom tastane blir for smått. Eg syns det var uvant i byrjinga, men det har ikkje hatt noko som helst effekt på yting i spel eller til skriving. Sjølve bøyen på tastehettene er behageleg å kvile fingrane på, og tastane er glatte og jamne.

Brytarar

Brytaren er blant dei betre me har testa, men kunne gjerne hatt noko lengre full vandring. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Roccat har utvikla sine eigne brytarar for Vulcan-serien. Titan-brytaren kjem i både lineær og taktil versjon, der me har fått testa den lineære Titan Speed-brytaren. Innslaget er veldig kort, berre knappe 1.4 millimeter, med full vandring på 3.6 millimeter.

Innslaget kjem noko kjappare enn med Cherry sine Red-brytarar, men ikkje fullt like kjapt som på Cherry MX Speed Silver. Dette er ein fin balanse mellom dei to. Eg kunne godt hatt litt lengre full vandring, men dei er framleis gode å skrive på.

Tilbakemeldinga er ganske kvass når ein trykkjer tasten og brytaren heilt ned, men lyden er fin. Støynivået er lågt nok til at du fint kan bruke dette i stova utan å irritere andre. I og med at brytaren me testar er lineær, vil du ikkje høyre noko særleg klikkelyd, men lyden er mykje meir lik MX Red enn Speed Silver sin dunkle lyd.

Programvare og RGB

Programvara er rotete og gammaldags. Den byr på funksjonane du treng, men burde hatt ein makeover for ti år sidan.

Det er ei rekkje kommandoar som du kan omprogrammere tastane til, og det er enkelt å sette opp makroar. RGB-oversikta lar deg velje mellom åtte ulike førehandsinnstillingar, og det med dei fleste standardmodusane. Du får pusteeffekt, bølgjeeffekt, krusningar og så vidare.

Eit pluss her er at du kan skreddarsy med din eigen modus. Kvar tast kan få sin eigen farge, og det er val mellom konstant lys, pusteeffekt eller pulseffekt på individuelle tastar.

RGB-løysinga er omfattande, og du kan stille på effektane med rullehjulet dersom du trykkar på FX-knappen. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

RGB-fargane visast veldig godt på grunn av dei små tastehettene. Brytarane er heilt gjennomsiktige, som gjer at tastaturet blør lys utover heile flata. Det kan naturlegvis slåast av viss ein ikkje ønskjer RGB.

Av ein eller anna grunn er det òg ein funksjon i programvara for å lage lydeffektar kvar gong du trykkar på ein tast. Dette kan du heldigvis slå av, for eg kan neppe tenkje meg noko meir irriterande i heile universet. Du får val mellom ein klikkelyd, ein lyd som imiterer ein skrivemaskin og nokre sci-fi-greier, og det einaste som kunne gjort det verre er vel om du fekk lydeffekten av ein vuvuzela inn i øyret for kvart tastetrykk. Det er vel mest for moro skuld, men det der ville eg ikkje unna min verste fiende.

Konklusjon

Til 1000 kroner er Roccat Vulcan 121 Aimo eit godt kjøp. Du får gode og kjappe brytarar, imponerande byggekvalitet, ein flott utsjånad og nokre greie medieknappar. Til 1400 kroner er det derimot ikkje heilt det store. Då forventar eg meir av både funksjonar og handleddsstøtta, som ikkje er spesielt komfortabel i bruk.

Alt i alt er det eit tastatur som gjer det meste bra, men som ikkje heilt klarar å hamle opp med konkurransen. Både Corsair, Logitech, Asus og HyperX har betre kjøp i omtrent same prisklasse. Konkurransen er blitt veldig tøff dei siste åra.

Likevel er dette eit av dei finaste tastatura eg har testa, så dersom estetikk er viktig for deg, er ikkje dette noko dumt kjøp. Eg trur heller ikkje så mange andre produkt vil halde like lenge som dette.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut hardware-sidene våre »

Vurdering

6.5/10
Nokså godt
"Roccat gjer mykje rett med 121 Aimo, men det finst betre val i same prisklasse. "

Pluss

  • Solid byggekvalitet
  • Gode og kjappe brytarar
  • Flott design
  • Masse RGB-innstillingar
  • Dedikerte medieknappar og rullehjul for volum
  • Handleddstøtte

Minus

  • Handleddstøtta er ikkje spesielt behageleg
  • Stiv pris når tastaturet ikkje er på sal
  • Ingen dedikerte makroknappar eller Passthrough
  • Rotete programvare

Kommentarer (2)

Siste Tester

Se alle tester »

Forsiden akkurat nå

Til toppen