Samletest

Mus inspirert av SteelSeries Sensei

Me samanliknar tre Sensei-kloner. Er originalen best, eller tar kopiane sigeren?

(frå venstre): Endgame Gear XM1, Dream Machines DM1 Pro S og SteelSeries Sensei Ten slåss for å ta sigeren i denne duellen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

SteelSeries Sensei har vore ein gjengangar på gamingpultar verda over det siste tiåret, og originalen var spesielt populær. Forma på musa har ført til ein drøss med klonar oppgjennom åra, både med nylanseringar frå SteelSeries og kopiar frå andre.

I haust lanserte SteelSeries originalen på nytt, med maskinvare anno 2019. Me har difor fått med oss to andre produkt som er omtrent identiske, og har kasta dei inn i elden mot nye SteelSeries Sensei Ten (800 kr). For anledninga har me børsta støvet av Dream Machines DM1 Pro S frå 2016 (300 kr no), som er ein karbonkopi av den originale Sensei-musa, og årsferske Endgame Gear XM1 (650 kr).

På utkikk etter ny gamingmus? Les guiden vår først »

Design og komfort

SteelSeries Sensei Ten

SteelSeries er dei som kom opp med forma, så me startar med dei. Sensei Ten er nokre få millimeter lengre enn DM1 Pro S, men elles er dei to heilt like når det kjem til form. For klo- og handflategrep er dette ein av dei beste og mest behagelege formene på datamus på marknaden. Den fungerer, så eg forstår kvifor dei ikkje har endra på forma.

Alle tre har glimrande passform, og vil vere gode val uansett kven du kjøper.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Som ei mellomstor gamingmus bør ein kunne vente små tal på vekta, spesielt med tanke på kor mykje fokus det har vore på fjørlette gamingmus dei siste to åra. Her kunne SteelSeries gjort mykje meir. Ten viser 94 gram på vekta mi, som for så vidt er relativt lett, men monaleg meir enn kva konkurrentane veg. Det hjelper heller ikkje at denne brukar ein stiv gummikabel, som byrjar å bli ganske antikvarisk.

Eg set pris på at dei har spart seg for gummisidene som omtrent alltid fell av på SteelSeries-produkt, men det er openbert at dei ikkje har gjort noko særleg for å betre musa samanlikna med originalen.

Dream Machines DM1 Pro S

Sensei Ten og DM1 Pro S er i praksis identiske i forma.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Anna enn ein litt glattare finish, kjennest forma på DM1 Pro S identisk ut i bruk i forhold til Sensei Ten. Samanlikninga blir difor retta mot andre element, som vekt og kabel. Der gjer DM1 Pro S det monaleg betre. Denne viser knappe 79 gram på vekta, og har ein fletta tøykabel. Det er eit stykke igjen til Paracord-nivå, men den er betydeleg betre i bruk enn ein vanleg gummikabel.

Museføtene er ein millimeter breiare enn dei på Ten, men det er igjen vanskeleg å kjenne noko forskjell. Det er altså tyngda det går på, og DM1 Pro S er merkbart lettare enn Ten.

Endgame Gear XM1

Den første gamingmusa til Endgame Gear følgjer Sensei-oppskrifta, men er meir retta mot klogrepbrukarar. Den er litt mindre enn dei to andre, og har betydeleg lågare knappar. Toppunktet på musa sit lenger bak mot handbaken, som gjer at det nesten kjenst ut som eg må strekkje på fingrane for å nå fram til rullehjulet. Det er ein smule uvant, for eg har ikkje testa noko som liknar denne forma før.

Eg brukar klogrep sjølv, og syns den lågare profilen ligg betre i handa. Finishen er òg imponerande. Den ser glatt ut, men har ein nærmast usynleg teksturering, som gir ypparleg grep.

XM1 er lettast av konkurrentane våre, med DM1 Pro S rett i hæl.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

XM1 kjem med gummikabel den òg, men denne er litt mjukare enn den på Sensei Ten. Eg saknar ein Paracord-kabel som på Glorious Odin Model O og Finalmouse Ultralight-serien, for det kunne verkeleg flytta denne opp til det øvste sjiktet.

XM1 er den lettaste musa i testen, på 74 gram. Då byrjar me å nærme oss dei aller lettaste gamingprodukta på marknaden, og det utan å få den til å sjå ut som ein sveitserost.

Til sist er museføtene vanskeleg å ikkje nemne, for produktet glir veldig godt på matta.

Vinnar: Endgame Gear XM1

Knappar

SteelSeries Sensei Ten

Ten har flest knappar i testen, med sju knappar og eit klikkbart rullehjul. Det er definitivt eit pluss med knappar på begge sider, både for at venstrehendte skal kunne bruke den, og for meir funksjonalitet i kampens hete.

