The Last of Us får meir innhald

Naughty Dog vil støtte spelet med nytt fleirspelarinnhald ut året.

Sony Computer Entertainment

The Last of Us blei raskt eit av fjorårets aller største suksessar. Forventningane var skyhøge før Uncharted-studioets nye eventyr, og hos oss fekk det ståande applaus. Hovudfokuset i spelet er utan tvil historia om Joel og Ellie som må overleve i ei svært farleg verd. Spelet kom samtidig med ein fleirspelarmodus som fleire har mora seg med i det året som har gått etter lanseringa på Playstation 3 i fjor.

Om du er ein av dei, kan du sjå fram til meir innhald i løpet av årets siste halvår. Til Digital Spy har Arne Meyer frå Naughty Dog forklart at det er nytt innhald for fleirspelarmodusen på veg. Detaljar om kva det nye innhaldet vil by på har han ikkje sagt noko om, ved sidan av at du kan kjøpe det på tvers av både Playstation 3-versjonen og PlayStation 4-versjonen som snart har lansering. Den oppussa versjonen av spelet vil kome med alt ekstrainnhald som er lansert så langt.

Ferdige med historia

The Last of Us pressar siste dråe frå PlayStation 3-maskina.

Om du såg fram til ei fortsetjing på historia ser det altså ut til at du må smøre deg med tolmod til ein eventuell oppfølgjar blir kunngjort. Akkurat no er Naughty Dog i full sving med utviklinga av Uncharted 4, og det er The Last of Us-regissørane som står ved roret.

The Last of Us har fått berre eitt stykk ekstra historieinnhald i etterkant av lanseringa. I utvidinga Left Behind er det Ellie som er hovudpersonen, og utvidinga blandar både fortid og notid for å gi oss eit betre bilete av Ellie som person.

Om du lurer på korleis storspelet The Last of Us blei til bør du få med deg dokumentaren Naughty Dog skrudde saman for å vise fram utviklingsprosessen.

Siste fra forsiden