– The Last of Us kjem til PlayStation 4

Sony-representant hevdar storspelet får ny versjon på seinsommaren.

I løpet av PlayStation 3s fartstid har Naughty Dog vakse seg opp til å bli eit av Sonys viktigaste studio. Etter å ha skapt seriar som Crash Bandicoot og Jak & Daxter på PlayStation og PlayStation 3 hausta dei for alvor suksess med dei kritikarrosa og poulære spela i Uncharted-serien på PlayStation 3. I fjor lanserte dei det post-apokalypstiske og historietunge actionspelet The Last of Us, og atter ein gong var mottakinga svært positiv.

Vi veit allereie at Naughty Dog arbeider med eit nytt Uncharted-spel til PlayStation 4, men kva anna studioet jobbar med har vore ukjent. No kan det derimot sjå ut til at The Last of Us er på veg til PlayStation 4. I alle fall om vi skal tru Sonys Eurasiatiske manager Sercan Sulun.

Grunnspel med utviding

Dukkar The last of Us opp på PlayStation 4?

Via IGN får vi vite at han i eit intervju med tyrkiske CNN har avslørt at spelet er på veg til PlayStation 4 i løpet av sommaren:

«Vi har ikkje nokon informasjon om eit nytt The Last of Us-spel, men eg kan fortelje dette: Til sommaren vil The Last of Us hamne på PlayStation 4, både fysisk og digitalt. PlayStation 4-versjonen vil i tillegg inkludere utvidinga Left Behind.»

Sjølv om Sulun framstår ganske sikker i si sak vil ikkje Sony gå ut med ei offentleg kunngjering. I ein kommentar til Eurogamer har dei sagt følgjande:

«Vi har ikkje på noko tidspunkt kunngjort at The Last of Us kjem til PlayStation 4, og difor har vi ingenting å seie om det temaet.»

Sony brånektar altså ikkje for at The Last of Us er på veg til PlayStation 4, sjølv om dei på ingen måte stadfestar det heller.

Uavhengig av kva som skjer med The Last of Us på PlayStation 4 har Sony planar om å ta spelet vidare. Ein film basert på historia i spelet blir produsert av Evil Dead- og Spider-Man-regissør Sam Raimi.

Siste fra forsiden