Sideknappane ligg rett over tommelen min, utan at den kjem borti. Dei er ganske tynne, og har skarpe, definerte klikk.

Det har ikkje høgre og venstre museknapp. Dei har ein mjuk tilbakemelding med ein dempa lyd, som eg ikkje er spesielt begeistra for.

SteelSeries Sensei Ten er den einaste med knappar på begge sider.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

PPT-knappen rullerer gjennom fem trinn, med eit indikatorlys ovanfor. Den er såpass liten og lågt oppheva at det er omtrent umogleg å trykke den inn ved uhell.

Rullehjulet er av gummi, med veldig korte trinn. Fleire gongar har eg klart å trykke ned rullehjulet mens eg har scrolla kjapt, som kan vere irriterande. Det er eit klart minus for eit produkt som er retta mot skytespel, der sjølv den minste feil kan få deg drept i spelet.

Dream Machines DM1 Pro S

DM1 Pro S kjem med fem knappar og klikkbart rullehjul, og har snudd tilbakemeldinga frå knappane på hovudet samanlikna med Ten. Høgre og venstre museknapp har eit skarpt, definert klikk – som ikkje lagar noko særleg med støy – mens sideknappane har ein meir romsleg og dempa lyd.

Sideknappane er større enn på Ten, så eg kjem borti med tommelen, men det er nok med motstand til at eg ikkje trykkjer dei inn med uhell. Eg syns kanskje Ten sine er litt betre, for desse kan bli ein smule vaklevorne.

Rullehjulet er heilt likt som det på Ten, med det same problemet med at eg kjem borti rullehjulknappen.

Endgame Gear XM1

Som DM1 Pro S har XM1 fem knappar og eit klikkbart rullehjul, men knappane er ganske annleis frå dei to andre. Sideknappane er plassert omtrent midt mellom der dei er på DM1 Pro S og Ten, som for meg verkar ganske så perfekt. Desse er òg større dei andre, men er ikkje vaklevorne i det heile. Sideknappane har eit skarpt klikk med god tilbakemelding.

Høgre og venstre museknapp har det same skarpe, definerte klikket, men lagar litt meir støy enn dei treng.

XM1 (til venstre) har dei beste sideknappane av denne gjengen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det som er spesielt med knappane på XM1 er at dei ligg rett på brytaren. Produsenten meiner dette er trekkplasteret for å få folk til å kjøpe gamingmusa deira, for det visstnok gir lågare forseinking ved klikk. Eg merka absolutt ingen forskjell. Det er definitivt kort vandring, men om ein vil ha det eller ikkje er vel først og fremst smakssak.

PPT-knappen sit på undersida på XM1, mens rullehjulet er lenger framme enn det eg er vand med. Dette er på grunn av dei låge knappane.

Rullehjulet er i plast, og har testens beste tilbakemelding. Eg likar dette mykje betre enn dei to andre. Sjølv om Ten har nokre ekstra knappar å by på, er den generelle brukaropplevinga nok ein gong best med XM1. Difor tar denne siger i runde to.

Vinnar: Endgame Gear XM1

Sensor

Endgame Gear XM1 har ein lågare front, som gjer at det kan vere litt uvant å bruke rullehjulet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kvar av dei tre produkta i testen vår har ulike sensorar, men alle er feilfrie. DM1 Pro S nyttar seg av ein PixArt PMW3360-sensor, som er minstestandarden for feilfrie sensorar. Endgame Gear XM1 brukar PMW3389, som har ein høgare «IPS»-fart enn 3360, men skilnadane er først og fremst på papiret. Du kjem ikkje til å kjenne noko til forskjellen.

Det same gjeld sensoren i Sensei Ten, som er SteelSeries nye TrueMove Pro. Dette er i praksis ein modifisert versjon av PMW3389, men med moglegheit til å stille PPT til 18.000 i staden for 16.000.

Sensorkampen endar med uavgjort her, for det er rett og slett ikkje nok forskjell mellom dei ulike produkta. Med andre ord er ikkje dette noko å tenke på. Du kan rett og slett ikkje få betre.

RGB og programvare

Både Sensei Ten og DM1 Pro S har RGB i logo og rundt rullehjulet. Begge har nokre innstillingar for farge og effektar, men så lenge handa di ligg over logoen ser du sjeldan noko til dei. Dream Machines-musa blør litt lys utifrå sideknappane, så du får nokre glimt der, men eg kan ikkje tenkje meg at det eigentleg skal vere slik.

Ikkje noko spesielt imponerande her altså, men litt RGB får du. XM1 har ingen RGB-element.

