Anmeldelse

The Club

Intens valdsglamour

Bizarre Creations er best kjende for blankpolerte bilar og svidd gummi. Det bør dei halde seg til.

Å utgi The Club er som å gjere blot til Jack Thompson. Det er ikkje berre suspekt i seg sjølv, men det gir meg kjensla av at jobben min, og det underholdningsmedium den er basert på, er veldig tvilsame greier. Dette er ikkje eit typisk skytespel. Det handlar ikkje om å utføre oppdrag for eit eller anna klientell. Her er det inga overhengande historie som pustar deg hest i nakken. Dette er eit skytespel forkledd som eit sportsspel. Her går det på rundar og tid. Kor mange kan du drepe før tida går ut?

Slik fungerer The Club

Vis større

Trailer: The Club

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • playstation 3
  • The Club


Du får velje mellom eit lite sortiment av sosiale utskot som ikkje er kompetente på andre felt enn dei som involverar drap. Etter å ha valt ein representant for dine blodige lyster, blir du kasta ut i det eine området etter det andre. Du startar i Tyskland, flyttar deg vidare til Venezia, og toget går vidare derifrå. Kvart område vil sende deg ut i kampar der alt handlar om å drepe så mange som mogleg. Dei enklaste scenarioa handlar om å skyte alle du kan inntil du finn utgangen. Det blir litt meir avansert når du skal drepe så mange du kan før tida går ut. «Høgdepunktet» kjem når du skal drepe så mange du kan innanfor tidsgrensa, utan å flytte deg utanfor dei markerte sonene. Gjer du det vil dine innplanta eksplosivar gå av som rakettar ved eit nytt år.

Det heile er litt som Battle Royale utan desperasjon. Du må halde deg innanfor grensene, og gjere som du får beskjed om. Det handlar om å drepe altså, sånn om du ikkje har forstått det. Drepe så mange du kan, slik at du kan få så mange poeng du kan. La oss sjå litt på korleis du får dette til.

Klar, ferdig, skyt!

Du startar kvart brett med eit enkelt våpen. Du får kjapt fleire, og ein fiende dør etter ei eller to kuler, avhengig av våpen. Du kan få tilgong på alt frå diverse automatvåpen, til rakettkastarar. Ofte har du litt dårleg tid, og i slike situasjonar gjeld det å flytte seg kjapt frå område til område. For å hjelpe til med dette, kan du bruke ein ryggknapp til å springe. Fart er viktig av fleire grunnar. Ikkje berre har du ofte dårleg tid, men du må samtidig gjere ditt beste for å sanke inn komboar. Desse får du ved å drepe fiendar (kva elles kunne det vere?). Skyt ein fiende, og kombometeret viser X1, skyt to, og det viser X2. Slik held du det gåande, og dess høgre kombo du har, di fleire poeng får du.

Kvar gong du har drepe ein fiende, og talet på kombometeret har stige eit hakk, vil metret samtidig byrje å tikke. Dette varslar at du må drepe ein ny fiende kjapt for å halde meteret oppe. Gjer du ikkje det tidsnok, vil meteret byrje å søkkje ganske kjapt, heilt til du er nede på null igjen. Med andre ord må ein drepe ganske mange fiendar i rask rekkefølgje for å halde komboane på tå hev. Om det ikkje skulle vere ein einaste fiende i nærleiken (skjer ikkje ofte), kan du i tillegg skyte små skilt for å halde meteret oppe medan du spring. Ikkje at det er rikeleg med desse skilta, men dei reddar poengsummen din ein og anna gong.

For å drepe alle fiendane må du sjølvsagt ta i bruk ei rekke forskjellege våpen, men her har det faktisk svært lite å seie kva du vel å bruke. Med unntak av våpen som rakettkastaren, oppfører dei seg temmeleg likt. Sidan ein fiende lett dør etter ei eller to kuler, vil det ikkje ha mykje å seie kor kraftig våpenet ditt er. Det som er viktig, er å ha stort magasin. Noko av det verste som kan skje, er at du må lade magasinet midt i ein konfrontasjon. Helsa di går nedover, og det gjer kombometeret òg. Dette skjer sjølvsagt alltid på dei mest håplause tidspunkt, og då endar opp med fiendar som kjem heilt opp til deg og slår mot deg. Noko som viser spelet frå ei ikkje heilt positiv side. Det blir kjapt vanskeleg å vinkle seg riktig veg mot fienden, og du sløsar bort mykje tid.

Hjelp til sjølvhjelp

Sidan du må skyte frykteleg mange folk, vil dette sjølvsagt seie at dei vil skyte på deg samtidig. Ein naturleg konsekvens av dette er at helsa di tidvis går nedover ganske kjapt. Særleg om du skulle bli møtt av ein mann med rakettar og ein med mitraljøse. Det svir litt. Heldigvis finn vi helsepakkar plassert rundt omkring, og desse dukkar opp igjen temmeleg kjapt etter at du har plukka dei opp. Helsepakkar er kanskje eit gufs frå fortida, men dei kjem godt med i mange situasjonar. Visse brett praktisk talt låser deg til svært små område, og då er det til stor hjelp å kunne plukke opp ei slik pakke kvar gong du syng på det aller siste verset i songboka.

The Club er eit racingspel innpakka i kuler. Dette er eigentleg eit interessant konsept, sjølv om det hentar mykje inspirasjon frå lyspistolspel. Det positive er at ein lett kan bli hekta. Det er lett å bli besett av å få enda høgre poengsum, akkurat som med eit typisk racingspel. Utfordringa er at ein gjerne må ha alt godt tilrettelagt for å få det rette engasjementet. Du må ha kule våpen og gode utfordringa, men viktigast av alt er banene. Desse vere av ypparste kvalitet for at ein skal gidde å bry seg i lengda, og det er akkurat her The Club sviktar.

Dette er eigentleg litt pussig sidan Bizarre Creations burde ha nok erfaring frå Project Gotham Racing-serien til å kunne skru saman gode løyper. Vi finn riktig nok ein del engasjerande baner i spelet, men alt for mange er for rotete oppbygd. Om du verkeleg set deg inn i spelet, vil du lære deg banene utanåt, men du må ha litt positiv støtte for å nå så langt. Problemet med mange av banene i The Club er at dei kan vere veldig forvirrande. Du veit ikkje kvar du skal gå, og du rotar deg bort i avkrokar heilt tomme for fiendar. Dette er fullstendig krise sidan du er avhengig av å flytte deg kjapt frå stad til stad, medan du skyt fiendar.

Du vil finne skilt her og der som peikar deg i riktig retning, men desse er ikkje alltid like lette å få auge på, og du ser dei gjerne ikkje før det er hakket for seint. Mange område består av fleirfaldige gangar og avvegar som ser heilt like ut. Du endar opp med å springe rundt i ring, og blir berre oppgitt og frustrert. Du har det moro medan du skyt, men det er nettopp det du vil gjere; skyte, ikkje leite etter riktig veg å gå.

Kjapp underhaldning

Dei forskjellege bretta tek veldig kort tid å gå gjennom, men dette er meininga. Poenget er å gjere mest mogleg på kortast mogleg tid. Du blir likevel raskt metta. Spelet fungerar veldig bra om du spelar eitt eller to brett, men utover det blir det raskt kjedeleg. Når du har spel gjennom heile turneringa spelet er lagt opp etter, er det heller ikkje mykje som fristar deg til å gå tilbake. Du kan velje mellom fleire forskjellege karakterar (nokre må låses opp), men det er ikkje nok skilnad mellom desse karane til at det er verdt å spele gjennom meir enn ein gong, med mindre du er fast bestemt på å auke poengsummen din.

Det er tydeleg lagt opp til at du heller skal kaste deg ut på nettet for å kjempe mot andre. The Club inneheld ein solid bunke kart, og nokre modusar som overlet lite til fantasien. I essensen fungerar det heilt greitt, men når ein spelar mot reelle spelarar, viser kontrollsystemet seg kjapt som upresist, og kuler som burde treffe fienden sidan siktet er raudt, hamnar heller på veggen bak. Karta overbeviser heller ikkje, og er for det meste gjenbruk frå einspelarmodusen. Det største problemet er likevel den katastrofale mangelen på tilgjengelege spel. Lista er kanskje lang, men når det som ofte møter deg, er ein beskjed om at du ikkje kan kople til spelet, eller at spelet ikkje eksisterar lenger, då er det lett til å heller ty til andre alternativ der slike problem er sjeldan vare.

The Club er heilt tydeleg meint som eit «kult» spel. Alt frå designen på menyar, til korleis dei forskjellege personane ser ut, er som henta ut av Fight Club på syre. Vi finn den muskuløse muskelbunten frå Afrika, ein psykopat med dreadlocks, den russiske mastodonten og ein pokerglad mann i kvit dress. Det er ingenting å seie på klisjeane, men det blir likevel ganske blodfattig. Det spelar lita rolle kor mykje du får høyre om kor brutalt du blir sprengt i lufta om du ikkje leverer varene. Det blir ganske tamt. Den stereotypiske musikken gjer heller ikkje stort for å heve spelet. Den fungerar heilt greitt, men vi har høyrt slike elektro-industrielle tonar mange gangar før, i betre variantar.

Konklusjon

The Club er eigentleg eit veldig pussig spel. Alt ligg til rette for at du skal kunne ha det skikkeleg moro, men etter nokre timar byrjar du verkeleg å kjede deg. Det spelar inga rolle kor mange forskjellege baner spelet byr på, eller kor mange spelvariantar du får kasta i trynet. Det blir dessverre for einsarta i lengda, og det einaste som gir deg motivasjon til å halde fram er draumen om ein høgre poengsum. Det må seiast at akkurat dette aspektet ved spelet nok vil kunne engasjere ein del spelarar, men det er heller tvilsamt om det vil vare særleg lenger.

Det er mykje som kunne ha vore betre med The Club, og om bretta hadde vore litt mindre rotete, hadde det hatt mykje å sei. Eit våpenarsenal der utvalet faktisk har noko å seie, er heller ikkje å forakte. The Club fungerar glimrande i små doser, men det held ikkje i lengda.

Siste fra forsiden