Test

XPG Emix I30

Kan øyreproppar til under tusenlappen gi skikkeleg gaminglyd?

Me har testa XPGs øyreproppar med 5.2-surround.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Øyrepluggar til speling har blitt meir populært dei siste åra, og produkta er blitt såpass gode at ein kan bruke dei til spel som krev litt meir av lydsystemet. Ein får kanskje ikkje med seg kvart einaste fotsteg som fiendane tar, men du oppfattar det meste.

Me har fått leike oss med XPGs nye 5.2 surround-øyrepluggar Emix I30, som no er tilgjengeleg for sal til i underkant av 800 kroner. Spørsmålet er då om desse kan konkurrere med vanlege gaminghovudtelefonar? Noko jamn kamp blir det sjølvsagt ikkje, men me har tatt ein nær titt på øyrepluggane for å sjå korleis dei fungerer til ulike spel.

Design og komfort

XPG Emix I30 er kanskje ikkje dei mest iaugefallande øyreproppane du får sjå. Kabelen (1.4 meter) og driverhuset kjem i ein diskret svart-farge, med raude proppar.

Under øyrepluggane finn du ein kontroller for å blant anna skifte spor eller pause i musikk, med innebygd mikrofon. Eg skulle gjerne hatt eit volumhjul her, men det blei vel ein prioriteringssak om dei tok med det eller pauseknapp.

XPG gir deg ein del duppedittar å leike med.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

I eska er det eit eige etui for øyrepluggane, samt litt ekstrautstyr. Det følgjer med to adapter, eit for inngangspluggane på fly, og eitt 2-i-1-adapter, slik at du kan kople 3.5-millimeter-pluggen inn i både mikrofon- og lydutgang på datamaskinen.

Etuiet har nokre små lommer som har plass til alt, og er lite nok til at du fint kan ha det i lomma. Produsenten har sydd inn XPG-logoen på toppen òg, som ser ganske så flott ut.

I saman med alt dette ekstrautstyret, får du òg nokre gummideksel til sjølve pluggane i tre ulike storleikar. Det er kjekt å ha, slik at ein sikrar å få best mogleg passform for pluggen. Og det er nettopp komfort som er den store styrken til Emix I30. Etter litt tilvenning kjenner ein eigentleg ikkje noko til at dei er der i det heile, og det endrar seg ikkje sjølv over lengre bruksperiodar. Eg brukte dei i ein heil arbeidsdag, utan at eg merka noko ubehag.

Det einaste eg har å sette fingeren på når det kjem til komforten er den korte kabelen. Så lenge eg brukar øyreproppane med mobilen er 1.2 meter plenty, men viss ein skal sitte med ein stasjonær datamaskin ved sia av pulten, bør ein helst ha minimum halvannan meter. Det skjedde sjølvsagt at eg lente meg for langt vekk då eg var midt i ein spelsesjon, som resulterte at øyreproppane blei røska ut av øyret mitt. Slike overraskingar vil eg helst vere utan.

Lyd

Eg må innrømme at forventningane mine til I30 ikkje var spesielt store, så eg blei med ein gong positivt overraska då eg fyrte opp Spotify for å teste dei med skikkeleg musikk. Dei speler forholdsvis høgt, og leverer klar lyd. Eg varma opp med AC/DCs Whole Lotta Rosie, som blir presentert med relativt nøyaktige høg- og mellomfrekvensar, sjølv om lyden kan bli ein smule grumsete i dei lågare frekvensane.

Det blir verre med tyngre musikk. Svakheita i lågfrekvensane var særs klare då eg fyrte opp nokre låtar frå LANDMVRKS, metalcore-bandet eg har hatt på repeat dei siste vekene. Den djupe bassen og det kompliserte djent-lydbiletet blei alt for mykje for lydelementa i Emix I30. Det fungerer heilt ok, men ikkje meir.

Slik ser 3D-lyddriveren ut. Det fungerer, men kvaliteten burde vore langt betre.
Adata

Men spel er det som er mest spanande her. XPG meiner driveren deira skal gi skikkeleg 3D-lyd ved hjelp av simulert 5.2 surround. Simuleringa sikrar ein fin surroundeffekt, og ein mini-subwoofer står for ein tynn, men brukande bass.

Det første eg merka då eg opna betatesten til Call of Duty: Black Ops 4 var vanskelegheiter med å plassere kvar skot kom frå viss fienden var rett framfor eller bak meg. På sidene fungerer den simulerte 3D-lyden godt, og eg kunne høyre fotsteg på relativt lang avstand, men det var verre viss dei kom bak. Då måtte eg snu meg til sida for å kunne høyre kvar folk kom frå. Det seier seg sjølv at det ikkje blir heilt det store når kvart millisekund kan bety forskjellen mellom liv og død.

Den passive lyddempinga sørgar for at miljøet rundt meg blir redusert til ei låg surring, men driverane slit med lydbiletet i fleirspelarskytespel. Det er mykje som skjer på ein gong, og eg får meg ikkje til å ignorere at alt høyrest tynt og flatt ut. Eg kom meg gjennom eit par rundar Blackout med øyrepluggane i, men ikkje utan å sakne dei vanlege hovudtelefonane mine. Det er altså ikkje noko naturleg overgang her.

Eg sit igjen med det same inntrykket etter å ha brukt Emix I30 i både Counter-Strike: Global Offensive og Rainbow Six Siege, der sjølv stereohøgtalarane i skjermen min tente meg betre. Surroundeffekten blir difor relativt ubrukeleg i skytespel. Det skjer ofte at ein fiende kjem krypande bakfra, og det kjem ein rett og slett ikkje til å høyre med desse.

Men kva med einspelarar der eg ikkje er like avhengig av å høyre akkurat kvar fiendane er?

Eg fyrte opp Shadow of the Tomb Raider for å undersøke. Etter litt tusling i det eine landsbyområdet merka eg kor mykje 5.2-simuleringa gjer for å skape eit rikare lydbilete. Eg kunne plukke ut mange nyansar og detaljar som eg elles ikkje hadde lagt merke til med lydplanken som eg har brukt i gjennomspelinga mi. Derimot var det eit ganske stort problem her. Det heile høyrest litt ut som eg går rundt under vatn. Lydkvaliteten er naturleg nok svakare enn det ein får med vanlege hovudtelefonar, men eg hadde ikkje venta at det skulle bli så ille som dette. Sjølv om surround-lyden verka som den skal, var lydkvaliteten skikkeleg dårleg.

Mikrofon

Du må halde inne knappen her for å dempe lyden på mikrofonen. Det er ganske tungvint.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Lyden på mikrofonen er ikkje så mykje å skryte av, men den får jobben gjort. Til tross for litt skurring vil den fungere til telefonsamtalar og slikt. Eg trur du skal kunne kome unna med å bruke den på Discord òg, men den plukkar naturlegvis opp mykje støy rundt deg.

For å dempe lyden på mikrofonen må du halde inne knappen på kontrolleren, som er ganske tungvint. Det ville vore meir logisk å kunne skifte mellom modusane enn å halde inne, men du har i alle fall moglegheita.

Konklusjon

Mobilitet vil alltid vere eit stort pluss i mi bok. Eg ville ikkje tatt med HyperX Cloud Revolver-hovudtelefonane mine på tur, men eit par øyrepluggar eg kan ha i lomma og som fungerer like godt på mobil som på PC og konsoll, det blir noko anna.

Dessverre er ikkje desse øyrepluggane dei som gjer at eg skifter. Eg kan ikkje konkludere på spørsmålet i innleiinga basert på berre eitt sett av øyrepluggar, men viss eg no skulle gjort det, så hadde eg haldt meg unna desse. Gaminglyden er det me bryr oss om her på bruket, og den held ikkje mål.

Emix I30 gjer det den skal for å reprodusere musikk utan tung bass, men det meir komplekse lydbiletet ein får servert i spel blir for mykje for den vesle lyddriveren. Det blir uklart og gjørmete.

5.2-surround-effekten fungerer godt i tekniske demoar til Windows Sonic og Dolby Atmos, men i spel er det lite å rope hurra for. Desse er sikkert kjekke å ha viss ein drar mykje på LAN og ikkje vil drasse på tunge hovudtelefonar saman med den berbare gamingdatamaskinen, men då kan du like greitt kjøpe nokre andre øyrepluggar.

4
/10
A-Data XPG Emix I30
Greie til musikk og telefonbruk, men ikkje heilt det store i spel.
Støtte for alle plattformer med 3.5mm-jack
Behageleg i bruk, sjølv over lengre tid
Grei lyd til musikk med lite bass
Ekstra gummipluggar
Effektiv støyredusering
Kort kabel
Svak lydkvalitet i spel
Surround-effekten er ubrukeleg i spel der du treng presisjon
Upraktisk mute-knapp

Siste fra forsiden