The Lord of the Rings: The Third Age

I Lord of the Rings: The Third Age følger vi ei gruppe eventyrarar som det i starten kan vere litt vanskeleg å forstå poenget med. Kven er denne gjengen? Kva er det dei driv med? Og kva er eigentleg poenget med dette spelet i det heile tatt? Du skjønar, dette er brorskap nummer to. Gruppa vi aldri fekk sjå, men som alltid var der. Du vil springe rundt i Minene i Moria, kjempe mot troll, og sjå Gandalf kjefte på ein ildsinna Balrog i bakgrunnen. Ikkje så lenge etter får du kjempe mot demonen sjølv. Det heile følest litt suspekt. Kvifor lage ei ny gruppe med folk absolutt ingen har noko forhold til, i ei verd mange har eit sterkt forhold til? Kvifor lage eit så pass frekt forsøk på å omskrive heile sagaen om ringen? Brorskapet var tydelegvis aldri aleine.

Du byrjar som den Gondorske krigaren Benethor. Ganske raskt møter han alvekvinna Idrial. Allereie her osar det ei sterk eim av at visse folk kanskje har spelt Final Fantasy X litt for mykje. For det første spring du rundt i nøyaktig same stil som i Final Fantasy X. Områda du bevegar deg gjennom er veldig lineære, og eit lite kart, som minnar veldig om kartet i Final Fantasy X, viser kvar du er er til ei kvar tid. Dette er forsåvidt greit nok, men det er først i kamp dei verkeleg store likheitene viser seg.

Tydeleg inspirasjonskjelde
The Lord of the Rings: The Third Age nyttar eit turbasert kampsystem. Alle angrip etter tur, og ei liste på høgre side av skjermen vil vise kven som kan angripe neste gong. Sjølvsagt har du mange forkjellige ferdigheiter du kan bruke for å tippe skåla i din favør. Blandt anna kan du kaste søvn på fiendane, øydelegge beskyttelsen deira, eller senke farten deira slik at du kan angripe fleire gongar enn fienden. Sjølv om det ikkje er spesielt nyskapande er det eit prøvd og testa system som fungerar veldig bra. Noko som er ein stor fordel sidan det du kjem til å bruke mesteparten av tida di på i dette spelet er å slakte orkar og anna avskum.

I kjend rollespel-stil har du all informasjon nederst på skjermen. Til høgre kan du sjå kor god helse du har, og kor mange poeng du har til rådigheit for å bruke spesielle ferdigheiter. På venstre side av skjermen har du forskjellige kommandoar, og det er veldig lett å bla mellom desse for å finne ut kva ein skal bruke neste gong. På toppen av skjermen dukkar det opp informasjon om kva forskjellige ting gjer, noko som er veldig positiv sidan ein del gjenstandar har namn som ikkje akkurat fortel mykje om kva innhaldet er godt for. Ein anna praktisk funksjon er at du kan skifte ut folk i kamp når som helst. Går du tom får helbredande gjenstandar, og nokon nærmar seg døden, kan du berre skifte dei ut.

I tillegg til dette har du superangrep du kan benytte deg av når ting byrjar å sjå ille ut. Du kan sei dette er The Third Age sin versjon av Final Fantasy-seriens summons. Eit meter bygger seg opp gjennom kampar, og når det er fullt kan du til dømes sende ei volly av piler mot fienden, eller påkalle ei ente for å slå frå seg litt. Desse kan redde deg frå nokre av dei største kampane, men det er få gonger du faktisk får bruk for dei. Som regel er det veldig enkle kampar, og det er veldig sjeldan du i det heile tatt treng å helbrede gruppa di. Du endar opp med eit arsenal av gjenstandar du aldri får bruk for, og om helsa byrjar å bli skral, kan du vere sikker på at du går opp i erfaringsnivå før det blir for kritisk.

Halvhjerta erfaringssystem
Når du går opp i erfaringsnivå får du poeng du kan fordele på atributtane dine. Dette er eit greit tiltak for at du kan finjustere karakterane etter dine eigen smak, men dessverre har det minimalt å sei kva du veljer å gjere. Karakterane blir uansett kraftigare når du går opp i nivå (noko som skjer kanskje litt for ofte), og ferdigheitene du etter kvart får tilgang på gir etter kvart så mykje skade at atributtar blir meiningslause. Dei forskjellige ferdigheitene du kan bruke er eigentleg ganske tøffe, men ber preg av at kvar gong du får noko nytt, kan du gløyme det du allereie har. Du får nye ved å bruke dei du allereie har, og dette endar opp med at du kun bruker ferdigheitene dine, og aldri vanlege angrep. Det er ikkje noko problem med dette heller, for sjølv om desse krev si dose poeng, har du alltid nok å ta av.

Grunnen til at The Lord of the Rings: The Third Age følest som eit fullstendig unødvendig produkt er att det er eit hult og tomt spel fullstendig utan sjel. Hadde det vore ei eiga fantasiverd Electronic Arts hadde brukt, hadde dette spelet kun vore eit pent spel utan innhald. Historia er direkte tåpeleg. Du treng ikkje ha eit stort forhold til bøkene eller filmane før du byrjar å skjere grimasar, fnyse og føle eit enormt ubehag ved kvar lille vending i historia. Eg følte nærmast for å kaste opp når alvekvinna brått kyssa Berethor lett på munnen. Treng vi fleire romantiske forhold mellom mann og alv? Det endar opp med at du ikkje bryr deg om karakterane. Dei er som hule karikaturar av alt du finn i filmane. Dei oppfører seg som kopiar av legender, og dei er like uttrykksfulle som gullfisk.

Litt anna vinkling, takk
Kva om denne gruppa sette ut frå ein heilt anna stad i Midgard, og opplevde historia frå ein anna vinkel? Då kunne dette faktisk blitt interessant. Om vi hadde unngått det som følest som repetisjon av alt vi har sett på film, og lest om, ville det nok bli mykje meir underhaldande. I staden følest det som å springe i fotspora til brorskapet, og alltid vere nummer to. Du kunne like godt spelt som det ekte brorskapet. Ganske ofte i løpet av spelet får du tilbod om å sjå "episke scener frå Midgard", og kva er dette? Jo, klipp frå filmane vi alle har sett hundre gongar før, berre med Ian McKellen som snakkar til deg om kva som har skjedd, og kva du bør gjere framover. Ganske unødvendig dette og.

Ein anna ting som gjer The Third Age litt tamt er at du kun gjer to ting. Enten er du i kamp, eller så spring du rundt og ventar på kamp. For å seie det slik: Du spring fram og tilbake mellom slagsmål og historiesekvensar. Det er ingen byar å besøke. Du kan ikkje spasere rundt i Rivendell på eiga hand og snakke med alvar om veret, for å ta eit eksempel. Dette er med på å gjere The Third Age til noko som følest som eit ikkje heilt verdig rollespel. Det gjer veldig mange ting identiske med andre liknande spel, men gløymer det viktigaste; interaksjon med andre, og sjel. Du får aldri tid til å roe ned, sjå gjennom kva butikkane har å tilby, eller snakke med folk for å kanskje finne eit lite minispel.

Det einaste du finn av minispel her er å kunne spele som dei mørke maktene. Det høyrest kanskje kult ut, men det er gjennomført på ein frykteleg billig måte. Det går i heilheit ut på å gjenta kampar du har vore igjennom, men denne gong skal du krige mot heltane. Vinn du, får du nytt utstyr heltane kan bruke utover i eventyret. Alt anna du får av utstyr finn du enten i skattekister, eller du får det frå fienden etter ein kamp.

Variabel grafikk
Sjølv om dette er eit spel med enorme produksjonsveridar, er det eit par ting som har gått frykteleg gale. Det er vanskeleg å få menneske til å sjå bra ut. Når du brukar så pass realistisk grafikk som EA gjer her, ser det forferdeleg ut når ansikta er totalt blotta for følelsar. Idrial ser ut som om har tatt botox heile livet, og er kanskje den minst karismatiske alven eg nokon gong har sett. Det verste er likevel når du spring rundt i dei forskjellige områda. Du kan velje kven av karakterane du vil sjå, og eg vil oppfordre deg til å skifte til dvergen. Alle andre ser ut som om dei lid av ein forferdeleg sjukdom. Berethor ser ut som om han har blitt skambanka og fått nakkesleng.

Når det er sagt både ser og høyrest The Third Age heilt fantastisk ut. Områda frå filmane er truverdig gjenskapt, og detaljane er for det meste sylskarpe. Spesielt må ein trekke fram Balrogen som eit eksempel på korleis grafikk kan gjerast. Måten røyken og ilden fossar ut av kroppen hans er ingenting anna enn spektakulært. Du trur nesten du er i filmen i lita stund. Det same gjeld lyden, både musikk og lydeffekter er henta ut frå filmen på ein svært bra måte. Alt gir frå seg dei lydane ein forventar, og musikken er sjølvsagt strålande. Det har også blitt gjort ein god jobb i å legge til lydar på forskjellige ting som ikkje er med i filmane, som til dømes forskjellige spesialtriks dei forskjellige karakterane har i ermet. Det er overbevisande og profft gjort, og passar godt inn blandt alt det vi kjenner igjen frå før.

Konklusjon
Det kan diskuterast at dette er eit spel for beinharde Ringenes Herre-tilhengjarar, men å hevde dette vil eg påstå er å totalt undervurdere denne ganske dominante gruppa av samfunnet. Eg tør påstå at folk har betre kritisk sans enn dette, og heller ser dette spelet for kva det er; eit meiningslaust forsøk på å innkassere enda litt meir frå filmane før det er for seint. Det er ikkje eit elendig spel, men du opplev aldri noko som hevar det over middelmådig. Det er eit typisk spel med intensjonar å halde deg sitjande i opp mot førti timar, men aldri gjer seg fortent til det. Dei tre versjonane av spelet er praktisk talt identiske, med unntak av at Xbox-versjonen har hakket betre grafikk. Om du er på desperat jakt etter litt meiningslaus underhaldning, vil du nok finne det her, men du skal vite at Tolkien vrir seg i grava akkurat no.

Skjermbildene i denne anmeldelsen er offisielle Xbox-skjermbilder levert av Electronic Arts.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen