Anmeldelse

The Lord of the Rings: The Third Age

GameBoy Advance-versjonen av EA sitt siste Ringenes Herre-baserte spill framstår som ei litt billig klone av Fire Emblem.

Det er kanskje greit at Electronic Arts prøvar ut nye ting for tida, for enda eit eventyrspel i tredjeperson hadde kanskje blitt i meste laget. Det vi får her, er i motsetning til spelet med same namn til Xbox, PlayStation 2 og GameCube, eit turbasert strategispel i same gate som Fire Emblem. Ikkje ta det som ein spesielt god ting. The Third Age er eit hailt spel som kan underhalde til ei viss grad, men det manglar nokre vesentlege ting frå å bli heilt verdt tida det krev.

The Third Age blir veldig krevande veldig fort. Det gir deg ikkje heilt tid til å setje deg inn i systemet før du finn ut at du er død. The Third Age brukar heltar der dei kan, og desse er sjølvsagt henta rett ut av filmane. Heltane sin posisjon, i tillegg til å vere habile krigarar, er at dei kan kaste bonusar på krigarane sine, og kor gode ledarar dei er vil avgjere kor mange gongar du kan flytte i løpet av turen din. Dette er eigentleg det første steget som viser at The Third Age ikkje heilt er det ein skulle ønske. Det er ein fin ide, men når antalet gongar du kan flytte soldatar varierar mellom null og fire, og ofte meir for fienden, seier det seg sjølv at det blir vanskeleg å akseptere at dette spelet er balansert.

Basert på tilfeldigheiter Karta er ofte ganske store, og er delt inn i tre flanker. Kvar av desse flankane kan ha ein helt, men det er ikkje alltid du får bruke så pass mange. Spelet informerar deg om at det på visse brett kan vere lurt med ein sterk ledar, i staden for ein god krigar, men dette blir eigentleg ganske overfladisk. Om du brukar ein helt som er ein god krigar, men kun kan flytte ein til to gongar per runde, eller ein helt som er god ledar og kan flytte null til fire gongar per runde, blir det lett å foretrekker krigaren. Der kan du i alle fall gjere minst ein ting i runda, pluss at han er sterkare i kamp. Det endar opp som eit spel som baserar seg meir på flaks enn på faktisk strategi, noko som ikkje akkurat er positivt for eit strategispel.

Kva gjer du når fire ringskrømt kjem stormande mot deg, får bonusrunder og slår deg ned ein etter ein? Du får ikkje gjort noko, for du fekk kun flytte ein gong denne turen. Neste tur går det kanskje betre, men nei. Denne gongen fikk du også kun flytte ein gong, noko som blir eit dilemma. Ringskrømta kan plukke ned ein og ein av dine folk, utan at du får trekt dei tilbake, eller sendt inn forsterkningar før det er for seint. Tilfeldigheiter kan vere eit helvete, og her er det større enn vanleg. Sjølv om du har mange fleire folk enn fienden, får fienden flytte oftare enn deg. Sjølv om du har Midgar sine beste krigarar på laget ditt, og du kun kjempar mot usle orkar, får fienden flytte oftare enn deg. Det følest berre feil, det blir ikkje riktig når du har ti folk, men kun får bruke to.

Langt og kjedeleg Du kan aldri legge ein slagplan heller, for du anar ikkje kva du vil få lov til å gjere. Akkurat dette kunne ha blitt gjort litt mindre irriterande om karakterane kunne slå tilbake når dei blei angripne. Eller i alle fall at sjansen var der. Slik det er no endar det berre opp med at kampane tar frykteleg lang tid allereie frå dei første oppdraga. Du føler du har eit kort og engasjerande slag foran deg, men endar opp med noko som berre drar ut tida, og får deg til å tenke på andre ting du heller vil gjere.

Eit anna problem som raskt oppstår, er den mørke grafikken. Det er ei truverdig gjenskaping av Ringenes Herre-universet, men sidan det blir grumsete og mørkt, blir mange figurar vanskeleg å sjå. Det hender ganske ofte at du ikkje oppdagar figurar du sjølv kan kontrollere, fordi dei er plassert under eit tre, eller ved sida av andre gjenstandar i terrenget som har akkurat same farge. I denne typen spel er du absolutt avhengig av å vite kvar alle folka dine er til ei kvar tid, men når pen grafikk går så til dei grader på bekostning av spelbarheit som det gjer her, blir det umogleg. Musikken og lyden er den delen av spelet som fungerar best. Det er finfine versjonar av kjende melodiar, og det set ei god stemning.

Konklusjon The Lord of the Rings: The Third Age har lest instruksjonsboka til klassiske turbaserte strategispel, men har totalt misforstått kva som gjer andre spel bra. Ein fin presentasjon lurer deg til å tru at det er noko å underhalde seg med her, men sannheita er at det er eit hult og fullstendig unødvendig spel. Er det eit strategispel til GameBoy Advance du vil ha, bør du mykje heller kjøpe Fire Emblem eller Advance Wars. The Third Age er eit godt eksempel på spel som blir vanskelege fordi fokus har vore på heilt andre ting enn spelbarheit. Kva hjelper det med pen grafikk som held seg trufast mot filmane når det i praksis betyr at du ikkje ser folka dine? Akkurat denne delen av Ringenes Herre-sagaen er det nok best å styre langt unna.

Siste fra forsiden