Programvara til XM1 er veldig enkel, med nokre innstillingar for PPT-trinn og ei oversikt over kva knappane gjer. Produsenten har tatt ei avgjerd om at ein ikkje skal kunne programmere makro i programvara, for at det kan brukast til juks i dataspel. Det verkar som ein litt merkeleg ståstad å ta med tanke på at alle andre har slikt.

Både DM1 Pro S (på bilde) og Sensei Ten har RGB i rullehjulet og på logoen bak.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Vidare har den ei innstilling for løftedistanse, samt noko som heiter «ripple control». Dette er ein funksjon på 3389-sensorar som, når den er slått av, hindrar utjamning. Endgame meiner at 3360-sensorar skal ha hint til utjamning når dei køyrer PPT over 2000, så dette er visstnok eit steg opp. Eg kjenner ikkje at det blir annleis på, men om det er forskjell, så er det nok ørsmå justeringar det er snakk om.

DM1 Pro S-programvara er òg ganske simple greier, men denne har i alle fall moglegheit til å sette opp makro. Programmet er oversikteleg og enkelt. Eg skulle gjerne hatt ein innstilling for løftedistanse her, men du får stort sett det du treng.

Eg har sagt mykje bra om SteelSeries Engine 3 før, spesielt når det kjem til datamus, men her har dei av ein eller annan grunn kutta ned litt på funksjonaliteten. Som DM1 Pro S-programvara manglar denne funksjon for løftedistanse, som er rart med tanke på at produkta i Rival-serien har dette. Løftedistansen på Sensei Ten er allereie veldig høg, så eg kunne godt tenkt meg moglegheiten for å justere den litt ned. Dei har brukt mykje tid på å skryte av sensoren sin, så dette burde vore med. SteelSeries har framleis den beste programvara, men det skal strengt tatt berre mangle. Dei er eit betydeleg større merke.

Vinnar: SteelSeries Sensei Ten

Konklusjon

Det bør ikkje kome som noko stor overrasking at Endgame Gear XM1 tar sigeren her. Den er lettast, har dei beste knappane, den mest behagelege forma og kostar betydeleg mindre enn SteelSeries Sensei Ten. Det skal seiast at XM1 er litt annleis frå dei andre, spesielt når det kjem til form, men det er generelt ei særdeles god gamingmus.

Sensei Ten lanserte til 800 kroner, som er meir enn det doble av kva DM1 Pro S kostar. Med tanke på at det einaste som er betre med Ten er knappane, ville eg strengt tatt heller kjøpt Dream Machines sitt produkt – og det bør seie sitt, for den kom ut i 2016. Vanlegvis ville eg ikkje gitt karakter på eit så gammalt produkt, men den er faktisk eit skikkeleg godt kjøp, så eg fyrte på her.

Sensei Ten er framleis eit kvalitetsprodukt, det er berre alt for dyrt, og for likt den førre Sensei-versjonen. SteelSeries kunne gjort mykje, mykje meir. Eg var spant på kva dei ville få til i forkant av lansering, og no er det vanskeleg å ikkje vere skuffa. Dei kunne lett fått denne ned mot 70 gram, og kunne gjerne skrudd ned prisen med nokre hundrelappar.

Kjøp XM1 viss du brukar klogrep, eller kjøp Dream Machines viss du vil ha akkurat den same forma som Sensei. XM1 er langt frå den mest funksjonsrike musa på marknaden, men den er ikkje meir enn ein Paracord-kabel og nokre småjusteringar unna å vere ei perfekt skytespelmus.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehør? Sjekk ut hardware-sidene våre »

Testens vinner:

9
/10
Endgame Gear XM1 (2019)
Endgame Gear si første gamingmus imponerer.
Låg vekt
Særs komfortabel passform - men først og fremst for klogrep
Feilfri sensor
Godt grep på finish
Perfekte sideknappar
Gummikabel

Dei to andre alternativa:

7.5
/10
Dream Machines DM1 Pro S
DM1 Pro S er framleis eit sikkert kjøp i 2020.
Låg vekt
Kostar omtrent ingenting no
Feilfri sensor
Behageleg passform
Fletta kabel
Sideknappane er litt vaklevorne
Fort gjort å trykke inn rullehjulet ved uhell
6
/10
SteelSeries Sensei Ten
Gjer skuffande lite med relanseringa, og prisar seg vekk.
God programvare
Behageleg passform
Velplasserte sideknappar på begge sider
Feilfri sensor
Gummikabel og tyngre enn den burde vore
Svakt rullehjul
Dyr
Fort gjort å trykke inn rullehjulet ved uhell
Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden