Anmeldelse

The Lord of the Rings: The Third Age

Som for å understreke at nokre gode år med flotte filmar, og mange biprodukt endeleg er over, kjem Electronic Arts med eit litt anna spel enn kva vi har sett før.

Side 1
Side 2

Litt anna vinkling, takk Kva om denne gruppa sette ut frå ein heilt anna stad i Midgard, og opplevde historia frå ein anna vinkel? Då kunne dette faktisk blitt interessant. Om vi hadde unngått det som følest som repetisjon av alt vi har sett på film, og lest om, ville det nok bli mykje meir underhaldande. I staden følest det som å springe i fotspora til brorskapet, og alltid vere nummer to. Du kunne like godt spelt som det ekte brorskapet. Ganske ofte i løpet av spelet får du tilbod om å sjå "episke scener frå Midgard", og kva er dette? Jo, klipp frå filmane vi alle har sett hundre gongar før, berre med Ian McKellen som snakkar til deg om kva som har skjedd, og kva du bør gjere framover. Ganske unødvendig dette og.

Ein anna ting som gjer The Third Age litt tamt er at du kun gjer to ting. Enten er du i kamp, eller så spring du rundt og ventar på kamp. For å seie det slik: Du spring fram og tilbake mellom slagsmål og historiesekvensar. Det er ingen byar å besøke. Du kan ikkje spasere rundt i Rivendell på eiga hand og snakke med alvar om veret, for å ta eit eksempel. Dette er med på å gjere The Third Age til noko som følest som eit ikkje heilt verdig rollespel. Det gjer veldig mange ting identiske med andre liknande spel, men gløymer det viktigaste; interaksjon med andre, og sjel. Du får aldri tid til å roe ned, sjå gjennom kva butikkane har å tilby, eller snakke med folk for å kanskje finne eit lite minispel.

Det einaste du finn av minispel her er å kunne spele som dei mørke maktene. Det høyrest kanskje kult ut, men det er gjennomført på ein frykteleg billig måte. Det går i heilheit ut på å gjenta kampar du har vore igjennom, men denne gong skal du krige mot heltane. Vinn du, får du nytt utstyr heltane kan bruke utover i eventyret. Alt anna du får av utstyr finn du enten i skattekister, eller du får det frå fienden etter ein kamp.

Variabel grafikk Sjølv om dette er eit spel med enorme produksjonsveridar, er det eit par ting som har gått frykteleg gale. Det er vanskeleg å få menneske til å sjå bra ut. Når du brukar så pass realistisk grafikk som EA gjer her, ser det forferdeleg ut når ansikta er totalt blotta for følelsar. Idrial ser ut som om har tatt botox heile livet, og er kanskje den minst karismatiske alven eg nokon gong har sett. Det verste er likevel når du spring rundt i dei forskjellige områda. Du kan velje kven av karakterane du vil sjå, og eg vil oppfordre deg til å skifte til dvergen. Alle andre ser ut som om dei lid av ein forferdeleg sjukdom. Berethor ser ut som om han har blitt skambanka og fått nakkesleng.

Når det er sagt både ser og høyrest The Third Age heilt fantastisk ut. Områda frå filmane er truverdig gjenskapt, og detaljane er for det meste sylskarpe. Spesielt må ein trekke fram Balrogen som eit eksempel på korleis grafikk kan gjerast. Måten røyken og ilden fossar ut av kroppen hans er ingenting anna enn spektakulært. Du trur nesten du er i filmen i lita stund. Det same gjeld lyden, både musikk og lydeffekter er henta ut frå filmen på ein svært bra måte. Alt gir frå seg dei lydane ein forventar, og musikken er sjølvsagt strålande. Det har også blitt gjort ein god jobb i å legge til lydar på forskjellige ting som ikkje er med i filmane, som til dømes forskjellige spesialtriks dei forskjellige karakterane har i ermet. Det er overbevisande og profft gjort, og passar godt inn blandt alt det vi kjenner igjen frå før.

Konklusjon Det kan diskuterast at dette er eit spel for beinharde Ringenes Herre-tilhengjarar, men å hevde dette vil eg påstå er å totalt undervurdere denne ganske dominante gruppa av samfunnet. Eg tør påstå at folk har betre kritisk sans enn dette, og heller ser dette spelet for kva det er; eit meiningslaust forsøk på å innkassere enda litt meir frå filmane før det er for seint. Det er ikkje eit elendig spel, men du opplev aldri noko som hevar det over middelmådig. Det er eit typisk spel med intensjonar å halde deg sitjande i opp mot førti timar, men aldri gjer seg fortent til det. Dei tre versjonane av spelet er praktisk talt identiske, med unntak av at Xbox-versjonen har hakket betre grafikk. Om du er på desperat jakt etter litt meiningslaus underhaldning, vil du nok finne det her, men du skal vite at Tolkien vrir seg i grava akkurat no.

Skjermbildene i denne anmeldelsen er offisielle Xbox-skjermbilder levert av Electronic Arts.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden